Politikarar sluttar aldri å forbause meg, men no er det like før det sig over i likesæla for meg. Før sommaren gjer dei vedtak, men over sommaren har nokre ekstra utbrytarar ombestemt seg. Det er svært lite profft å gå inn for ein avtale og så kome etterpå og angre seg. Det er ikkje slik at lov om angrerett gjeld på slike avtalar. Eg har i tidlegare innlegg sagt mitt i saka når eg syntes det gjekk over alle støvleskaft:
Slik eg har forstått det, meinar ein at avtala ikkje er god nok for Leikanger kommune og ein drøymer om å få ut nærare 3 gonger meir. Ikkje veit eg, men det synes som representantar har informasjon frå sentrale kjelder i Sognekraft på kor langt dei kunne tenkt å strekkje seg. Kan den nye domen i Høgsterett ha noko med dette å gjere? Men kommunen eig vel ikkje fallrettane. Er det ikkje grunneigarane? Det er eit høgt spel dei gir seg ut på og før eg går vidare vil eg sende kommunestyret ei lita musikalsk helsing. Dei treng verkeleg sparesset no og eg håpar dei ikkje er like likegyldige til utfallet som Lemmy:
If you like to gamble, I tell you I’m your man
You win some, lose some, it’s – all – the same to me
The pleasure is to play, it makes no difference what you say
I don’t share your greed, the only card I need is
The Ace Of Spades
The Ace Of Spades
Det er ikkje alltid at ting fell i kommunen sin favør. Eit eksempel er tinghus 2 og 3 som fram til 2005 husa Fylkesskattekontor, Skattefut og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Leikanger kommune hadde for ein del år tilbake gode moglegheiter å få selt dette anlegget, men ein meinte at avtala var for dårleg. For nokre år sidan var det ein eller anna som kom med ein ide om å gjere bygga om til luksushusvære for nyrike i dei baltisk/austlege landa. Trua var stor og det vart rapporterte villig vekk om dette “fantastiske prosjektet”. Kven ville vere villig til å bu i luksushusvære mellom ein kyrkjegard med gravplass og eit kloakkrenseanlegg, lurte no eg på? Den som i dag vil gi kr 1 og legge ut godt og vel 3 millionar for å rive tinghus 2 og 3, kan få gjere det. For meg er det ei gåte kven som skal stå for det.
Sagagjerde var eit hus som banken eigde ved inngangen til Rivedalen. I dag ligg plassen til huset under den nye vegen og parkeringsplassen ved vårt nye, men uferdige hall/kjøpesenter. På tida Sagagjerde vart selt var det nok uvisst om hallen og bruken av den gamle bygningen, som tidlegare husa Drægni og seinare Lærum sin eine fabrikk. Det er vanskeleg å vere framsynt, men kanskje ein investor nettopp såg det som ville kome. Han kjøpte huset rimeleg. Det vart pussa litt på det og leigd ut, som tidlegare. Etter nokre år måtte kommunen kjøpe huset for 3 eller 4 gonger for å kunne realisere hallen. Riving på over 400.000 kom i tillegg.
Som mange andre kommunar måtte Leikanger kommune avhende andeler i kraftverk på grunn av trong økonomi og føreståande investeringar. Trua på pengar tente ved å flytte verdipapir har vore stor. Men i motsetning til vore elvar og bekkar, tørkar denne pengestraumen inn og set oss på bar bakke ei tid. Heldigvis har ikkje Leikanger gått på dei same kreative luftslotta som Vik med fleire var lokka inn på med god hjelp av kommunaldepartementet. Kraftverksandelane hadde kommunen eigd vel i 40-50 år. Avkastinga hade kanskje ikkje vore for stor, men eg var av den krystallklare meininga at å selje andeler var riv ruskande feil. Seinsommaren og hausten har vist at vatn til å drive kraftverk får i rikelege mengder. Det er viktig å halde på realverdiane istadenfor satse på luftslott på børsen. Å selje det til andre for småpengar slik at dei kan tene større pengar i det lange løp er ikkje lurt.
Kva kan Noreg takke for at vi har romsleg økonomi?
Eg trur mange gløymer at norsk økonomi er i dag det den er, takka vere vår ekstremt gode tilgang på naturressursen: olje. Måten Noreg løyste dette på er vidt forskjellig frå den liberale haldninga i Storbritannia. I dag kan vi konstantere at vi har kome langt betre ut av det med vår modell enn Storbritannia. Inntektene her på berget fløymer over og tronge tider vil eg hevde at vi ikkje veit kva er.
