Går elektrisk med Byd Tang

Dei siste månadane har eg sett på elektriske bilar med tanke på å skifte ut ein av bilane i familien. Eg har to absolutte krav for bil:

  1. Alle som er med i bilen skal sitje bra, sjølv om dei hamnar bak meg eller eg bak dei. Med nokre centimeter for kort på 2 meter tek eg plass.
  2. Garanti og service skal kunne takast lokalt, helst i Sogndal eller Leikanger.
  3. Det skal vere enkelt å slå av førarhjelp som filholdar osv.

F.eks. vil Tesla stryke på krav 2 uansett kor gode bilane er. Eg tek meg ikkje fri for å køyre til Bergen eller Ålesund for å få fiksa feil på garanti eller teke service på bilen.

Eg har hatt Skoda sidan 1999 og vore godt nøgd med dei. Lite feil, god byggekvalitet, lite reparasjonar og gode å køyre. Dessverre har tilbodet på bilar lokalt vore dårleg og leveransetid på nye er uakseptabel. Skulle eg kjøpt ny, elektrisk, Skoda Enyaq i dag, ville det teke rundt eitt år før eg hadde fått han. Eg ventar ikkje eitt år på ein bil!

Etter nøye vurderingar stod eg att med to bilar:

  1. Ford Mustang Mach-e med trekk på 4 hjul
  2. Byd Tang, stor SUV med trekk på 4 hjul

Begge har sine fordeler og ulemper. Mustangen var god å køyre og hadde god programvare. Ulempene er storleiken i kupeen. Med min høgde syntes eg at eg sat for høgt i førarsete. Sjølv om eg justerte setet ned maksimalt, sat eg for høgt. Bakseteplassen var litt for mager. Mustangen er noko større enn Kia eNiro, men eg møtte tilsvarande utfordringar – litt for lite beinplass og litt for lite takhøgde. Når eg starta prøvekøyring stod all førarhjelp på. Trange vestlandsveger, utan merka køyrefelt, gav inga positiv oppleving. På veg mot Breim bestemte bilen seg for å korrigere meg fleire gonger på tom, open veg. Eg køyrde ut på ei busslomme og leitte meg fram til førarhjelpa. Eg fekk justert ein del, men inntrykket mitt var at ikkje alt kunne slåast av heilt. Resten av prøveturen gjekk bra, men tilliten til bilen hadde fått ein knekk. Minna om fadesen Boeing 737-8 MAX kraup fram. Noko førarhjelp kan vere god, som fartsholdar som tek omsyn til bilen framfor, men ikkje kul om eg vil enda opp med å kjempa med tilfeldige korrigeringar til ein bil som ikkje forstår trafikkbildet.

Byd Tang er ein nykommer på markedet frå Kina. Byd er ein gamal produsent av batteri og seinare bussar som er på meg inn i bilmarkedet. Byd Tang er ein stor bil. Førarplassen er svært god, eg føler meg ikkje trykka opp i taket. Dei som er passasjerar (bak meg) sit bra. Eg sit høgt med god oversikt over vegen og omgivnadane. Med over 500 hk og godt dreiemoment er det ikkje problem å flytte vel 2,5 tonn. I motsetning til Mustang er det her svært enkelt å slå av førarhjelp. Det vesentlegaste er samla på nokre få knappar nede på midtkonsollen, bak girspaken. Bilen har ny og meir sikker batteriteknologi, litium jernfosfat, som ikkje har dei same utfordringane som dei vanlege/tidlegare litium-batteriar. Minner om brannane i sparkesykkelbatteri på verkstad i Bergen i vinter. Tesla har teke i bruk denne typen batteri i kinaproduserte Model 3 og Y. Etter det eg oppfattar skal Byd levere batteri til andre produsentar som Tesla og Toyota.

Programvara i Byd Tang er det største ankepunktet no. Ho er ikkje heilt ferdig. Styringa av funksjonalitet i bilen er lett å finne fram i, men på engelsk. Tredjepartsapplikasjonar er det få av, men det vesentlege er på plass. Berre pass på at du får forhandlar til å laste ned kart til navigasjon og generelt sjå over at alt er klart når du tek over bilen. Eg er sjølvgåande og fiksa det sjølv.

Systemet bygger på Android, men har per no ikkje støtte for Google Play Services. Du kan ikkje logge deg på Google og hente ned appar frå Play Store. Over the Air-oppdateringar via telenettet kom på plass i siste versjon. Sidan det no er opna for oppdateringar utan at forhandlar må gjere det, vil oppdateringar kome raskare. App for telefon til bilen er nær ferdig og fungerer greit.

Det er sikkert nokon som rynkar på nasen sidan bilen er kinesisk, men ikkje eg. Eg var tidleg ute med å kjøpe Skoda etter at Volkswagen-konsernet tok over. Eg veit kor dårleg Skoda var før 90-talet, eg har eigd ein Skoda 120 GLS som student. Sidan 1999 har eg hatt Skoda Octavia og seinare Skoda Superb. Å gå for Byd Tang, med tanke på det eg har lært og deira plass innafor teknologi, virkar rimeleg sikkert.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.