Turen til Stokksete på 605 moh kan du nå frå fleire stadar:
- parkeringplassen på Kleppa via sommarstien,
- parkeringsplassen på Kleppa via Raumålsgrinda,
- frå Skahaug via Raumålsgrinda,
- frå Syril stadion og opp ved inngangen til Henjadalen via Raumålsgrinda,
- via Dalhjedla i Henjedalen, eller
- parkeringsplassen på Kleppa etter skiløypa.
Du startar på Kleppa og følgjer sti opp slalombakken til Øvstestølen. Frå Øvststølen følgjer du skiløypa fram til Damefall og oppover. Har du gått på ski er terrenget kjent, om ikkje så jamnt og hardt som om vinteren.Frå Øvstestølen og opp til Stokksete er det mykje myr og har du ikkje vasstett fottøy blir du våt.
Du treng ikkje gå tilbake same vegen. Stokksete har flerie alternativ ruter tilbake til parkeringsplassen på Kleppa. Følg sommarstien over vassveitene til Henja eller gå ned til Raumålsgrinda og tilbake til Jakt og Fiskelaget si hytte.
Bileta er teke med eit action-kamera.