Eg brukar MediaMonkey som standard musikksenter på pcane. Eg har ein liten Sandisk Sansa e260 musikkspelar som ikkje vil spele på lag med MediaMonkey. I standard USB-modus som er MTP vil ikkje musikken bli organisert i katalogstrukturar. All musikk må organiserast slik at han ligg på rotnivået av internminne eller micro sd-kortet. Ikkje nok med det så går det etter kvart tregare og tregare med overføringa. I USB-modus MSC går overføringa og organiseringa heilt fint, men spelelister i m3u-format som blir generert av MediaMonkey er ikkje i korrekt format for Sandisk Sansa e260. Men med nokre manuelle øvingar fiksar ein den biffen.
Først må vi få på plass første føresetnad for suksess:
- I innstillingar på Sandisk Sansa e260 set du USB-modus til MSC
Når du no pluggar inn Sandisk Sansa e260 vil internminne og eit evt. minnekort dukke opp som stasjonsbokstavar i Windows. No er det berre å overføre musikken din:
Med standard innstillingar i MediaMonkey vil spelelister hamne i katalogen Playlists på spelaren eller minnekortet. Det er like greitt at dei ligg der. Du må generere nye og backup er alltid kjekt å ha. Spelaren set eit par viktig føresetnader for at spelelister i m3u-format skal fungere:
- Spelelistene må ligge på rotnivå
- Sandisk Sansa e260 skil mellom store og små bokstavar.
Når alle spelelister og musikk er overført, må du bruke MediaMonkey til å eksportere dine spelelister på nytt i korrekt m3u-format. Det gjer du ved å navigere deg ned i mappestrukturen til venstre i MediaMonkey:
- Oppretting av nye spelelister og modifisering av desse må skje via stasjonsbokstav for internminne eller minnekort.
Legg merke til at du må gå via Min Datamaskin og stasjonsbokstav. Ikkje bruk oppføringane for spelaren som du ser over Min Datamaskin. Når alle spelelister er på plass på rotnivå, kan du lukke MediaMonkey og opne Windows utforskar:
- Høgreklikk på på spelelistene og velg Åpne i Notisblokken:
Ei speleliste vil sjå slik ut:
#EXTM3U #EXTINF:227,Extreme - Little Girls Music\Extreme\1989-Extreme\1-Little Girls.wma #EXTINF:217,Extreme - Wind Me Up Music\Extreme\1989-Extreme\2-Wind Me Up.wma #EXTINF:244,Extreme - Kid Ego Music\Extreme\1989-Extreme\3-Kid Ego.wma .....
Legg merke til at ho inneheld Music med stor forbokstav. Sandisk Sansa e260 si mappe for musikk heiter MUSIC og sidan spelaren ser skilnad på store og små bokstavar må du endre dette. Mine spelelister er vanlegvis musikk frå ein artist. Eg fjernar difor artistdelen av EXTINF-linene.
I notisblokken gjer du følgjande tilpassingar:
- Søk etter Music\ og erstatt med MUSIC\
- Om du vil kan du søke etter artistnamn – og erstatt med ingen ting.
- Lagre den korrigerte spelelista.
Repeter for kvar einaste speleliste du har lagt inn.
Når alle spelelister på rotnivå av spelar og/eller minnekort er korrigert, må du gjere følgjande for ikkje å få doble spelelister der ei ikkje fungerer og ei fungerer:
- Opne katalogen Playlists på minnekort og/eller minnekort.
- Slett alle spelelister som ligg der.
No kan du kople Sandisk Sansa e260 frå maskina og han vil oppdatere databasen sin. Alle spelelister skal fungere.