Tur: Holestølen frå Huksdalsvegen

Huksdalsvegen-Holestølen

Holestølen er ein liten støl yst i Grindsdalen, på Hukeside. Følg Sognefjordvegen utover mot Hella, forbi Fosshagen. Ca 1 km frå starten av 80-sona, like før du kjem til Grindselva, skal du ta av til høgre, opp Eggjavegen. Opp på «flata» i Holene skal du følgje Huksdalen innover til du nærmar deg Brandarhaug. Her går det ein traktorveg oppover og sørover, ut dalen.

Følg traktorvegen oppover. Etter ca 400 meter flatar det ut og du held fram 400 meter til for å nå Holestølen. Utsikt på turen er sparsom, men litt underhaldning i bekkar kan du finne på vårparten.

På Holestølen er det lurt å gå innpå stølsområde og opp i nordre, øvre del. Her nyter du matpakken med utsikt ut dalen i retning Feios og Feiosdalen. Ta gjerne med kikkert.

Tur: Holestølen frå Valbrekka

Valbrekka-Holestølen

Holestølen er ein liten støl yst i Grindsdalen, på Hukeside. Om rett skal vere rett heiter dalen dalen Huksdalen på Hukeside. Turen startar på Valbrekka og er omlag 2,5 km lang med ein stigning på ca 200 høgdemeter. For å kome til Valbrekka tek du av frå Sognefjordvegen like etter Veten, som er husa på sjøsida etter Hamre. Du følgjer Valbrekkevegen oppover forbi Fosshagen til Valbrekka, der den møter Eggjavegen som kjem nede frå Huke og skal vidare opp til Eggja. Parker på Valbrekka, men vis omsyn til dei som brukar vegen og bur der.

Frå Valbrekka følgjer du Eggjavegen oppover cirka 200 meter til du kjem til ein skarp høgresving. Her skal du rett fram gjennom grinda og følgje traktorvegen over Huke og framover mot Holestølen. Best utsikt har du nok på starten med utsikt over fjorden utover mot Vangsnes. Over Huke kan du sjå utover vestsida av dalen, Grinde og Engjasete samt fjorden frå Balestrand, Vangsnes til Feios og Feiosdalen. Etter Huke følgjer du gamal og nyare skogsveg gjennom skog fram til Holestølen. Utsikt her er sparsomt, men litt underhaldning i bekkar kan du finne på vårparten.

På Holestølen er det lurt å gå innpå stølsområde og opp i nordre, øvre del. Her nyter du matpakken med utsikt ut dalen i retning Feios og Feiosdalen. Ta gjerne med kikkert.