Aircondition sviktar

Det er lenge sidan eg har mista tillita til Hyundai som leverandør av kvalitet. Bilen er no på tredje ICCU og er dritlei lange turar berre for å få sjekka og i neste tur fiksa feil. I tillegg til ICCU har det vore skifte av bremselys integrert i spoiler som følgje av fukt på innsida, knirking i sete og interiør og ustabil Apple CarPlay. Når heile bilen sviktar frå maskinvare til programvare, blir det slitsamt.

Eg har slutta å telje turane til forhandlar for å få fiksa ting. Forhandlar gjer så godt dei kan, men eg er ikkje nøgd med korleis Hyundai har handtert den velkjente saka om ICCU. Statistisk hevdar dei at 10% av bilane er påvirka, men når bilen min har skifta to ICCUar og er på den tredje, må eg vere unntaket. Aldri har Hyundai strekt ut ei hand og tilbydd meg nokon form for kompensasjon eller «plaster på såret». Men som eg har sagt tidlegare, svidd kunde er tapt kunde.

Sommaren 2026 har vore begredeleg her vest. Kaldt og vått ver har prega sommaren, men i juli hadde vi nokre varme dagar. Eg var på fjelltur. Bilen stod og varma seg godt opp i sola. På veg tilbake starta eg kjøleanlegget med appen i god tid (10 min) før eg kom til bilen, men temperaturen var ikkje gått ned. Virka som om anlegget blas utelufta inn og ikkje kjølte ho merkbart. Sidan bilen vanlegvis står i garasje, skjerma for sol og sommaren har vore kald, har det blitt lite praktisk testing i etterkant. Men har merka at anlegget ikkje er heilt godt og passasjersona bles til tider kaldare enn førarsona.

Onsdag denne veka gjorde eg ein ny test. Bilen hadde stått ute i sola i fleire timar. I appen sette eg temperaturen på aircondition til 17 grader og venta i 10 minutt. Bilen var ikkje mykje kjølt. Merka at på førarsida blas berre uteluft inn, utan noko form for kjøling. Eg køyrde ein tur og etterkvart la eg merke til at det var kjølig på passasjersida, medan på førarsida var det framleis inga kjøling av lufta. Alle innstillingar vart sjekka, aircon og sync er på og displayet viste 17 grader (for begge soner).

Var nett utom Leikanger Auto AS og tok ein kjapp prat. Mekanikar kjende etter og kjende kalde aircon-røyrer under panseret på bilen. Trudde ikkje det var mangel på gass. Sidan det var vanleg luft på førarsida og kjøling på passasjersida, meinte han at det kunne vere eit spjeld eller noko som sytte for fordeling av kjøling som ikkje fungerte skikkeleg. La til at han ikkje syntes temperaturen på passasjersida var ikkje kald nok. For min eigen del synes eg heller ikkje kjølinga er bra. Vi har ein eldre bil og når ein set aircondition på kaldast er det plagsomt kaldt. Fordelen er at varmen forsvinn fort. Det gjer den ikkje i Ioniq 6en min.

Etterkvart kom det kjøling på førarsida, men veit ikkje kva som gjord det. Men i høve passasjersida, var kjølinga på førarsida ikkje like sterk. Ny tur for kontroll av aircondition er tinga og nærare 4 timar i bil berre for å kome dit. Er eg heldig må ein tur til for å få det fiksa. Ser for meg 7-8 timar i bil, to fridagar og 500 km før dette blir retta.

Small house of cards collapsing

Apple CarPlay ustabil

I siste halvdel av mai var eg på ein lang biltur nordover på totalt 7500 km. På den tid brukte eg ein Samsung S25 FE og Android Auto til navigasjon og mediasenter. Her finn eg Google Maps, lydbok-, radio-, musikkappar ned meir. Alt kan styrast via stemma. Når eg køyrer bil, vil eg unngå å ta auga vekk frå vegen for mykje. Tredjepartsløysingar som Android Auto og Apple CarPlay er langt betre enn produsenten si løysing.

Etter ferien bytte eg over til Apple iPhone 16 og Apple CarPlay. Telefonen vart kjøpt i romjula 2025 og har sporadisk vore nytta som reservetelefon inntil overgangen. På tidspunktet for byttet var telefonen oppdatert til iOS 26.5. Problemet var og er at Apple CarPlay er ustabilt som eit korthus. Kan virke fint ei tid før CarPlay blir kopla frå. Ein endar opp i ein runddans med fråkoplingar før ein greier å kople til at ei kort stund. I verste fall vil ikkje CarPlay bli aktivt igjen. Bilen seier leser USB-eining og så stoppar det, ingen CarPlay. Står bilen ei lengre tid, f.eks. over natta, kan det fungere igjen som om intet har skjedd.

