Namnet gir inntrykk av at ein må høgt til fjells, men dette ein bonus til turen til Hamrestølen framom Høgehaug. Etter at du har kome ut frå skogen og byrja på skogsvegen, kan du etter eit par 100 meter ta ein avstikkar ned til utsiktspunktet. Det heng eit skilt med svak raud skrift som indikerer starten på stien. Det er ikkje meir enn 100 meter å gå før du klatrar over eit gjerde og kjem ut på ei hylle over Hanahaug med utsikt over Leikanger og Sognefjorden.
Om du har valt å gå frå Eggja er det berre å halde fram turen på skogsvegen. Hamrestølen er omtrent halvveges til utsiktspunktet Lauparfjellet.