Illustrasjonen over er vegleiande, det er ikkje den eksakte ruta. Vi køyrde etter innfallsmetoden. Veldig fint å ha eit navigasjonssystem som automatisk finn ei alternativ rute når vi vel å unngå strake vegen til neste mål.
Sidan vi høyrer heime ein stad der alltid minst ein av himmelretningane har god stigning, var område i vestlege Schleswig-Holstein fasinerande. Flatt og vidt, der høgda over havet kan målast i centimeter, ikkje meter. Fjøra sjø med lange grunner er framandt, for ikkje snakke om diker for å halde sjøen ute. Her vi bur er vi van med at du kan kome deg nokre meter frå land før botnen fell bort. Midtfjords snakkar vi om nesten ein kilometer ned før fast grunn.
Planen var å bruke dagen til å sjå seg rundt langs kysten av Tyskland, i retning Nederland. Første stopp vart Meldorf for å handle litt drikke og mat til turen samt lade bilen. Etter stoppen sette vi av i retning Glückstadt ferjeleie. Ingen av oss er bymenneske, Hamburg freista ikkje. Vi ville krysse Elben så langt ute som mogleg. Ferja mellom Glückstadt og Wischafen var med unntak av Manheller <-> Fodnes den einaste ferjestrekninga på turen. Vi kom med ferja frå Glückstadt som ein av dei siste bilane. Turen minna meg om ferjene vi hadde på 70-talet utan overbygg. Det var fasinerande å kryssa elva Elben og eg la merke til at ein følgde djupnene i elva.
I land i Wischafen sette vi retning mot Cuxhaven ved å følgje kysten så godt som mogleg. Greitt nok at motorvegen kan ta deg raskt fram med minimum 130 km/t, men landevegen er nesten like bra. I Noreg er det 80 km/t, medan i Tyskland er fartsgrensa 100 km/t. Kunne gjerne tenkt meg at det på fine vegar i Noreg med gul stripe hadde hatt 100 km/t fartsgrense. Å sitje i 70 km/t er utruleg kjedeleg og sømndyssande. Ein er meir vaken når ein held ein meir naturleg fart på gode vegar.
Vi var innom Cuxhaven, men fann ut at vi heldt fram vidare for å finne oss ein mindre tettstad for lunsj. Etter eit stykke på motorvegen valde vi å ta av ut mot kysten igjen mot Dorum. Her fann vi Stadtbäckerei Engelbrecht, eit nytt konditori der vi kunne nyte ein god lunsj i meir landlege omgivnadar.
Gode og mette sette vi avstad i retning av Bremerhaven. Her valde vi å kome inn og køyrde langs hamna. Eg har aldri sett så mykje varer i ei hamn. Nye bilar var det over alt. Det var rett og slett overveldande og må opplevast. Heilt tydeleg at Bremerhaven er sentral for eksport og import som ein av største hamnene i Tyskland. Det vart ein liten stopp på ein butikk for litt drikke og snack og planlegging kor vi skulle enda ut.
Vi satsa på å avslutte dagen i byen Norddeich. Han ligg heilt ute på kysten og er som Büsum eit ferieområde for primært tyske turistar. Her var store områder sett av til parkering. Vi hadde sett oss ut eit lite hotell, men det var fullt. Vi fann lite pensjonat/hotell nede mot stranda, ved vegen vi kom inn, som hadde ledig rom. Det vi hugsar godt er registreringa. Vi måtte fylle ut eit skjema som ho eine måtte fylle inn i systemet. Det var mangt eit hjartesukk frå ho under registreringa. Det var freistande å trekke på smilebandet, men vi tok ikkje sjansen.
Etter registrering og innbering av bagasjen vi trengde, tok vi oss ein tur ned mot stranda og ut på moloen. Like fasinerande område som i Büsum med dike, langgrunne og parvise solstolar saman med ei stor båthamn og ferjer som tek deg ut til øynene eller rettare sagt store sandbankar. Her var også eit minnesmerke om eit forlis med ein passasjerbåt for ein del år sidan.