I slutten av juni 2026 kom iOS 26.5.2. Virka som det vart noko meir stabilt, sjølv om når eg les versjonsnotatet er det for det meste feilrettingar ikkje direkte knytt til CarPlay. Innholdet i versjonsnotatet tyder på at dei kan ha køyrt Anthropic Mythos mot kildekoden for å finne sårbarheiter og fiksa dei verste. Utan at eg kan forklare det har CarPlay virka meir stabilt og det har vore periodar eg har lurt på om det kunne vere ordna, men så kjem det att. Apple CarPlay blir kopla frå og det hender at eg ikkje greier å få det aktivt att, jf. førre avsnitt.

Søndag og mandag køyrde eg nokre lengre turar for å teste CarPlay. Søndag vitja eg Framfjord og Arnafjord. På veg heim vart CarPlay ustabil. Bilen hadde vore i drift eller hatt køyretid nokre timar. Om kvelden på søndag oppdaga eg ei ny oppdatering av infotainmentsystemet til bilen. Eg lasta ned, klargjorde og installerte oppdateringa på bilen. Klar fordel at eg har arbeidd med datamaskiner sidan tidleg 80-tall. Mandag tok eg ein lengre tur i Jostedalen. Hadde nesten friskmeldt CarPlay, men nett før eg kom ned att til Gaupne og bilen hadde vore i aktivitet/køyretid i nesten 3 timar, starta ustabiliteten igjen. Med andre ord har bilen hatt køyretid nokre timar, nett som dagen før.

Bytte telefon til Samsung S25 FE og Android Auto. Telefonen kopla seg til bilen og det var ingen problem med stabilitet for Android Auto. Køyrde eit lite stykke og tenkte at kanskje det var noko i iOS som vart utstabilt etter nokre timar. Køyrde til sides, slo eg av og på Apple iPhone 16 før eg kopla han til bilen. CarPlay stabil frå Årøy-svingane og heim, rundt 30 minutt køyring.

Tirsdag var eg ikkje på lengre tur. Eg køyrde litt rundt i bygda samt eg var ein kort tur til Sogndal for å handle innersålar til skoa. Turen tek berre på 20 minutt kvar veg. Utpå dagen fekk eg igjen problem med Apple CarPlay. Gjorde eit nytt forsøk der eg slo av telefonen ei lita tid før eg slo han på att. Når han kopla seg til att, var CarPlay framleis ustabilt. Gjennomførte ein restart av infotainmentsystemet også utan at det heller løyste ustabiliteten.

I dag har eg småkøyrt litt her i bygda. Usikker på om eg merka ustabiliteten tidleg på dagen, men no i kveld når eg starta bilen starta Carplay å tulle med ein gong. Fann fram kulepennen og restarta infotainmentsystemet i bilen. Når det kom opp igjen, kopla Apple CarPlay seg opp og etter den vel mil lange turen var systemet stabilt.

Oppdatering 16.7: Ustabliteten starta omtrent med ein gong eg rygga ut av garasjen. Eit par gonger restart av infotainmentsystem på bilen samt forsøk på å slå av blåtann og wifi på telefon for å kople til igjen. Intet av det eg gjorde fiksa det. Fiska fram ein USB-kabel og kopla til. Virka til å vere stabilt og gjekk difor tilbake til trådlaus duppeditten som gjer at eg slepp kabel og no virka det stabilt dei 10 minuttane eg køyre rundt i nærområde. Det merkeleg er at eg ikkje finn ein heilt klar faktor som kan utløyse ustabiliteten. Nokon gonger tyder det på bilen, andre gonger tyder det på telefonen.

Kort oppsummert har eg gjort følgjande for å forsøke å få det stabilt:

  • Reingjort USB-A-port.
  • Testa og funne at sjølve USB-A-porten på bilen virkar stabil. Greier ikkje å få provosert fram fråkopling ved å lee lett på kontakten som står i porten.
  • Sytt for at Apple iPhone 16 er oppdatert med siste programvare.
  • Sytt for at infotainmentsystem til bilen er oppdatert med siste programvare.
  • Fjerna paring av telefon og para han att med Carplay fleire gonger, sist etter oppdatering av bilen sitt infotainmentsystem.
  • Testa mange ulike kablar, korte som lange, rimelige til dyre USB-3-kablar som kan lade PCar med 240 watt.
  • Testa USB-C-port på Apple iPhone og ikkje funne ustabilitet.
  • Testa med to ulike adapter som gjer det mogleg å konvertere bilen sin kabla Android Auto og Apple Carplay til trådlaus. Eit av adaptera har ikkje kabel slik at det er eliminert heilt USB-kabel.
  • Testa restart av iPhone i tilfelle det er ein feil i iOS som etter tid skapar ustabilitet.
  • Testa restartar av infotainmentsystem ved å trykke den tilbaketrekte restart-knappen på infotainmentsystem når Carplay blir ustabil.
  • Sikker på at det IKKJE kjem av at telefonen blir for heit når han ligg på ladeplata.

