Eg viser til postinga mine tidlegare postinga. I helga la eg inn att eit tidlegare diskbilete på den berbare for å sjå om Norman sin prossorforbruk hadde endra seg i løpet av den siste tida. Eg må konkludere med at ingen ting har skjedd. Norman krev opp mot 100% av prossorkrafta store deler av tida.
Eg legg ved eit par bilete som viser at den største syndaren er nsesvc.exe, (Norman Scanner Engine Service). Av og til kastar også nvcoas.exe (NVC On Access virus scanner) seg inn i kampen om ressursane. Dette er ikkje noko som skje av og til eller like etter at ein er logga inn. Nei dette står på i lange tider. Eg er nesten frista til å sei heile tida, men det kan eg ikkje gå god for. Resultatet er at Windows og programvaren oppleves veldig treg samtidig som batteritida går kraftig ned.
No er dette ikkje den einaste maskina ein merkar Norman sine herjingar på. Prøv det på ei 5 år gamal maskin med Windows XP og 512 MB ram og du vil merke både innhogget i prosessorkrafta og internminne der Norman dreg 130 MB+ med alle sine prosessar.
Mitt råd er framleis at ein skal styre unna produkta til Norman.