Finanskrisa har vorte bremsa, men det er fordi statar har gått inn med massive støttepakkar. Gjelda til visse statar går langt utover eitt års statsbudsjett for staten. Situasjonen lignar meir på gjeldsbyrda etter andre verdskrig. Så kan ein stille seg spørsmålet om kor mange gonger statane kan gå inn og redda finansnæringa. Gordon Gecko fins i hopetall. Ingen må tru at dette er siste gong ting går “åt skogen”. I dag er Kina nøkkelen. Dei eig mykje i t.d. USA og eg er ikkje i tvil om at dersom dei ville det, hadde dei hatt evne til å omgjere USA til eit seddeltrykkande regime tilsvarande Zimbabwe.
Har vi det vanskeleg?
Det framleis folk som har det vanskeleg, men definisjonen av vanskeleg bør ein tenke over og definere betre. Det skal ikkje vere slik at alle skal ha to bilar, båt, hytte ved sjøen og/eller på fjellet eller for den del reise to gonger til syden for året. Kor står det at huset skal ominnreiast og møblar utskiftast kvart femte år? Kor står det at ein skal skifte ut garderoben 1 til 2 gonger i året? Kvifor skal ein alltid ha det siste i mobiltelefonar og “duppedingsar” som fort blir liggande å samle støv når spaninga og nyhendeverdien har gått ut? Er vår definisjon av vanskeleg litt for “hip” og for krevjande? Min konklusjon er at vi er litt for høgt på Maslows behovspyramide og har gløymt kva vanskeleg er.
Kva har vi i bygda?
NAV-kontor, Vegkontoret og Norge.no/Difi er ting som er lagt hit i nyare tid. Skatt, fylkeskommune, fylkesmannen og naturlegvis kommunen har vore representert her i lengre tid. Fellesnemnaren er at dette er offentlege arbeidsplassar. Victor Norman er politikaren som i mine auge har vore den som har bidrege mest. Men Akersgata felte han på bagatellar. I dag sit AP, SV og SP ved roret. Utflytting av arbeidsplassar er so som so. Iveren er ikkje akkurat markant.
Utover dei store offentlege arbeidsplassane har vi ein variasjon av mindre arbeidsplassar som t.d:
- Eit par mindre hotell som er mykje sesongavhengig.
- Avisa – Sogn si “positive og ukritiske røyst” i vesentleg saker?
- Henjatunet med servering og gardsturisme som er mykje sesongavhengig.
- Etablering av nokre institusjonar rundt om i bygda.
- Eit mindre forlag.
- Eit par serveringsstadar.
- Bilverkstad.
- Diverse mindre verksemder som konkurrerer med Sogndal i handel.
- Diverse mindre handverksverksemder.
- Sikkert litt eg har gløymt.
Eg rosar alle som er villig til å gå den ekstra mila og satse på eit eller anna i bygda.
Kva gir pengar i kassen til Leikanger kommune?
Dei offentleg kontora har mange tilsette, men svært mange av nye og unge tilflyttarane bur ikkje i Leikanger. Vi har ikkje dei same tilboda som Sogndal. Skattlegginga er stadbunden og sidan dei ikkje bur her, vil kommunen ikkje få skatteinntekter. Dei offentlege kontora har ikkje overskot og vil ikkje bidra med skatt til kommunen. Skulle det ha vore ei større verksemd her, kunne det alltids tenkjast at hovudkontoret var ein anna plass. Etter dagens skattereglar blir inntekter skattlagde der hovudkontoret er. Kommunen treng å bli meir attraktive for busetnad og for næringsutvikling for å skaffe meir inntekter. Det er ikkje vits å sitje å klage på at kommunen tek tenestenivået ned på eit lovleg minimumsnivå når dei ikkje har meir inntekter å ta av. Vi må ikkje gløyme at inntekter og utgifter heng saman for kommunen såvel som for meg og deg. Når ikkje inntektene kan auka, må utgiftene ned.
Kva anna skjer her?
- Kjeringi Open – eit etablert arrangement ei helg om våren.
- Sognefjordrennet – rimeleg nytt dags-/helgearrangement.
- Swim festival – rimeleg nytt arrangement ei helg om sommaren.
- Fruktbare dagar – diverse arrangement over ei veke.
- Mannskorrevyen – arragement rundt palmehelga (i 50 år).
Felles med aktivitetane er at det er dugnadsarrangement som står på i sterkt avgrensa tid. Dei gir ikkje eller lite pengar i kassen til kommunen. Ingen har sett seg villig til å bygge vidare å satse på noko rundt det som eg ser som eit varemerka. La meg få lufte eit eksempel:
For meg er det første det som er mest innarbeidd og er moge til å byggje noko opp rundt. Men det kostar pengar og ein må ha tilgang til dalar og flytte parkeringsplassen på Kleppa til minst Stokksete for å kome til ei høgd som er snørik og fri for skog til å kunne få gjort noko.