Ser ut til at eg ikkje er aleine med problema med Apple Carplay:

Det ser ut til iOS 26.6, som kjem i slutten av månaden, kan kome til å løyse problema:

Når ein mister fokus på kunden

La oss ta eit eksempel på kundeoppfølging i stjerneklasse. I bygda hadde vi ein butikk som mellom anna selde kvitevarer. Vi handla alltid kvitevarer der fordi vi visste at om det oppstod eit problem, var vedkomande på døra hos oss på dagen eller i løpet av dei neste par dagane. Var det noko som gjekk på garanti, ordna han opp. Nye varer vart levert og sett opp utan at vi trong vere heime. Dei gamle tok han med seg og leverte på avfallsplassen. Ja, vi visste at vi betalte noko meir, la oss sei 20% i høve dei rimelege kjedene der du er overleten til deg sjølv. Dei 20% ekstra var vel verd det. Med ungar i huset, kunne ikkje vaskemaskina stå. Det var gull verdt at den lokale kjøpmannen/reparatør var på plass kjapt. Du visste at du alltid vart godt ivareteken og vi var lojale.

La oss ta eit skrekkeksempel på ivaretaking av kunde av ein lokal bilforhandlar når eg var i slutten av ten-åra på 1980-talet. På den første bilen eg prøvde skjulte seljar problem med oljetrykket ved å dra choken litt ut slik at bilen gjekk på litt høgare tomgang og oljetrykket var innafor. Vart tilfeldig oppdaga når eg prata med ein mekanikar oppe ved stadion her. Ja, det har brent seg inn i minne. Dytta choken inn og oljelampa starta å blinke når bilen gjekk på rett tomgang. Eg burde aldri handla med forhandlaren, men eg trengde ein rimeleg bil og fann ein anna. Etter kvart kom ein lokal verkstad til at det var feil på styresnekka. Feilen var der ved kjøpet og etter mi oppfatning vart eg lurt sidan og måtte legge ut for ein reparasjon som skulle vore teke garanti. Bilforhandlaren tente litt på salet, men sidan har eg ikkje lagt att ei krone der. Ein kan spørje seg kven vart lurt til slutt i eit slik opplegg, eg eller forhandlaren som aldri har fått nokre av kronene eg og familien har handla bil for i løpet av snart 40 år. Brent barn skyr elden.

Skuffande

Eg kjøpte Hyundai Ioniq 6 i midten av desember 2023. Bilmerket valde eg fordi eg hadde oppfatning av at dei leverte botnsolid kvalitet. Å ta turen for service kvar 30 000 km og kanskje ei tilbakekalling var det eg hadde sett for meg.

Bilen har ikkje levd opp til forventingane. Det har vore for mykje feil og som følgje mykje bortkasta tid for meg. I slutten av november 2024 rauk første ICCU, bilen måtte hentast og stod over ein månad på verkstad. Når eg henta bilen, hadde ei pumpe starta å laga lyd. I påsken 2025 rauk ICCU nummer 2. Bilen er no på sin tredje ICCU. For å unngå at ICCU tek kvelden på ugunstig tid og stad, ladar eg aldri med vekselstraum når eg er på ferie eller turar.

No seinast har eg hatt problem med førarsete og knirking samt Android Auto og Apple Carplay (AA/AC). Mest det siste som er like stabilt som eit korthus. Samla sett er denne bilen den dårlegaste bilopplevinga eg har hatt med tanke på alle feil som har dukka opp. Neste bil blir ikkje koreansk.

500 km for å rette ein feil

Feil skjer, men kor godt blir eg som kunde ivareteken? Greit at eg har fått lånebil når bilen stod på verkstad i lengre tid. Men forhandlar er 125 km frå meg, ein veg. Oppstår det eit problem er det slik at eg må køyre bilen til forhandlar, dei må sjekke ut problemet og så får eg ein ny time seinare. Det betyr at det blir 2 turar tur/retur for å få fiksa ein feil, eller 2 * 2 * 125 km som er 500 km. Eg arbeidar og må ta meg heilt eller delvis fri kvar gong. Heldigvis har eg ein jobb og fagfelt som gjer eg kan arbeide kor som helst ifrå, men framleis er det snakk om 3,5 timar køyring per tur eller totalt 7 timar i bil fram og tilbake for å få retta ein feil. Forhandlaren har samarbeid med ein lokal verkstad på eit anna merke. Eg har forsøkt å få forhandlaren til å engasjere den lokale verkstanden til i det minste få gjort diagnostiseringa og med det spare meg for 3,5 timar køyretur og ta meg fri. Inga lukke så langt.

Kunde, ein kjeltring?

Service, skifte av høgtsitjande bremselys pga av fukt og knirkinga tok si tid og eg kom seint avgarde frå Førde. Allereie etter nokre 100 meter merka at knirkinga ikkje var fiksa, men eg hadde ei avtale eg måtte nå og kunne ikkje snu tilbake. Nok ein tur til Førde måtte påreknast, eg er lei.

