Fy flate som eg har slite med TVen sidan januar, etter eg kjøpte Chromecast 2. Han har stått i ein av dei 3 HDMI-portane på baksida av TVen, der også antenne og ein ekstern disk via USB er plugga til. Straum til Chromecast 2 vart henta frå USB på venstre sida. Funksjonaliteten som Chromecast 2 tilbyr har fungert glimrande, men han har skapt mykje f**nskap for TVen.
Mottak av TV over RiksTV har vore dårleg. Opptak til hard disk etter programmering via programguiden til TVen har vore meir unntak enn regelen. Det byrja å dukke opp meldingar om media disk plugga på sida av TVen. Eg har skifta fleire antennar og bytt antennekablar. Eg har bytt om på harddiskar både med eller utan ekstern straumforsyning. Likevel har eg stått igjen som eit levande spørsmålteikn.
Tidligare i sommar fjerna eg Chromecast 2, men etter ei tid valde eg å setje han til teneste igjen. Nettbrettet og Chromecast 2 var så mykje enklare å forhalde seg til enn PCen eg har kopla til TVen. Utan å ha tenkt over det var problema med TVen mykje mindre i perioden Chromecast 2 låg i skuffa. Etter at Chromecast 2 var på plass igjen dukka dei gamle problema opp att. Nok ein gong vart det ein runde med bytting om på antennar osv. Eg mistenkte lamper og utstyr i rommet eller naborommet kunne forstyrre, men eg greidde aldri å finne eit mønster der eg kunne peike ut ein syndar.
Etterkvart byrja det å gå opp eit lys for meg. Chromecast 2 har ein magnet i HDMI-delen. Det er magneten som gjer at du kan brette og feste kabelstykke på baksida av «pucken», sjå på bilete. Chromecast 2 vart fjerna frå TVen og eg la merke til at mottak av TV-signal vart mykje betre. No har ikkje Chromecast 2 vore kopla til TVen på 14 dagar og problem med mottak er borte. Ja, det kan vere ein feil av og til, men i forhold til før er problemet borte. Eg testa opptak natt til i dag etter TVen sin programguide og det fungerte på første forsøk. Begge filmane ligg på disken min og eg gler meg til å sjå gamlekarane i Grudge Match.
Mitt råd: Hald Chromecast 2 langt unna TVen! Prøv å setje han på ein forlengingskabel, aldri rett i TVen!!