Gjennom Härjedalen til Sundsvall

Vi satsa på ein tidleg ferietur frå midten og ut mai. Den opprinnelege planen var å køyre Sognefjellet til Trondheim og opp gjennom E45 i midten av Sverige og ta for seg dei nordlegaste delene av landet. Med andre ord Troms og Finnmark. Veret vart kaldt og Noreg var ute i ein langvarande hotellstreik. Vi kunne fort slå fast at Sognefjellet ikkje var staden å køyre på sommardekk. I tillegg såg vi at hotella aust for Hammerfest ikkje var råka av streik. Samla førte dette til at vi valde å reise austover på lågare liggande fjellovergangar og ta oss opp langs Botnvika og køyre heilt aust i Noreg. Med andre ord snudde vi turen pga veret og at vi trudde at streiken som råka hotella ville vere over til vi kom vestom Hammerfest.

Første etappe var å køyre Fillefjell til Fagernes og Aurdal. Det sludda i høgda, men sidan vegbana var varm og hadde vore det i lengre tid, la ikkje snøen seg i vegbana. Transportetappen austover gjekk greitt og vi stoppa på Kiwi i Aurdal for å handle litt med oss før vi heldt fram til Gjøvik og enda opp med eit lengre ladestopp i Elverum. Veret på turen hadde hittil ikkje vore mykje å skryte av.

Frå Elverum følgde vi vegen mot Trysil, og passe på å ta av slik at vi kom oss inn i Härjedalen. Dette er eit høgareliggande område i Sverige. Vegene mot Sveg, senteret i Härjedalen, var av den svingete typen. Fasinerande omgivnadar og det vart nok eit stopp i Sveg for både middag og lading av bilen. Vi titta også på den store treskulpturen av ein bjørn. Det skal visst vere den høgste treskulpturen på 13 meter. Når det gjeld kunst, kan ein vel ikkje stille spørsmålet om kvifor noko slikt vart laga?

Turen hadde allereie vore lang, men vi satsa på å kome oss til Sundsvall for å ha eit godt startpunkt for dagen etter. Veret letta også etterkvart som vi kom austover. Vi konkluderte med at dagsetappen hadde vore i litt av det lengste laget. Kommande dagar ville vi satse på kortare køyreetappar. Med unntak av ein dag gjekk det rimeleg greitt, men totalt klokka bilen inn 7 500 km på 14 dagar.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.