På same tid sleit eg med ustabil AA/AC. Hadde valt å jobba vidare med det for å sjå om eg kunne løyse det sjølv. Er godt oppegåande på IKT med erfaring heilt tilbake til tidleg 1980-tal. Både Bluetooth- og Carplay-oppsett i bil og på telefon vart sletta gjentekne gonger for å starte frå botn av. Eit par omstartar av infotainmentsystem til bilen vart gjort i tilfelle noko hang, men alle forsøk var nyttelause. Nemnde det til forhandlar like før eg reiste frå service at eg sleit med AA/AC og fekk beskjed om at eg måtte ha rette kablar.

I veka før ny tur til Førde blei det gjort forsøk med både nye og gamle kablar eg har liggande. Mange gonger har eg drege ut og sett kablar i kontakten som støttar AA/AC. Det verste eller beste av alt er at AA/AC har vorte meir stabil. Det kan gå lengre tid mellom det kuttar. Det peikar tydeleg i retning av kontaktproblem i USB-porten på bilen. For å eliminere feilkjelder som kablane eller at det kontaktproblem i USB-C-kontakten på den nye telefonen, kjøpte eg Carlinkit Utra Mini 1 som eg set i USB-A-kontakten i bilen og får trådlaus AC eller AA. Etter testing i veka har det fungert betre, men eg kan høyre avvik i musikken, men AA/AC forsvinn ikkje så ofte. Med andre ord betre enn det som har vore, men ikkje friskmeldt. På turen til Førde fungerte AC i 100 km før det starta å svikte.

Forhandlar hadde ikkje greidd å få fram problemet med AA/AC. USB-A-porten kunne difor ikkje skiftast på garanti. Eg såg for meg fleire turar til Førde. I ettertid har eg kome på at eg har opplevd det same før. Allereie i 2024 peika eg på fukt i høgtsitjande bremselys integrert i ekstern spoiler. Heller ikkje då greidde dei å gjenskape problemet. Men i vår (2026), når bilen fekk skifta dekk lokalt, fekk eg klar beskjed at delen ikkje skulle vere slik og måtte skiftast. Eg dokumenterte med bilete og video i store mengder. Delen vart skifta saman med 60 000 km-servicen.

På returen starta problema etter vel 5 mil i Kjøsnes-tunellen og det var to gonger til at AA/AC kutta før eg var heime. Testa att på søndag 28.6 og ustabiliteten er tilbake for fullt, heilt frå eg starta bilen. Kom meg ikkje ut utkøyrsla før AA/AC kutta og var vanskeleg å få til å kopla til etterpå.

I ettertid ser eg ei kundehandsaming etter straffesaksmetoden: «All tvil skal kome tiltalte/bilen til gode». Med andre ord vil kunden aldri ha rett, alt skal bevisast slik at det aldri kan vere tvil. Har ei viss forståing med tanke på dyrare deler som f.eks. det høgtsitjande bremselyset integrert i spoiler, men ein USB-kontakt kan ikkje kosta skjorta å skifte. Kan den eller dei som har fastsett denne kundehandsaminga plassere seg i kunden sine sko og sjå det frå den vinkelen? Er vi kundar kjeltringar og svindlarar? Kva skjedde med at kunden har alltid rett? Eg blir fornærma av slike haldningar.

Noko å lære av Tesla?

Sidan eg var i Førde, stakk eg innom Tesla. Dei har ikkje krav om jamnleg service. Kupefilter kunne eg skifte sjølv. Dersom eg hadde problem med bilen eller det kunne vere snakk garantireparasjonar der bilen ikkje trong å løftast, ville det kome ein mobil mekanikar til meg for å sjekke og eventuelt skifte del(er). Det kan eg like, nett som den lokale leverandøren av kvitevarer. Hm, du tradisjonelle bilforhandlar, kvifor tilbyr min forhandlar ikkje dette?

Minner om at Tesla er det mestseljande merket i Noreg. Har dei tradisjonelle forhandlarane ikkje fått med seg det?

Læringspunkt

  • Neste bil må kunne ivaretakast nær der eg bur.
  • Tesla kan bli unntaket til regelen. Eg likar at ein mekanikar kan kome og fikse bilen, nett som den lokale butikken som kom og reparerte kvitevarene våre.

Alle gode ting er tre?

I dag var avtalen med forhandlar å hente ut lånebil i 14-tida for ei lengre feriereise. Like før kl 9 ringde telefonen min. Forhandlar lurte på om eg kunne kome til kl 11. Dei hadde fått inn ny ICCU/ladestyringseining til bilen min og ville montere den. Heldigvis har eg ein slik jobb som gjer at eg kan kaste meg rundt, køyre knappe 2 timar og plukke opp att der eg slapp. No kryssar eg fingrane for at den tredje ICCUen bilen har hatt aldri utviklar ein defekt. Eg er lei.

