For to år sidan kjøpte eg meg ein stasjoner for å ha ein kraftig PC til nokre krafttak innimellom. Valet fall på ein Lenovo IdeaCentre Y720 Cube med Intel Core i7-7700, 16 GB RAM/minne og eit Nvidia GTX 1070-kort.
For snart eitt år sidan kjøpte eg meg eit GoPro Hero 7 Black. I løpet av vinteren, våren, sommaren og hausten har eg filma og redigert mang ein video frå turane i lokalområdet. Kanalen på Youtube finn du under namnet mitt. GoPro Hero 7 Black har eg sett opp til å levere råvideo i 4K (4 ganger full HD) i det tunge videoformatet H.265. All redigering inkludert fargekorreksjon, filter og lyd har vorte gjort i programmet ShotCut. Det har vore tungt arbeid for Lenovoen.
For ei veke sidan oppdaga eg eit knalltilbod på ei krafigare maskin. Det er ein HP stasjoner pc som baserer seg på AMD Ryzen 7 3700X saman med siste generasjon Nvidia Geforce RTX 2060-skjermkort. Her er ein test av prosessoren. I forhold til Intel Core i7-7700 blir talet prosessorkjernar dobla frå 4 til 8 med Ryzen. Kvar kjerne kan køyre to samtidige trådar, ein doblar frå 8 til 16 samtidige trådar med Ryzen.
I praksis kva utgjer det?
- Først resultatet frå Geekbench 4, eit program for å test ytelse.
- Til sist det konkrete resultatet ved eksport av ca 2 minutt og 30 sekundar redigert video frå ShotCut.
Legg merke til auken på testar som nyttar alle kjernane/trådane på prosessorane. AMD Ryzen 7 3700X doblar neste ytinga i forhold til Intel Core i7-7700.
Som du ser går det raskare når videokodinga blir avlasta med skjermkortet. Eg har testa med begge type drivarar til skjermkortet. «Game» er drivaren som er optimalisert for spel. «Studio» er drivaren som optimalisert for video og grafikkarbeid.
Med rett type drivar får ein over 25% betra yting. Eg er einig at det ikkje står i stil med resultatet med Geekbench. Eg sjekka prosessorforbruket under ytterlegare testar og det sjå ut til at ikkje alle trådane vart nytta like godt. Det var mange trådar som ikkje leverte full yting. Eg vonar det blir betre etterkvart som programmet blir oppdatert til å dra nytte av fleire prosessorkjerner/-trådar saman med støtta frå skjermkortet.
Når ein vel å berre bruke prosessoren til videkodinga, ser du at AMD Ryzen 7 3700X prosessoren køyrer over og ryggar tilbake over Intel-prosessoren. Forbetringa i ytinga er på opp til 86%, i tråd med forbetringa ein ser i Geekbench 4.