Sommarens mare byrjar å dukke opp på vegane. Bubilar i alle storleikar og former har byrje å vakne frå vinterdvala. Nordmenn og utanlandske sjåførar går over frå å køyre små familiebilar til bubilar. Vestlandsvegar og skrekk for autovern eller kvite sidestriper går ikkje godt i lag.
I går, litt før kl 17, køyrde eg ein tur til Sogndal. Eg kom etter ein tysk bubil i Fatla, som hadde samla opp eit par «følgjarar». Her er vegen god og etter å luska seg inn i tunnellen plukka farten seg opp. Dei to bilane framfor meg passerte han rett før 60-sona på Slinde. Eg vart liggande bak sidan farten var akseptabel. I 60-sona vart det underhaldning heilt til forbi Ølmheim.
Når du kjem inn i 60-sona på Slinde, blir vegen smalarar og midtlina forsvinn. Skrekken for autovernet og kvitastripa må ha slege hardt inn hos føraren av bubilen. Han plasserte seg så godt som midt i vegen. Når det kom bilar i mot veiva han seg meir over til si side, gjerne med ei nedbremsing. Kjekt med bilar som sperrar vegen og i tillegg køyrer i jo-jo-fart. Slik gjekk det innover mot Ølmheim. Til tider var bubilen meir over i motgåande køyrefelt, jamvel i svingar med redusert sikt. Eg valde å passere han mellom Ølmheim og Ylvisåker. Det er litt breiare veg der, men eg passa på å signalisere godt til han at eg ville køyre forbi, slik at han ikkje skulle ligge midt på midtstripa.
Opplevinga er for meg eit godt eksempel på at har du aldri køyrt stor bil, bør du heller ikkje finne på å køyre utan trening. Aller helst burde det vore obligatorisk opplæring på slike bilar. Bubilar har gått frå å vere enkle folkevognbussar til bilar med vide og til tider lange skåp. Det er noko anna å køyre ein varebil, brei som ein stor SUV, enn å køyre ein bubil med kasse vesentleg breiare enn bilen han er bygd på.
Skal du køyre større køyretøy, som lastebil, må du ta teori og praktisk køyreopplæring. Du får opplæring i korleis du skal lasta bilen og erfaring med korleis eit større køyretøy oppfører seg på vegen. Nei, køyreeigenskapane til ein stor bil påbygd ein kasse er ikkje like smidige og skarpe som for ein personbil. I tillegg blir du lært opp i å ta omsyn til medtrafikkantar. Eg har ikkje tal på gongen eg har hamna bak ein bubil som luffar avgårde i nærare 60 i 80-soner utan å ta omsyn til halen bak. Når eg blir teken att av nokon som vil halde eit høgare tempo, syt eg for at vedkomane får passere trygt. Eg skal ikkje nøre opp under irritasjon og legge grunnlag for ein farleg trafikksituasjon.