Medan eg sat der oppe tikka det inn ei melding frå Hyundai Motor Norway om eg kunne vurdere det siste verkstadbesøket mitt. Det var servicen 9. mai, gjekk eg ut ifrå. Når dei vel å pirke i ein gretten bjørn/kunde, skal eg jammen klore frå meg. Dei fekk ein kort versjon av det under.

Forhandlar gjer som godt han kan, og er fanga mellom borken og veden. Mi harme er retta mot Hyundai Norge, som ikkje vil ta ansvar for noko knytt til problema med ICCU. No har det kosta meg 1500 km ekstra køyring som utgjer gode 22 timar i bil att og fram. Og det er ikkje slik at reparasjonar kan takast utanom mi arbeidstid.

Hyundai er vel kjent med problemet, men har ikkje rekt ut ei hand til kundane. Dei let forhandlarane ta støyten. Nei, Hyundai, har de levert langt under pari kvalitet, må de stå rakrygga og ordne opp. Slik det er no står kundehandsaminga til stryk. Som kunde er eg IKKJE NØGD, for å stave det ut med store bokstavar. Eg veit ikkje om eg kan eller vil tilrå folk å kjøpe Hyundai i dag. Alt ekstra trøbbel og bortkasta fritid slit på humøret og ikkje minst tilliten til bilen. Eg forventa meg eit problemfritt bilhald med service kvart andre år eller 30 000 km.

Til og med ein 1984 Skoda 120 GLS eg «piska» att og fram til Oslo i studietida, for snart 40 år sidan, var langt meir driftssikker enn Ioniq 6en min. Skodaen kasta aldri inn handklede, sjølv om han ofte låg opp mot turtallsperra.

Hyundai kan hente inn att situasjonen ved å vise at dei set pris på kundane sine. Eg meinar at alle vi som har vore utsett for vanskane burde fått «eit plaster på såret» for ulempene og irritasjonen defekte ICCU(ar) har skapt. For min del kunne eg sett føre meg kompenasjon av denne typen:

  • 3 servicar kostnadsfrie for kunden
  • 3 år gratis lading på Charge MyHyundai

Hyundai, ikkje la ideane mine vere avgrensande og gjerne kombiner. Overrask oss kundar med noko postitivt. Som sagt kundehandsaminga hittil står til stryk. Frå botn kan det berre gå oppover.

ICCU stadfesta, ingen dato på levering

I dag var bilen 30 000 km service. Ny ICCU vart av forhandlar tinga 23. april, i håp om at han kom fram til servicen og kunne skiftast same dagen. Det gjekk ikkje, alle restordrar på ICCUar av typen til Ioniq 6 har ingen estimert leveransedato. Her kan det bli snakk om at det er «høgt opp og langt fram» til bilen blir reparert. For min del nærmar det seg ein lang bilferie. Forhandlar jobbar med å gi meg ein lånebil turen, men når ein kjøper ny bil var det ikkje dette eg forventa. To havari av ICCU, kva er sannsynet?

Hyundai har store problem med ICCU

Plukka opp denne artikkelen som baserer seg på funn av ADAC i Tyskland, dvs. søsterorganisasjonen til NAF i Noreg. Statistikken viser at Hyundai Ioniq 5 har mest stopp med 22,4 stopp per 1000 køyretøy. Årsaken er feil på ICCU, slik som eg har opplevd med min Ioniq 6 i slutten av november og no i påsken. Same plattform gir same feil på desse modellane. ADAC dreg fram problema ICCU i denne oppsummeringa av deira undersøking:

I den andre enden av skalaen finn du Tesla Model 3 med 0,5 stopp per 1000 køyrtøy. Det vil sei at ein Hyundai Ioniq 5 har 45 gonger større sjanse for å stoppe enn ein Tesla Model 3. Om ein samanliknar Hyundai med fosilbilar, har den meir enn dobbelt så mange stopp per 1000 køyretøy.

Kort og godt gjer feil på ICCU Hyundai til dei mest upålitelege elektriske køyretøya.

Hyundai Ioniq 6 – ICCU igjen?

I slutten av november rauk ICCU etter ca 21800 km og sette ein effektiv stoppar for ein velfortent ferietur. Bilen vart fiksa og eg henta han i starten av januar, men hadde fått seg ein ulyd som viste seg å vere ei pumpe til kjølesystemet som hadde bestemt seg for å spele opp. Etter skiftet har bilen fungert heilt eksemplarisk fram til ca 28000 km.

