I mitt forrige innlegg sa eg kva eg meiner om EUs sitt framlegg til å undergrave tryggleiken for oss alle som individ. Ingen årsak er god nok til å skjere alle over same kam. På same tid verserer ei sak i media om programvaren Pegasus:
- Wikipedia har ei side med ei oppsummering av prosjektet
- The Guardian har skrive mykje
- Washington Post har også skrive om dette
- Kaspersky, ein kjent antivirus-leverandør, har skrive om Pegasus tilbake i 2017
Pegasus er programvare levert av NSO Group. Selskapet har kjøpt eller funne svakheiter i operativsystema Android og iOS, som det meste av mobile einingar nyttar. Dette er svakheiter (zero day) som Google og Apple ikkje veit om og dermed er det vanskeleg å vite kva som må fiksast. Sidan NSO Group treng det for å levere produktet sitt, held dei korta tett til sitt bryst for å ikkje miste svakheitene dei utnyttar.
Svakheitene gjer at ein med ei melding kan lure brukar til å klikke på ei lenke. Nyare versjonar av Pegasus kan installerast utan at målet merkar det. Artikkelen påpeikar at dagens Apple iOS 14.x er sårbar for dette angrepet. No har 14.7 kome, men den er også sårbar. Når det kjem ei oppdatering som rettar feila Pegasus utnyttar, vil NSO Group , endre Pegasus til å nytte andre svakheiter som ikkje er kjente. Har dei slike svakheiter i bakhand, vil det gå raskt. Må dei finne nye kan det ta tid. Om du les artikkelen frå Kaspersky, vil du sjå at svakheitene som vart nytta tilbake i 2016/17 vart lukka med Apple iOS 9.3.5.
Pegasus vert installert på eit så lågt nivå av operativsystemet at det har tilgang til innhald i tenester og appar som køyrer på eit høgare nivå. I praksis er Pegasus ei bakdør som gir tilgang til alt, tydeleg illustrert i artikkelen til The Guardian:

NSO Group har som mål eller intensjon å selje Pegasus berre til myndigheiter som bistand til spore terroristar og kriminelle. Men om du ser på lenkene over kan det virke som at myndigheiter har vorte vel ivrige og overvaka smarttelefoner tilhøyrande journalistar, menneskerettighetsaktivister, forretningsleiarar, presidentar, og to kvinner i sfæren til myrda saudiarabisk journalist Jamal Khashoggi. Det minner meg om eit ordtak eg høyrde for lenge sidan:
One man’s terrorist is another man’s freedom fighter
Saka viser korleis bakdører kan misbrukast og vil garantert bli misbrukte. Eg stiller difor spørsmålet:
- Synes du det er greit at EU opnar opp for at kommunikasjonstenester skal legge til rette for bakdører i sine tenester?