Etter ei god natt på eit flott hotell med ein solid frukost, var dette ein dag med ein transportetappe mot Noreg. Først vart det eit lite stopp i Eupen for å handle. Deretter var det å ta oss nordover i Tyskland i håp om å kome så langt som mogleg. Mykje motorveg/Autobahn. Det var ein del trafikk denne dagen. Eg fekk testa 175 km/t med Ioniq 6, men valde heller å legge meg mellom 130 og 150 i dei sonene der det var fri fart.
Greitt nok at eg har god kontroll på det som kjem opp bak, men eg er nok usikker på kor god kontroll andre har på det. Men etter denne dagen kan eg nok sei at tyskarane har ein anna mentalitet enn førarane i Noreg. Naturlegvis var det dei som la seg ut som gjorde at bilen min måtte bremse litt på autopilot, men det må skrivast på at eg ikkje holdt så veldig høg fart. Aldri opplevde eg at det skjedde farlige situasjonar når det kom nokon i nærare 200 km/t i venstre fila. Tenk om alle hadde vore like vakne i Noreg. Når ein samlar ein lang kø bak seg, er det fordi ein held for låg fart og skal sleppe dei andre forbi.
Når vi nærma oss Hamburg hamna vi i kø. Årsaka var at det vart halde eit triathlon i byen denne dagen. Mange vegar var stengt og altermative ruter fanst ikkje. Måtte smørja seg med tolmod og berre følgje køen. Med cruisekontroll aktivert, var det berre la bilen halde avstand og følgje flyten. Eit lite stopp før vi kryssa inn i Danmark og sette retning mot Kolding og tok inn på eit hotell for kvelden.