Gjennom natta til 16.4 lada eg bilen til 100% og vi sette nasen austover i retning Hamar, Kongsvinger og enda opp med å overnatte i Karlstad. Eg tok med meg ladekabelen på turen. Sidan eg vakna tidleg torsdag 17.4, gjekk eg ut og plugga bilen i ein 22 kw Mer-ladar. Lading starta og alt såg ut til å fungere som det skulle, bilen mottok ca 11 kw. Rett før frukost sjekka eg appen til bilen att og såg at bilen lada ikkje lenger, men den hadde teke mot ca 11 prosentpoeng frå ladestart. Eg gjekk ut og såg at uttaket var daudt. Alt var svart, ikkje det minste teikn til liv. Kabelen sat fast i bil og ladar og både puls og blodtrykk steig litt. Etter litt tid til å finne fram til brukarstøtta til Mer i Sverige, fekk eg hjelp. Dei restarta heile stasjonen. Både uttak og bil gav slepp på ladekabelen kort etter. Stolpeuttaket som bilen min var kopla til framstod framleis som daudt, ingen tekst eller teikn til liv på displayet. Det andre uttaket viste diagnoseinformasjon som IP-adresse med meir i løpet av restarten.

Resten av turen lada eg på lynladarar og alt gjekk utan problem. Eg ville unngå at kabelen igjen skulle setje seg fast i både uttak og bil. Frå bilen kan eg alltid få kabelen fri, men frå stolpen kan det by på ei utfordring og sidan vi gjekk inn i påskehelga unngjekk eg å lade på vekselstraum.

Sidan veret slo om til kaldt og vått, valde vi å returnere heim, vestover på laurdag til sol og varme. Vi rulla inn i garasjen med 20% igjen på batteriet og sette bilen på lading. Ladaren starta lading på rett tidspunkt. På morgonen, søndag, sjekka eg appen på bilen og la merke til at bilen framleis stod på 20%. Med 10 amper lading i tidsrommet avsett til lading, skulle batteriet vore på rundt 40%. Eg gjekk ut og såg at ladaren min var daud. Sjekka sikringsskåpet og såg at sikringen var slått av. Eg slo på sikring og gjorde eit nytt forsøk. I appen til ladaren såg eg at ladaren gjennomførte lastbalansering, venta på bilen og akkurat når ladinga starta gjekk ladaren i svart.

Dette likna på det som skjedde i Sverige og eg byrja å stusse på om ladekabelen var problemet. Eg reiste ut på jobb der vi har ladarar med eigne kablar som eg har nytta før reisa utan problem. Kopla i bilen og når ladinga starta gjekk ladaren på jobb i svart. Eg kan konkluderer med at feilen må vere i bilen og ikkje i ladarane eller ladekabelen min.

Etterpå tok eg ein sjekk av hurtiglading på 50 kw Mer-ladar og det fungerer framleis som det skal. Bilen treng ikkje hentast på bergingsbil denne gongen. Men no byrjar det verkeleg å tære på tolmodet mitt. Årsaka er at det er ICCU som handterer lading med vekselstraum og syter for at den blir konvertert til likestraum for å lade batteriet. Den første rauk etter nesten 22000 km og no har eg sterke mistankar om at den nye ICCUen har feil, etter berre 6000 km.

Sidan eg planlegg ei lenger reise frå og med 17. mai på 5000+ km, er eg avhengig av at alt fungerer som det skal. Dessverre byrjar tilliten til kvaliteten som Hyundai leverer å få seg ein solid knekk. Ikkje i min villaste fantasi hadde eg sett føre meg dette, gitt den etablerte oppfatning av Hyundai som ein leverandør av kvalitet.

Pumpe skifta, lyd borte

Dette er oppfølginga til innlegget om nye problem etter skifte av ICCU på min Hyundai Ioniq 6. Bilen var hos forhandlar for diagnose den 17. februar. Det viste seg at det var ei pumpe til kjølesystemet under panseret, nær torpedoveggen, på passasjersida, som hadde bestemt seg for å bli musikar. Forhandlar tinga ny pumpe og bilen fekk time i dag, 25. februar. Kan ikkje klage på akkurat det. Pumpa er no skifta og lyden er borte. Det var heilt fantastisk å køyre heim att utan pipinga frå «gnomen som sat og spelte på leirgauk». Ein kan bli tullete av mindre.

Innlegget viser òg til ein del uforståelege hendingar med bilen tidleg til medio januar. Etter den tid har eg ikkje opplevd tilsvarande uforklarlege hendingar. Eg veit ikkje om det kan ha hatt noko med det å gjere at eg tok ein reset på infotainment-systemet, men eg har ikkje store trua på det. Heller utilslørte mentale truslar som har skremt bilen i «giv akt».

Når ein bryt uskrivne reglar….

Eg har i løpet av dei siste fire ti-åra handla fleire bilar. Heilt fram til hausten 2023 har eg følgt ein uskriven regel om å kjøpe merker som har forhandlar nær meg. Det er enklast når det er snakk om garanti og service. Denne gongen valde eg å bryte regelen. Førde, ein to-timars tur ein veg, var akseptabelt. Eg skulle berre på service kvar 30 000 km eller annakvart år med bilen. Det har ikkje gått som planlagt.

