Eit fyrtårn har slokna

Eg har dei siste åra følgt med på det som skjer i USA. Det er ikkje til å legge skjul på at eg aldri har skjønt Trump og har vorte meir og meir forskrekka over løgner og hofteskot som kjem frå den sida. Like sjokkert er eg over det konservative partiet omtrent ikkje har protestar til det lenger. Det som ein gong i tida var eit parti for lov og orden har i det store og heile gått i forsvar for Trump. Frykten for å miste plassane sine i senatet og huset gjer dei handlingslamma. Kor vart det av prinsippa?

Eg har prøvd å halde auge med begge sidene der borte, mellom anna det eg vil kalle «propagandakanalen Fox News«. Her har du Jugde Jeanine, Sean Hannity, Tucker Carlson, Laura Ingram, Lou Dobbs, morgonvertane på Fox & Friends. Tross i nokre sprekker i det siste er desse underhaldarane hardnakka tilhengarar av Trump og fungerer som ekkokammeret til Trump. Nei, desse personane har ingen ting med nyhende å gjere. Dei er synsarar, pratmakarar, underhaldarar som sprer eller fyrer opp under konspirasjonsteoriar. Fakta er det tynt med. Med slike aktørar tilgjengeleg 80-90 år tilbake, ville ein viss propagandaminister vore strålande nøgd.

Ikkje alt har vore mørkt. Shepard Smith, i nyhendedelen av Fox News, har vore ein hardnakka tilhengar av fakta og har gang på gang påpeika det ville frå dagens administrasjon. Underhaldarane i Fox News, med sine støttespelarar, har til tider og i det siste angrepe Shepard Smith si faktabaserte formidling av nyhende. Likevel var det til mange si store overrasking at Shepard Smith i går valde å gi seg etter 23 år:

Eg har registrert at riksadvokaten William Barr har vore i møter med Murdoch, eigaren av Fox News, dei siste dagane. Det er framleis att nokre få lys i nyhende hos Fox News, men det vil ikkje overraska om Fox News blir fullt ut propagandakanalen Trump News eller skal vi sei Trumps Alternative Facts. Det er ei farleg tilnærming vi er vitne til.

Monty Python, kor vart de av?

Eg trudde ikkje mine eigne øyre eller auge når eg såg dette innslaget på CNN:

I Storbritannia er det innført ein ny regel som forbyr reklame å spele på stereotypar av kjønn eller kjønnsmøster ein meiner kan vere skadande eller vesentleg krenkande. Tanken bak er at innbyggarane ikkje skal føle seg bundne i kjønnsrollemønster, men eg stiller spørsmål om slike reglar kan handhevast sidan dei virkar for lite objektive. Forbudet mot desse to reklamefilmane forstår ikkje eg, men det viser at eg som mann ikkje blir krenka. Eg har humor.

I reklamen for smørjeosten er det to nybakte familiefedre som forgløymer seg litt. Dei set ungane på eit saktegåande transportbelte for matrettar som går rundt i lokalet når dei blir frista av eit par skiver og nyt eit par bitar. Ifølgje intervjuobjekt fekk reklamen 130 klager forbi ein meinte reklamen spelte på at menn ikkje kunne ta vare på ungar. Ein kan ikkje spele på slike stereotypar at menn eller for den del kvinner ikkje kan ta vare på sine ungar….

  • Kven har ikkje forgløymt seg litt med ungane rundt seg?

I den andre reklamen for VW e-Golf la eg ikkje merka til at det utfordra stereotypar. Det er tre illustrasjonar på det å flytte grenser. I den første ser ein det eg oppfattar som eit par i eit telt. Kvinna søv og mannen lukkar teltet medan kamera zoomar ut, slik at vi ser at teltet heng i ein vertikal fjellvegg. I den andre scena ser vi to karar i ein romstasjon som flyt vektlaust rundt medan dei arbeidar. I den siste ser vi ein mannleg idrettsutøvar med kunstig fot som hoppar lengde. Som ei avslutning på desse tre scene kjem teksten «we can achieve anything» fram. Deretter endrar det seg til bilete av ei kvinne som sit på ein parkbenk, ved ein veg og les ei bok. Ved sida av ho står ei barnevogn. I bakgrunn kjem ein VW e-Golf inn i bilete, lydlaust, og glir forbi uten at kvinna ser på bilen. I etterkant løfter ho blikket som om ho har registrert eit vindsus av at noko som passerte. Det er stille ellers. Ungen i barnevogna vaknar ikkje. Alt er harmonisk og roleg og ein klipper til bilen som paserte med teksten «The 100% electric e-Golf». Eg sit og lurer på kva som var problemet med reklamen.

  • Kan nokon fortelje meg kva for skadeleg kjønnsrollemønster annonsa spelte på?

