Eg får forklare tittelen først: Datamaskinene i dag har vanlegvis plass til 2, 4 eller fleire brikker med arbeidsminne (RAM). Ei maskin som har plass til 2 brikker kan ha installert 1 eller 2 brikker.
Fordelen med å ha 2 brikker er at du i stadenfor for den simplaste motorvegen til og frå arbeidsminne får ein fullverdig motorveg eller «Autobahn». Bandbreidde eller mengde data som kan skyflast att og fram til minne blir dobla. La meg ta ein analogi: Fleire kan reise til/frå Sørlandet på motorvegane frå Oslo enn ta turen i tilsvarande lengde til Gol i same tidsrommet. Det er mykje anna enn arbeidsminne som påverkar ytinga til ei maskin. Du får ikkje dobla ytinga, men raskare minnetilgang vil gi betra yting.
For snart 2 år sidan kjøpte eg meg ei stasjoner maskin sidan det gir mykje meir kraft for pengane i forhold til ein berbar PC. Maskina vart levert med 1 brikke med 16 GB arbeidsminne. Det siste halve året har maskina fått jobba med videomateriale i det tungt komprimerte videoformatet H.265. Eg ønskte å optimalisere maskina og spare sekundar og minutt ved å bytte ut den eine brikken med 2 minnebrikker à 8 GB.
Eg har brukt Geekbench til å måle endringa i yting. Testverktøyet køyrer mange ulike arbeidslaster som engasjere berre ein kjerne eller alle kjernene til prosessoren:
Er du ein/ei som er glad i å spele dei nye spela, kan det vere ein del å hente ved å gå for rett konfigurert minne. La ikkje det dyre grafikkortet bli hemma av at du har konfigurert arbeidsminne feil:
PS! Rådet gjeld også berbare datamaskiner!