Først var det tilbakekallinga for oppdatering av ICCU sommaren 2024. I slutten av november takka ICCU for seg og eg måtte opp og hente lånebil. Etter ein god månad var det opp att for å hente reparert bil. I februar vart det to turar, diagnosering og reparasjon. Eg kjem til 5 turar som utgjer 1250 kilometer og omlag 20 timar køyring. Neste gong eg handlar bil, trur eg at eg må følgje min gamle, uskrivne regel.

Etter skifte av ICCU – nye problem

30.11.24 kortslutta Integrated Control Charging Unit (ICCU) og min Hyundai Ioniq 6 vart henta av bilbergar og levert til forhandlar i Førde. De kan lese meir om dette her: Gratulerer, Hyundai!

Mandag 6.1.25 henta eg Hyundai Ioniq 6 hjå forhandlar i Førde. I romjula vart eg forespegla at bilen først ville bli ferdig i slutten av januar. Kan ikkje legge skjul på at eg var glad over at det vart løyst raskare, men kort tid etter henting starta eg å legge merke til ting som ikkje var der før ICCU kortslutta.

Konstante sinustonar under køyring

På veg heim frå Førde la eg merke til at i lågare hastigheiter, men høgare fart enn «UFO-lyd», var det tonar som ligg i bakgrunn og «uler» heile tida. Eg lyttar mykje på lydbøker med berre ei stemme som les. Ein legg lett merke til lydar som ikkje skal vere der. Lyden er av type sinustone, noko a la det ein hadde på prøvebilete til NRK, men på litt lågare frekvensar.

Eg sende fredag 10.1 ein e-post til forhandlar som hamna i søppelpostmappa, men når eg ringde på tirsdag 14.1 fekk eg hjelp til å undersøke problemet nærare. Forhandlar har fått sendt over lydfil same dagen der eg hadde forsøkt isolere problemet lydmessig så godt eg kunne.

HEAT på og av

Etter råd frå forhandlar fann eg ut at når eg slår av «HEAT» forsvinn lyden. Slår eg på «HEAT», kjem tonen tilbake. «HEAT» av -> ingen sinustone. «HEAT» på -> sinustone.

Forhandlar nemnde at nokre Ioniq 5 hadde ei liknande forstyrring av lydsystemet. Eg køyrde ein ny testtur. Medier var av og ingen telefon var kopla til via Bluetooth, USB, Carplay eller Android Auto. Lyd vart både skrudd ned og slått av. I tillegg testa eg med å slå av mediesenteret/midtskjermen med å halde inne volumknappen i dashboardet. Eg har også restarta mediesenteret, med ein binders i reset-holet på dashboardet. Sinustonane var der uavhengig av tilstand på mediesenteret.

Påvirkning tone/frekvens og volum

Lyden er mest markant frå ca 50 km/t og ned. Ein kan variere tonen med ventilasjonsapparatet. Viftefart 2 har noko lågare frekvens enn viftefart 3. Eg synes det ikkje er endringar mellom andre hastigheiter. Tonane endrar ikkje lydnivå/styrke om eg skrur opp eller ned lyden på stereoanlegget. Dei ligg på sitt jamne nivå i bakgrunn og er lett identifiserbare.

Tonen endrar seg ved 64 km/t og ved 84 km/t opplever eg at han fell bort. I det minste er han ikkje høyrbar nok for meg til at eg vil setje pengar på at han er der. Senkar eg farten, merkar eg tonen kjem tilbake på 73 km/t og ein tydelegare tone under 53 km/t. Frekvensnivået er lågare på lågare fart. Når eg skal køyre bilen inn i garasjen, og bilen er i gangfart (<6 km/t), forsvinn tonen.

Til tider kan volumet auke vesentleg på sinustonane. På normalt lydnivå går det ikkje å drukne tonane med å slå på falsk motorlyd normalt nivå.

Andre hendingar som får meg til å tvile

Førardørhandtak sprett ut i fart

Tirsdag 14.1, under testane mine, skjedde det noko merkeleg. Eg har ikkje automatisk låsing av dørene når eg køyrer bilen. Handtaka feller seg inn langs bilen, men dørene låser seg ikkje.

Eg hadde svinga ned frå Sognefjordvegen ved Leikanger Auto AS og var på veg langs fjorden til Leikanger Hotell. Her må eg ta ein venstresving for å kome opp att mot hovedvegen. I denne venstresvingen spratt dørhandtaket ut på føradøra. I rein refleks opna eg og slo att døra. Er usikker på om eg såg noko samstundes i førardisplayet for åpen dør.

Eg har sjekka om nøkkelen kunne ha vorte trykt og utløyst dette. Når eg sit med nøkkelen i bilen og køyrer eller står i park, reagerer ikkje bilen på at eg trykke på nøkkelen. Ergo kan det ikkje vere eit trykk på nøkkelen som gjorde at handtaket slo ut. Uansett, eit trykk på nøkkelen vil ha slått ut handtaka på alle dørene, ikkje berrre på førardøra. Har også testa om døra ikkje hadde vore heilt igjen når eg starta ein tur. Men er ikkje døra lukka heilt, vil ikkje handtaket felle seg inn.

