Tur: Stavsete

Stavsete er den innerste stølen i Huks-/Grindsdalen. Etter kraftverkbygginga er det grei grusvegstandard i Huksdalen. Dei fleste type bilar skal kunne kome seg fram til området der elva Nyastøla renn ned i Stavseta. Herifrå følgjer du vegen langs elva Stavseta ca 2 km nordover. Turen har slak stigning.

Kik gjerne bortom bekkainntaket på vegen fram. Når du nærmar deg toppen på vegen, vil du sjå Stavsete, framme på høgre side. Gå ut av vegen og sikt deg inn på den vesle brua som let deg tørrskodd kryssa elva Reppa. Stavsete ligg i eit ope området under mellom anna Stav og Kaldekletten.

Går du i norvestleg retning opp på Stavafjellet kan du følgje den smale egga over på nordspissen av Stav. Etterpå kan du halde fram til sydspissen for å gå nedover til Fjærlandsfjorden langs Troeggi, forbi Vassvarden og ned til stølsområdet på Daurmalhaug og Skare for til slutt passere forbi garden Ruud og huset på Flætene og ende opp på Hella ferjekai.

Spasserer du i nordleg retning, med Stavsete i rygg, kan du halde fram mot Skar på ca 1.000 moh. Det blir ei rimeleg slak stigning frå Stavsete som ligg på ca 775 moh. Frå Skar kan du gå til Øvre Rommedal, som ligg på same høgd som Stavsete. Øvre Rommedal høyrer faktisk til gamle Leikanger kommune. Frå Øvre Rommedal skal det vere ein sti som endar nede ved Fjærlandsfjorden på Romøyri.

Eit alternativ vere å gå tilbake mot Nyastølen. Brua litt i aust/søraustleg retning frå stølsområdet. Om du ser mot Kaldekletten og Kjeringafjell, vil du kunne sjå brua. Etter at du har kome deg over Stavsete, må du opp litt for å kome over Bleiehaug, under Kaldekletten. Frå Nyastølen kjem du ned att til utgongspunktet for turen.

Når ein først har kryssa elva Stavseta, vil det vere mogleg å koma seg opp på Kaldekletten og følgje Friksdaleggi opp mot Vogge- og Myrdalsbreen. Her når du 1.543 moh på Skarholten, som ligg til vest for Myrdals- og Voggebreen. Vil du høgare skal det vere mogleg å gå frå Skarholten mot den gamle 3-punktgrensa mellom Balestrand, Sogndal og Leikanger, frå den tida Fjærland høyrde til Balestrand. Her vil du stå på det høgaste punktet i gamle Leikanger kommune på 1.604 moh, nesten 300 høgdemeter over Kjeringafjell.

Turen til Stavsete er delt i to deler:

  1. Etter vegen inn Huksdalen
  2. Stavsete

Tur: Nyastølen

Nyastølen er den første stølen du kan kome til etter å følgt vegen på Huke-sida nesten til endes. Etter kraftverkbygginga er det grei grusvegstandard i Huksdalen. Dei fleste type bilar skal kunne kome seg fram. Over elva, i aust, ser du nordlegaste ryggen av Kjeringafjell. Ved foten ligg Nyastølen. Opp dit er det ein tur som tilsvarar turen frå sentrumsplassen Borgaren til Syril stadion.

Du kryssar over brua og følgjer vegen som stig kraftig oppover lia, forbi eit par bekkeinntak til kraftverket. Vegen stig kraftig i starten. Det er viktig å ikkje gå for hardt ut. Når vegen svingar til høgre, vert stigninga etter kvart redusert. Før neste sving passerer du tregrensa og kan lett speide ut over dalen og ned til fjorden. Det er berre att eit par hundre meter att før du står på stølsbøen.

