
Eg er ikkje framand med online kjøp av spel. Som gamal Half Life-fan fekk eg med meg opninga av Valve sin nettbutikk Steam. Mine erfaringar herifrå har vore heilt framifrå sidan eg registrerte installasjonsnøklane frå min Half Life Generation pack og fekk spela tilgjengeleg elektronisk, ferdig oppdatert til ei kvar tid.
Over tid har Steam fått eit stort og variert utval som no også inkluderer anna programvare enn spel. Det er ofte mange gode tilbod og eg har kjøpt nokre gamle klassikarar for nokre få 10-arar. Problemet har vore å få tid til å spele ser eg. Det har vorte heilt andre prioriteringar for min del.
Electronic Arts har dei siste åra prøvd seg med nettbutikk. I forhold til Steam er dei på barnehagestadiet, som eg vil utdjupe nærare.
1. Katalog
Katalogen over spel er begrensa til for det meste titlar frå Electronic Arts.
2. Prisar
I motsetning til Steam, som ofte køyrer tilbod på spel og programvare, har Electronic Arts valt å halde ein høgt prisnivå. I starten såg ein omtrent ikkje tilbod. Det var rimelegare å vitje CDon eller ein anna nettbutikk å kjøpe spelet til halv pris. Utover i 2013 har det betra seg litt. Eg har kjøpt eit par spel som Burnout Paradise og Need for Speed Most Wanted til svært gode rabattar. Eg trur det første kosta nokre 10-arar. Det siste kosta 130 rundt juletider 2012. Samalikna med ordinær listepris var det ca 75% rabatt. Eg sparte mykje og ungane fekk mykje moro.
Høge prisar kan ha si forklaring med at Electronic Arts tradisjonelt har distribuert via detaljistleddet CD/DVD/BluRay. Blir Electronic Arts for billige på nettet, vil dei undergrave detaljistkanalen. Denne arven er belastande for kundane så vel som Electronic Arts.
3. Implementasjon
Ungane mine har vore voldsomt fasinerte over The Sims. The Sims 3 med ulike tilleggspakkar er kjøpt på DVD/CD. I full forståingmed at eg ikkje seinare kan selje desse, har eg lagt installasjonsnøklane inn i Origin/Electronic Arts slik at eg kan ha spela tilgjengelege der.
Det har i ei tid vore ønskje om eit par pakkar til The Sims 3. Denne helga var det sal hjå Origin og eg valde å kjøpe nokre pakkar for å overraska ungane når dei kjem tilbake frå haustferien. Tinging og betaling på nettet gjekk greit. Eg mottok ordrebekreftelse med nokre tilleggkodar som løyser ut nokre småting som eit og anna kostyme. Alt såg bra ut.
Maskinene hadde CD/DVD-versjonen installert frå tidlegare så eg valde å avinstallere for å installere alt på nytt via Origin og det er her eg bit meg merke til ting som ikkje bør vere som dei no er:
Uoppdatert Sims 3
Det er heilt utruleg, men installerer du The Sims 3 frå Origin må du først laste ned 3 – 4 GB med installasjonsfiler som er den versjonen som vart utgitt i 2009. Med ein gong du vil spele får du beskjed om at denne må oppdaterast og ytterlegare 1,3 GB med oppateringar må ned. Her distribuerar ein digitalt og så greier ein ikkje sjå til at hovudinstallasjonen til ei kvar tid innheld oppdaterte filer! Dette syner at Electronic Arts er amatørar innan digital distribusjon.
Installasjonsnøklar?!!!
Etter at eg betalte for dei 3 tilleggspakkane, spratt dei på plass i Origin. Stor var overraskinga eg vart bedt om installasjonsnøkkel når installasjonen starta etter nedlasting i klienten til Orgin. Eg datt nesten av stolen. Kvifor treng eg installasjonsnøklar når eg må vere pålogga min eigen konto hjå Origin for å få tilgang til spelet. Eg kan godt forstå installasjonsnøklar ved kjøp av CD/DVD, men ikkje på digital distribusjon direkte frå utgivar!!!!
Eg leitte gjennom ordrestadfestinga, var innom kontoen min på Origin, Electronic Arts og nettstaden for The Sims 3 for å leite etter dei. Ingen stadar var dei å finne. Eg venta til kvelden utan å motta faktura eller nøklar frå Electronic Arts/Origin. Eg tok kontakt via chat og fekk der levert ut installasjonsnøklane. Eg vart forklart at det var problem med, slik eg forstod det, utsending av installasjonsnøklar denne dagen. Nok ein gong vil eg påpeike at Electronic Arts er amatørar innan digital distribusjon.
Lager for installasjonsfiler i Origin-klienten
I håp om å spare meg 2 x 10 til 15 GB med nedlastingar på ei 3 Mb line hadde eg justert Origin-klienten før eg starta installasjonsløpet på maskin 1 slik at installasjonsfiler skulle ende opp i ein lett tilgjengeleg mappe samt at eg bad om at installasjonsfilene ikkje skulle slettast etter installasjon. Tanken var å flytte innhaldet til maskin nummer 2 og 3 for installasjon. Til mi store overrasking er mappa tom på maskin 1. Eg har stoppa og starta klienten på maskin nummer 2 for å sjå om det kunne vere problemet. Heller ikkje på maskin nummer 2 ligg installasjonsfilene der eg har oppgitt at klienten skal legge dei. Nok ein gong: Amatørar!
Måndag fekk eg svar på mitt skriftlege spørsmål om kor det vart av serienummeret på tilleggspakkane som eg la inn før eg tok kontakt med Electronic Arts via chat.
Det viser seg at serienummer/lisensnøkkelen finn ein når ein trykker i (info) på spelet eller tillegspakken i Origin-klienten. Problemet er antagleg omsetjing til norsk. Serienummer/lisensnøkkelen er omtala som namngitt som produktnummer. Eit produktnummer for meg er det same som artikkelnummer i ein butikk. Kvar einaste vare av ein type har same produktnummer, men kvar vare (av ein viss storleik/verdo) med dette produktnummeret har kvart sitt unike serienummer.
Alle bokstavane og tala som utgjer serienummer/lisensnøkkelen er ikkje samla i sett med 5 og 5 som gjer det vanskeleg å sjå at prduktnummeret faktisk er serienummeret/lisensnøkkelen.
Grunnen til eg mistenkjer av omsetjinga til norsk i Origin-klienten er at det med ordrestadfestinga vert sendt med seriekodar for små tillegg som t.d. klespakker, interiør osv som vert utløyst av kjøpet av store utvidingspakkar. Desse vert i tråd med det eg er van med omtala som seriekode, ikkje produktnummer. Som de ser er det ikkje einsarta korleis ein omtalar lisensnøklar/serienummer/seriekodar hjå Electronic Arts.