Koding av video er tungt for datamaskiner. Med 4K oppløysing og 60 bilete i sekundet, er det store mengder med data som skal handsamast. Legg til overgangar, tekst, lydjusteringar med meir, kan det bli store endringar som skal pakkast ned i ein handterbar fil.
Når ein arbeidar med video på moderne maskiner, har dei (som ofte) ekstra støtte for koding (og dekoding) av video i grafikkortet. Intel har Quick Sync, Nvindia har Nvenc og AMD har VCE som avlastar prosessoren. Fordelen under redigering er at tung video flyt og det er lett å redigere og sjå over det du lagar. Når alt er klart og skal eksporterast, går også eksporten vesentleg raskare.
Eg hadde noko råvideo i 4K, H.265-format liggande frå Sognefjordrennet 2019. Eit greit prosjekt for å teste den nye maskina for videoredigering. Lengda på videoen enda opp 16 minutt og 33 sekund.
Når ein skal eksportere eller omkode til andre format, merkar ein kor tungt det er å få lagre den endelege videoen. I mitt eksempel eksporterte eg frå ShotCut sluttprosjektet til H.264, «lossless MP4», for å ta vare på mest mogleg kvalitet. H.264 er eit eldre og lettare format som vil ha mindre innverknad på omkodinga til H.265.
Over 16 minutt med video enda opp med ei fil på 33,6 GB. Handbrake vart nytta til å omkode fila til «Matroska H.265 MKV 2160p60″. Storleiken på filene vart som følgjer:
Fila som er koda med støtte av grafikkortet/Nvenc (Nividia Geforce RTX 2060) er nesten 5 gonger så stor som fila som er koda ved hjelp av prosessoren og H.265-algoritma i Handbrake. Skilnaden i tidsbruk er endå større, motsett veg:
- H.265 med Nvenc: 15 minutt og 29 sekund
- H.265 utan Nvenc: 1 time 55 minutt og 9 sekund
Det tek nesten 8 gonger så lang tid om berre prosessoren skal stå for omkoding til H.265. Ha på minne at eg nytta ein AMD Ryzen 7 3700X med 8 kjernar som samla sett kan køyre 16 samtidige (kalkulasjons)trådar. Skilnaden bør bli større om du har ein svakare prosessor.
Når det gjeld kvalitet, rangerer Handbrake dei ulike formata for koding slik:
- x265 and VP9
- x264
- Hardware encoders (AMD VCE, Intel QSV, Nvidia NVENC)
- VP8
Eg har ikkje 4K-skjermar eller -TV. Videoane vert lagt ut på Youtube. I mine auge er det ingen vesentleg kvalitetsforskjell. Når videoane vert lasta opp på Youtube, vil Youtube koda videoen om for strømming i det frie formatet VP9. Forskjell i kvalitet vil forsvinne.
Er du ein person som arkiverer mykje video, kan det vere lurt å investere tida i å kode alt utan støtte frå grafikkortet. Du får best mogleg kvalitet i minst mogleg fil. I stadenfor at samlinga di tek opp 10 TB, kan du greie deg med 2 TB. Mindre filer er også lettare å dele.