Bak ruvar Kjeringafjell og bak til venstre (nordaustleg) retning stig Kaldekletten. Mellom desse ligg Eitrebotn som du kan følgje inn og i enden gå i sørleg retning opp på Kjeringafjell. Eg trur det skal gå rimeleg greitt å gå rett opp sida på Kjeringafjell for å kome opp på vestre del. Det er bratt sidan ein må forsere meir enn 600 høgdemeter på relativ kort distanse. Ein vil nok merke det i beina. Det kan vere like greitt å ta nedturen via Eitrebotn etterpå.

Snur du ryggen til Kjeringafjell og ser i vestleg retning vil du sjå øvre del av Gildal. I enden ser du austre del av ryggen til Hest. Vender du gradvis mot nord ser du Sauaholten og vidare nordspissen på Stav og Stavafjellet. Under ligg Stavsete, litt høgare enn Nyastølen. Eit rundtur i Huksdalen utan for mange høgdemeter er å gå vidare nordover under Bleiehaug, ryggen som går opp til Kaldekletten, i retning Stavsete og følgje dalen heim att frå Stavsete.

Eit anna alternativ til dei som vil opp i høgda er å gå opp på Kaldekletten og følgje Friksdaleggi opp mot Vogge- og Myrdalsbreen. Her når du 1.504 moh på Skarholten, som ligg til vest for Myrdalsbreen. Vil du høgare skal det vere mogleg å gå nordover frå Skarholten mot den gamle 3-punktgrensa mellom Balestrand, Sogndal og Leikanger, frå den tida Fjærland høyrde til Balestrand. Her vil du stå på det høgaste punktet i Leikanger kommune på 1.604 moh, eller nesten 300 høgdemeter over Kjeringafjell.

Turen til Nyastølen er delt i to deler:

  1. Etter vegen inn Huksdalen
  2. Nyastølen
nyatølen_wide

Tur: Huksdalen

Huksdalen ligg vest om tettstadane Hermansverk og Leikanger på vegen mot ferjekaien på Hella. Dalen har to namn. På austsida av elva heiter han Huksdalen og startar under Huke. På vestsida heiter den Grindsdalen og går frå Grinde. Du kan kome deg fram dalen frå begge sidene, men å kome seg frå Grinde er vanskelegare enn frå Huke.

I 2022 er det god grusveg frå Huke-sida. Vær merksam på at det er ein bomveg for bilar. Rett etter det siste bruket står det kamera som registrerer skilnummeret på bilen. Herifrå er det ca 6 km fram til enden av den opne vegen og parkeringsplassen.

Framme ved enden parkeringsplassen er det ca 15 minutt opp til Nyastølen med Kjeringafjell kneisande bak. Rett nordover er det 30 minutt fram til stølen Stavsete. Du følgjer for det meste ein privat grusveg fram til Stavsete. Mellom Nyastølen og Stavsete er det flotte, opne turområder utan store stigningar. Eller kva med å ta turen nordover, forbi Stavsete mot Skar og kanskje Øvre Rommedal?

For dei som ønskjer å kome opp i høgda er det fritt val både i aust og vest med Kjeringafjell, Kaldkletten, Svindalseggi, jamvel Friksdalseggi og Myrdalsbreen eller for den del gå opp Stavafjellet og til nordspissen på Stav. Frå der kan du gjerne gå over til sørspissen og gå ned Troeggi mot Vassvarden for å enda opp på Hella ferjekai.

Huksdalen har eit par ess opp i ermet. Ved å køyre heilt fram kan du gå den kortaste turen til Kjeringafjell. Du går opp til Nyastølen, inn Eitrebotn og svingar sørover, på bandet mellom Eitrebotn og Friksdal, opp på Kjeringafjell. Ved å starte på ca 700 moh, tilsvarande litt under Sevi eller på Kallbakk over Stokksete, vil dette vere ein mindre slitsam tur enn frå Henjadalen eller Kleppa.

Eit anna ess er at ein kan følgje traktorvegen opp Gildalen og halde fram mot Hest. Du vinn nokre hundre høgdemeter i forhold til Engjasete og du sparar ein del kilometer. Totalt sett blir turen til Hest lettare.