Skibakkar, løyper og anna aktivitet burde det vore mogleg å fått til rundt Kjeringi både ned mot Stokksete, Eitrebotn, Friksdal/Henjadalen. Om sommaren hadde ein hatt alternative aktivitetar der som sykkelstiar, rulleskiløyper og ulike nedfartsmåtar i bakkane.
Noko slikt kostar pengar og det er mang ei sjel som skal overtydast om at dette kan medføre ei utvikling av Leikanger som gjer bygda attraktive busetnadsmessig ved å tilby framtidsretta aktivitetstilbud og tenester og gjere flotte friluftsareal i Leikanger meir tilgjengeleg. Hadde noko slikt lukkast ville ein fått auka skatteinntekter med dei moglegheiter det vil gi kommunen. På den andre sida kan det sjå ut som om vi må infinne oss i at vi ligg i eit nedbørsfelt. Og skal ein følgje klimaspådomane, er det ikkje sikkert at veret tillet dette.
Kvifor gret nokon over Henjadalen?
Som innfødd har eg ikkje greidd å finne ut over kva som er så stort med Henjadalen. Er det elva som er det store? Er det den rolige vassføringa ein tørr sommar? Er det skuggen og elvatrekken som gjer Henjadalen kjøligare ein steikande sommardag? Det kan ikkje vere skigåinga ein vintersdag i det som eg vil kalle “skuggenes dal” med Ingen sol og kald elvatrekk. Er det villskapen i elva med buldringa frå vatnet og rullinga av steinar ein vår- eller haustdag? Set Dykk gjerne ein dag nede i Lundene, der elva renn friskast eller på Henjaelvbrua. Prøv å få ein blund på auga i levenet. Teltplass ved elva kan eg sikkert få ordna.
Eg har bite meg merke i at dei ivrigaste mostandarane er personar som spaserer eller joggar på den dårlege traktorvegen inn til Fivelhola og Flya. Dei bruker halve lengda av dalen. Derifrå og fram mot Nyastøl, inn Friksdal og opp mot Trastadalen eller Fjærlandsete må ein over på dårlege stiar i tett vegetasjon. Kvifor ikkje nyte fiskelukka i Trastadalen eller Myrdalen eller ta turen til Nyastøl, opp på Hovden, Sumhaug, Fjærlandsete, Pipehaug, Åsennosi eller til Synnevaskjer og Voggebreen?
Er det nokon som har tenkt over at det er berre to turpostar plassert i Henjadalen: Fivelhola, nær slutten av traktorvegen og den attgrodde, nedfalne stølen Dalhjedla, like over vegen ein halv kilometer frå bommen. Kor mange postar har vi i Grinds-/Huksdalen? Null og niks. Njøsadalen har heile fire turpostar med Fadnastølen, Tuftahaug, Skagasete og Lusaskar. Kva er fellestrekka med desse postane? Jau, dei er oppe frå dalen slik at ein får ei viss utsikt.
Det kan vel ikkje vere så enkelt at ein ikkje ønskjer å springe eller gå på ein asfaltert veg i Henjadalen?
Oppsummering
Det er godt mogleg at mange meinar at eg er pessimistisk i mine syn. Eg vil hevda at eg er realist. Det er betre med ein fugl i handa, enn ti på taket. Kraftverk er ein fugl i handa, men kan vi fange fleire? Kva er dette med lauvingsenter på Grinde? Kva kan det gi? Kva må vi gjere med vegane på Grinde for å få det til? Trur det skal vere vanskeleg å få ein masse trafikk på den vegen, slik han er i dag, utan vidare problem.
Eg har tenkt litt på moglegheit for at noko meir omfattande, ikkje-statleg, blir etablert i Leikanger, men greier ikkje å få auga på noko i horisonten. Er vi for mykje basert på at det offentlege har vore her i for lang tid? Er vi for vane til jobb 8 til 16 og manglar evna til å sjå moglegheiter og vilje til å satse? Eg er intet unntak frå denne observasjonen. På seg sjølv kjenner ein andre, heiter det. Manglar vi gründarar med stå-på-vilje og gode idear? Er vi fanga i “apple-generasjonen”? Dette er ikkje kritikk av Apple. Det var den beste måten å billedgjere det eg vil fram til:
Ein er oppteken av estitikk, former, utsjånad og sjølvrealisering. Interessa for korleis ting fungerer og heng saman er ikkje tilstades så lenge det ser bra ut eller er ute av synet. Ein er dulla bort på ei pute av tru at pengar kjem av seg sjølv. Det overflatiske, tabloide, twitterske og spissa ordkløyveriet, på kortaste mogleg plass, tek over for gjennomtenkte og til tider kritiske refleksjonar eller standpunkt.