Umeå og Luleå

Gårsdagen frå Sogn til Sundsvall vart i det lengste laget. Etappen i dag var å køyre opp til den nordlege delen av Botnvika. Etter frukost sette vi avgårde nordover med eit første ladestopp i på Ionity i Docksta. Frisk gåtur rundt staden medan bilen fekk påfyll.

Turen heldt fram nordover. Vi kom til at Umeå ville vi å ta ein nærare titt på. På returen frå nord i 2023 overnatta eg på eit Scandic-hotell der. Vi passerte det på veg inn i Umeå. Vi køyrde rundt om i byen og tok også turen ut til ferjekaien der du kan ta ferja til Vasa i Finland. Appetitten auka og klokka var nær lunsj. Vi fann ein Circkle K der både vi og bilen fekk påfyll av energi.

Under lunsjen sjekka vi kor vi skulle overnatte og kom til at Luleå var innafor akseptabel køyretid. Turen nordover passerte mange stadar eg passerte på returen i 2023. For meg vekka det mange gode minner. Vi sikta oss inn på eit Scandic-hotell i utkanten av Luleå og rulla inn på parkeringsplassen rett over kl 15. I høve dagen før vart dette ein kort køyredag.

Etter å ha kvilt litt, hadde vi god tid til å sjå oss om. Dessverre var ikkje videokamera med oss på desse lokalturane. Vi vitja mellom anna gamlebyen og ymse andre stadar i Luleå og området rundt. På kvelden vart det også ein gåtur rundt vatnet ved hotellet. Her var det eit yrande fugleliv.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.