I forrige test nytta eg gamal maskinvare. Eg tenkte det denne gong var greit å få testa nyare og kraftigare maskinvare. Min stasjonere arbeidsstasjon kjøpt for 2 år sidan har som prosessoren Intel Core 7-7700 og 16 GB minne. Eg valde å nytte ein nyare variant for Linux denne gong, Xubuntu 19.04 kontra 18.04 forrige test. Linux vart køyrt i minne frå USB minnepinne. Windows 10 er installert på PC. Testprogrammet Geekbench vart oppdatert til versjon 4.4.0.
Dei første testane viste at Windows 10 scora ein del lågare enn eg forventa. Eg starta om maskina, pausa både OneDrive og antivirus og såg eit byks på mellom 1000 og 2000 poeng eller 5-10% i multi core (fleirkjerne). Ved den endelege testinga i Windows 10 pausa eg OneDrive og antivirus. Deretter gjekk eg gjennom alle tenestene som køyrer i bakgrunn i Windows og slo av fleire, mellom anna Windows Search Indexer som går i bakgrunn og indekserer filer. Kort sagt Windows 10 er spesialtilpassa testen. Xubuntu 19.04 vart laste ned frå xubuntu.org og køyrt i minne utan noko spesialtilpassingar.
Resultatet baserer seg på snittet av 4 køyringar under Windows 10 og 3 i Xubuntu 19.04. Tabellen viser kor mykje betre eller dårlegare Linux er i forhold til Windows 10:
Windows | Linux | |||||||||
Single Core | Crypto | Integer | Float. P. | Memory | Multi Core | Crypto | Integer | Float. P. | Memory | |
Poeng | 370,25 | -138,5 | 590,833 | 527,667 | -229,333 | 1441 | -39,417 | 1878,92 | 2061,33 | -104,583 |
Prosent | 7,05 % | -2,86 % | 11,09 % | 10,36 % | -4,23 % | 8,04 % | -0,25 % | 8,66 % | 9,99 % | -1,78 % |
Som de ser kjem eg til mykje det same resultatet som i forrige test. Stussar i det minste på kvifor crypto og memory scorar dårlegare i Linux enn i Windows, når Linux leiar med rundt 10% i heil- og flyttalsoperasjonar.
Som nevnt over vart Windows 10 spesialtilpassa for testen. Tenester vart pausa og stoppa. Skilnaden ville vorte større.