Førarstøtte sler seg av

Laurdag 18.1 var vi ein kort tur på 2 mil kvar veg. Bilen vart vaska torsdag ettermiddag og parkert i garasje. På fredag vart han brukt på ein kort handletur lokalt etter asfaltveg, ca 5 km. Resten av tida har han stått i tørr garasje og var tørr når eg rygga ut på laurdag.

Ned siste bakken mot hovedvegen, ca 1 km frå garasjen – same bakke som ICCU kortslutta i den 30.11, byrja all førarstøtte å slå seg av. Eg fekk opp varseltrekant og 5 meldingar og fleire oransje symbol i førardisplayet. Bilen klaga på kamera. Bilen slo av mellom anna filholderassistent og overvaking av merksemd. Eg har aldri opplevd ei slik samling av varsel og oransje symbol i førardisplayet før.

Bilen kom så godt som heilt rein frå tørr garasje. Det var ikkje noko regn eller tåke i lufta å nemne. Bilen klaga ikkje på kamera dei regntunge dagane tidlegare i veka. Eg trykte på kameraknappen på dashboardet, kamera i fronten såg bra ut. Det var fuktigheit på linsa, men eit heilt fint bilete. Eg stoppa ikkje sidan det ikkje gjorde meg noko at eg måtte styre på vegen innover i 2 mil.

Eg slo av bilen nokre minutt. Det var inn og ut kjapt på ein butikk. Eg tørka alle kameraene, men filla vart ikkje noko særleg skitten. Når eg starta opp att bilen, var varseltrekanten og dei oransje symbola framleis der. På veg utover, la eg merke til at bilen drog i rattet i tunellen etter eit par kilometer. Alle varsel og oransje symbol på førardisplayet var borte. Alt var tilbake til det normale.

Varme slutta å virke

Vi held fram turen 18.1. Varsel og oransje symbol på førardisplayet er borte, men no merkar vi at det ikkje kjem varme frå ventilasjonsanlegget, det bles berre kald luft. Eg var inne på styringsskjermen og kunne sjå at HEAT var på. Eg slo av og på HEAT samt stilte gradene opp på 27 grader utan at det endra seg. Heller ikkje å slå apparatet over på manuell styring var til hjelp. Eg måtte slå av ventilasjonsanlegget til vi stoppa på nærbutikken etter 2 mil. Vi kunne halde varmen med setevarmen. Bilen sto parkert, avslått og låst i gode 10 minutt. Når vi starta opp att og køyrde heim, fungerte ventilasjonen som normalt. Varmen og sinustonane var tilbake.

Kva skjer vidare?

Mot midten av februar skal bilen inn att til sjekk hos forhandlar. Eg vil halde dykk orientert om utviklinga vidare.

Gratulerer, Hyundai!

Eg har kjøpt bilar sidan sluttan av 80-talet, min først nye i 1992. Den siste, ein Hyundai Ioniq 6, i desember 2023. I går, 30. november, vart bilen henta på bergingsbil. Ingen av dei tidlegare bilane har vorte henta av bergingsbil på grunn av feil som gjer bilen ikkje-køyrbar. Her tek Hyundai dermed kruna og i tillegg øydelegg ein ferietur.

Vi var heldige. Bilen var fullada i garasjen og vi sette retning Lillestrøm, for ei langhelg på Austlandet. Etter ein km, i Njøsabakken, plinga bilen om feil på el-system. Ein stor sirkel med raud tekst som etter kvart endra seg til meir alarmerande varsel:

Eg stoppa på Kløvi og slo av bilen for å sjå om det var datamaskina som hadde hatt eit anfall, men nei. Vi køyrde tilbake til Kiwi i det bilen greidde, 40 km/t, for å småhandle noko til turen og la bilen stå lenger. Ville vere sikker på at systema fekk seg ein tilstrekkeleg pause utan at det var til hjelp. Vi kom oss heim, men på slutten ville ikkje bilen gå meir enn 20 km/t.

Eg sjekka om det var feilmeldingar i systemet på bilen samt i appen, men ingen ting nokon stad. Appen sa at alle system fungerte som normalt. Bergingsbil kom tre timar seinare og då var 12 volt så godt som tomt. For å få flytta bilen, måtte ein booster koplast til 12 volt-batteriet.

Eg har undersøkt litt og det er mest sannsynleg at sikringen i eller sjølve ICCU-einingen som har teke kvelden. Ho syter for lading av 12 volt-batteriet. Du kan lese meir om det her, men alle symptoma stemmer.

Bilen var i sommar i Førde på tilbakekalling for ICCU. Eg veit ikkje kva dei gjorde, men slik eg oppfatta det var snakk om å oppdatere software og/eller skifte ICCU. Ser ikkje ut til det som vart gjort var godt nok for min bil.