Dagen starta med at vi rekna med at vi kom oss til rundt Oslo for ei overnatting. Men den vurderinga skulle ut vise seg å vere litt for pessimistisk. Det var heilt klart at turen langs motorvegen i Danmark og heilt til Oslo tok kortare tid enn forventa.
Første stopp var på Ionity i Greve i Danmark, sidan eg ikkje hadde toppa opp bilen kvelden før i Kolding. Deretter heldt vi fram over Storebelt og oppover svenskekysten til Konghalla for ein ny ladestopp og lunsj. Når alle var mette og lada, sette vi avgårde mot den norske grensa og heldt oss på E6 og kom oss greitt gjennom Oslo. Mykje trafikk i Ryen-krysset, men når ein følgjer med går det greitt å smette seg gjennom rundtkøyringa og vidare ned i Operatunellen.
På veg opp Sollihøgda rota vi litt. Greidde ikkje heilt å følgje skiltinga for vegarbeidet, men etter litt att og fram kom vi oss på rett veg mot Hole og CircleK der. Vi avgjorde at no køyrer vi heile vegen heim. For å unngå å hamne i stenginga av Fodnes-tunellen valde vi å køyre E16 til Tyin, over til Årdal og ut langs fjorden. Ein tur vi ikkje gjer ofte og eit greitt avbrekk med anna natur enn Lærdalsdalen. Før vi kom dit vart det eit lite «pit stop» i Bagn for kveldsmat og litt ekstra straum. Alltid godt å ha litt ekstra reserve.