Å gå frå Rindabotn til Leikanger ein vintersdag er ei flott oppleving. Når sola varmar og det er påskeføre, kan ein ikkje klage. Til turen treng du tur- eller fjellski. Å gå med løypeski vil eg frarå. 1/2 til 1/3 av turen vil gå utanfor trakka løype. Ski med kortfeller har eit greit kompromiss mellom feste og gli.
Du startar ved trekkhytta i Rindabotn og følgjer trakka løype for runden om Høgehaug, Sumhaug, Fjærlandssete og Jarbruvotni. Nokre hunder meter etter raude kross-boksen etter Stedjekamben, tek du av til venstre og får Helleberget i horisonten. Du følgjer trakka løype som svingar seg rundt og over Kollsetevatnet, langs Fagreggjevatnet for deretter å svinge over Jarbruvotni. Du endar ut litt over Fjærlandssete og sigler ned til skilta, som står like ved løypa.
På ein helgedag kan du følgje trakka løype sørover mot Øvstedalen, forbi Kalvavatnet og ned til der Kløvjavegen kjem i hop med stien/løypa frå Øvstedalen, litt over Furusete. Du ser starten i det siste bilete, den slake ryggen må du over/rundt for koma inn på Kløvjavegen. Du får ei lita oppstigning før du skråsigler ned mot området bak Geitadalen.
Eg saknar trakkemaskina til Per Steinar Melås. Ho var til stor hjelp når ein skulle over til Njøsadalen. Løypa var lagt i kløfta i det nest siste bilete, før den svinga nordover inn i løypa frå Øvstedalen. I dag er alternativet å følgje scooterspor her. På tidspunktet eg gjekk turen, var det ikkje køyrt. Følgjer du scootersporet, krev det at du må ta fleire høgdemeter. Du kjem høgare opp i Seltuftebotn og må over ryggen i bilete for å sigle ned på flatene over Geitadalen. Alternativt kan du ta deg ned til Hottadalen og ned Strupen til Geitadalen.
Frå Geitadalen følgjer du scooterspor ut Njøsadalen. Desse er smale og vanskelege å ploge i. I tillegg er det lett å få ski i lås i sporet etter styreskiene på scooteren. I dei brattaste partia kan det vere lurt å ta av seg skia eller sigle med feller på skia ut dalen. Rundt påsketider må du rekne med å gå frå Dalsete, over Pyttane. Det kan vere lurt å ha eit par jogge-/tursko i sekken for å sleppe å slite ut sålen og bindingsfeste på skiskoa.







