Etter grundige testar av Cryptomator, eg omtala tidlegare i år, har eg kome over ei lei lus. Tidstempelet på enkelte filer blir endra utan at eg kan forklare det.
I eit utval på tusenvis av filer som samla utgjorde 1 TB, var det ca. 155 GB der tida ikkje stemde overeins med originalen. Eg testa fleire gonger og det var akkurat den same samlinga filer eg fekk problem med. Det var heller ikkje noko spesielle filtypar som skilte seg. Feilen oppstod på enkelt filer, medan resten av same typen filer var OK.
Eg hadde ei anna samling eg hadde kopiert tidlegare, som eg sjekka med originalen. Her også var det skilnad på nokre filer. Her var det snakk om ca. 34 GB av 1 TB med filer som hadde feil tidsstempel. Eg er 100% sikker at alt var OK når eg kopla ned samlinga i Cryptomator for å låse av arkivet i går kveld.
Inntil denne lusa er løyst, kan eg ikkje bruke Cryptomator. Eg aksepterer ikkje at endringar skjer vilkårleg.