Eg har gått ei tid og lurt på å kjøpe ein touch-telefon med det meste som kunne erstatte «ein haug med duppedittar» og enda opp med Nokia N8. Eg såg på fleire modellar som Samsung, HTC, Iphone og Sony Ericsson X10. Ein skulle tru at butikkar i omegn hadde modellar inne slik at ein kunne gjere seg kjent med dei, men her er det for det meste berre utstillingsmodellar som ikkje kan brukast. Youtube og diverse testrapportar har vore til god hjelp for å få inntrykk av korleis dei fungerer. Det enda difor opp med at eg valde å tinga telefonen via nettet.
Valet vart avgjort på gamal vane og gode spesifikasjonar:
- Hadde Nokia E60 med Symbian -> gjenkjenneleg. På den andre sida var eg litt skeptisk sidan det virkar som om det berre er Nokia som vil halde fram med Symbian.
- Nokia N8 har eit svært godt kamera for stillbilde og video.
- Nokia N8 har romsleg minnekapasitet og kan utvidast med minnekort.
- Nokia N8 har fått mykje skryt for byggekvaliteten.
- Gratis kart og navigasjon!
- Det som tippa vektskåla til slutt var den innebygde FM-sendaren som gjer at eg kan spele musikken min i einkvar bil som har radio.
Første dagen var det berre å flytte over sim-kortet og legge min gamle Nokia E60 ved sida av Nokia N8 for overføring av kontaktar, meldingar, kalendar osv via Bluetooth. Deretter vart eg sitjande å sjå gjennom Symbian^3 og konstantere at her var det mykje kjent. Eg slapp å lære noko vesentleg nytt og kunne konsentrere meg om å få sett opp telefonen slik eg ville ha han og gjere meg kjend med funksjonane.
I OVI-Suite modus
Den største utfordringa har vore å få MediaMonkey og Nokia N8 å bli einig om organisering av musikken. Eg lagrar musikken min i FLAC for å ta vare på den originale cd-lyden når eg spelar musikken via berbar pc og eit Behringer USB-lydkort til forsterkar. Nokia sin OVI-suite støttar ikkje dette formatet, så eg må bruke MediaMonkey til å konvertere over til Nokia N8 og MP3 i Lame MP3 sin extreme quality.
Konvertering og overføring går for så vidt smertefritt, men ein får ikkje organisert det slik som Nokia har tenkt seg, som også er rimeleg ryddig med ei lita justering for kronologi. Som standard skulle musikken kome i mappa \Music\Artist\Plate\Spor. Det går greitt med Nokia OVI-Suite ved kopiering av ferdigkonverterte spor, men med MediaMonkey havnar alt på rotnivå. Eg har prøvd alternative tilkoplingsinnstillingar på telefonen, men då vil ikkje spelelistene bli aksepterte sjølv om mappeorganiseringa er ok.
Eg har søkt litt rundt og ser at tilsvarande problem er det visst på andre telefonar og mp3-spelarar. Har sjølv ein Sansa e260 der musikkfilene havnar på rotnivået på minne eller minnekort frå MediaMonkey.
Det er visse fordeler ved å ha telefonen i standard innstilling for OVI Suite over USB. Eg aksepterte i første omgang at MediaMonkey og Nokia N8 ikkje blei einig om organisering av musikk i mapper og undermapper og justerte filnamnet slik: Artist-År-Plate-Spornr-Sportittel på rotnivået. Etter å ha gjort ein del overføringar med MediaMonkey hengde maskina seg opp 2 – 3 gonger under synkronisering. Ingen reaksjon og av-knappen var einaste utveg.
Første gong trudde eg det kom av at eg hadde justert om telefonen så mange gonger at eit eller anna i Windows 7 eller MediaMonkey hadde kræsja. Dei siste gongene beit eg merke til at overføringa til telefonen gradvis gjekk tregare og tregare inntil maskina stod som «pinn i ku-skitt» og måtte slåast av.
Som USB masselagringseining
Eg tok eit steg tilbake og justerte telefonen om til masselagringseining og sytte for at organiseringa vart sett til \Music\<Albumartist>\<Dato>-<Album>\<Spor#>-<Tittel> i spelelista. Musikken havna på rett plass i mapper. Spelelistefilene er vanlege tekstfiler som kan opnast i Notisblokken. Når eg prøver å opne spelelistefilene i utforskaren på Nokia N8, klaga han på at fila var øydelagd.
Det første eg så testa var om telefonen var avhengig av ein stasjonsbokstav for å skjøne kor filene var. Symbian^3 er ikkje Windows, men det var forsøket verd. Det mest naturlege var å starte med bokstaven som minnekortet i telefonen hadde på pcen. Eg endra alle henvisningar frå \Music\<Albumartist>\<Dato>-<Album>\<Spor#>-<Tittel> til E:\Music\<Albumartist>\<Dato>-<Album>\<Spor#>-<Tittel> i ei speleliste.
Når eg no opna den modifiserte spelelista i utforskaren til telefonen gjekk det greitt, men eg fekk ikkje spele filene. Den neste var å forsøke med andre stasjonsbokstavar. Nokia N8 har 2 områder: internt lager og ekstern lager (minnekort). Eg laga til kopiar av spelelistefila og forsøkte med stasjonsbokstavane C, D og F i tillegg. Med innhaldet i spelelista med referanse til stasjonsbokstav F, slik:
F:\Music\<Albumartist>\<Dato>-<Album>\<Spor#>-<Tittel>
fungerte spelelista på minnekortet og eg fekk spele av musikken etter ho.
Konklusjon
Det å ha telefonen i USB-modus har ei fallgruve. MediaMonkey får ikkje informasjon om kva slags filformat telefonen støttar og dersom du brukar FLAC, som eg, må du først justere konverteringsinnstillingane:
I MediaMonkey må ein justere innstillingane for overføring etter eigne preferansar. Eg brukar:
\Music\<Albumartist>\<Dato>-<Album>\<Spor#>-<Tittel>
Når synkroniseringa er over må ein opne kvar speleliste som er overført til minnekortet og endre referansen
- frå t.d. \Music\<Albumartist>\<Dato>-<Album>\<Spor#>-<Tittel>
- til t.d. F:\Music\<Albumartist>\<Dato>-<Album>\<Spor#>-<Tittel>
Når du er ferdig med å justere alle spelelistefilene, koplar du telefonen ifrå og let han oppdatere seg med endringane i musikkbiblioteket.