Frå skiltet og turposten til Syril på Stokksete held du fram nordover og kjem deg opp til den skarpe svingen under Kallbakk. Her skal du ned i Aoreveitane. Det er ikkje merka sti å gå etter Når du står nede i Aoreveitane, siktar du mellom tredje og fjerde haugen aust for Fagreggi. Du skal skimte eit berg der oppe som du skal opp på. Hald retninga mot den fjerde haugen aust for Fagreggi. Oppgangen startar like under den.
Først bekken er grei å oppdage og krysse. Småskogen tettar seg til, men gå rundt på vest/venstre sida før du held fram mot den fjerde haugen. Neste bekk skal kryssast akkurat der den svingar frå nord til aust. Går du feil og kjem for langt aust, følgjer du berre bekken vestover til han kjem ned frå nord. I svingen vil det vere eit dyrerekkje som du skal følgje opp gjennom skogen. Halvveges oppi må du ut på myr og jobbe deg opp til berga eg nemnde. Etterkvart vil skogen minske og bli borte slik at du nyte utsikta.
Oppe på nedre Okslahaugane ser du Kjeringafjell, Kjeringastein og Sevi samt inn mot Skuledalen. Sikte deg inn mot Kjeringasteinen, som står oppi fjellet bak Fagreggi, og gå mot den i forholdsvis slake området. Når det byrjar å stige godt igjen, kan du finne eit berg å raste på og nyte niste, utsikt og friskt smeltevatn.
Turen er delt i to:
- Stokksete etter skiløype
- Stokksete til Okslahaugane
Bileta er teke med eit action-kamera.