Eg trudde at Monty Python hadde løyst opp i den attekneppa haldninga i Storbritannia for lenge sidan. Det er tydeleg at Storbritannia på nytt treng nokon som kan harsellere med stereotypar og kome med ironiske og satiriske spark i alle retningar.

Vil du vera med, ikkje sov …!

Eg registrerer at (lokal)pressa klagar på reduksjon av distribusjon sidan ein reduserer postomberinga. Eit lett gjenkjenneleg parti heng seg på denne klagesangen. Men det er ikkje slik at alt skal vere slik det var. Postombering var ein gong i tida viktig. Alt vi fekk av informasjon kom på papir: Postkort, brev, reklame, rekningar, aviser, ukeblad, magasin, teikneseriar osv. Av det eg har lista opp er det berre litt reklame som kjem i postkassen min. Postkort og brev sender eg ikkje. E-post, chat, SMS og ein telefon i ny og ne har teke over dei siste 20 åra. Er det noko viktig frå det offentlege får eg post i den Digitale Postkasse. Skattemeldinga ligg i Altinn. Rekningar kjem på e-post eller i nettbanken. Ein kan ikkje oppretthalde tenester berre for at det er kjekt. Like lite som ein kan satse på at bensin og diesel vil være alternativet i framtida. Alt er i endring heile tida.

For min del består post i å bere reklamen frå postkassen og kanskje nett sjå over han før eg legg han i den blå/papir papirbosset når eg kjem heim, etter ein 200 meters gåtur. Ja, eg kunne ha sett opp ein klisterlappe på postkassen, men det virkar som dette løyser seg sjølv.

I eit miljø- og for den del økonomiperspektiv er det ikkje forsvarleg at vi på død og liv skal behalde ein ombering kvar dag. Bilane blir meir miljøvenlege, men kvifor skal vi fylle vegane med bilar som berre flyttar luft. Papir er ikkje lenger det primære «transportmiddel» for informasjon. Eg ser det som tullete å trykke informasjon på papir berre for å kaste det i søppelet. Den digitale alderen er over oss og nokre mediehus har teke omsyn til dette, jf. Nettavisen og lokalt Porten i Årdal.

Dei som sit att på gjerdet er dei gamle tradisjonelle, konservative bakstrevarane. Greit nok at dei har fått appar til å lese avisene på, men på eit nettbrett er det ikkje bra. Det er heller ikkje bra på e-pages.dk på PC. Intet er designa med digital presentasjon i tankane. Dei tvingar deg til avis-formatet som det skal zoomast på. Når du skal over i artikkelmodus, blir presentasjonen elendig. Det verste eg veit er animerte billedseriar som blafrar forbi i artikkelen. Eg saknar ein spaltelayout som gjer at det er lett å lese fordi auga ikkje treng å bevege seg over heile nettbrettet. Små artiklar og meldingar blir merkeleg presenterte. Appane ber preg av det vi kallar «venstrehåndsarbeid» og brukaropplevinga blir deretter. Eg vil vere så frekk å hevde at det virkar som dei brukar dårlege løysingar som verkemiddel til å få med seg abonnentane i klagesongen sin.

Den tradisjonelle pressa må ta seg i nakken og tilpassa seg istadenfor å gråte over ei tapt tid. Slik dei turer fram no grev dei si eiga grav. Istadenfor å tilpasse seg tida, grev dei skyttargraver og stablar sandsekker i ein krig som er fånyttes.

Musikk og filmindustrien var trege på avtrekkaren rundt tusenårskiftet, men med Spotify, Tidal, Netflix, iTunes, Google Play og utallige kanalar som gir deg tilgang til store bibliotek når det passar deg har det vorte svært bra. Ingen saknar videosjappa og movieboxen frå 80-talet, eller?

Kor langt kan eit land søkke?

Tenkte eg skulle skrive vel og lenge om kva eg meiner om ein verdsleiar, men eg orkar ikkje. Kvar ein oppegåande person skjønar kva eg meinar. For at det ikkje skal dukke opp i søk nemner eg ikkje namn.

Det er ein person som skulle tilsette dei beste av dei beste, handsamar sine medarbeidar og etatar som drit, undergrev den frie pressa. Gamle alierte, som har kjempa side om side med landet i konfliktar, naboar og handelspartnarar er svikarar. Despotar og diktatorar vert klappa på skuldra og sett opp til.

Personen har ein diktator i magen og formidlar løgn og propaganda som går det tredje rikets leiar og propagandaminister ein høg gang. Mogleg eg ser eit snev av raseidelogi også. Partiet vedkomande representerer har kapitulert. Med mindre representanten ikkje tek attval, er dei redusert til ein gjeng med virvellause dyr.

Eg hadde aldri trudd dette om landet, men eg innser at eit kvart land kan skli over i det autoritære når tilhøva er til stades. Det viser kor viktig det er for alle å stemma ved val. Du veit aldri når demokratiet blir utfordra og om det kan gå tapt.