Pasvikdalen

Dagen hadde vi sett av til ein tur i Pasvikdalen og jammen brukte vi heile. Eg skulle gjerne hatt ein prat med fylkeskommunen som har ansvar for vegen. Dette er den absolutt verste fylkesvegen eg har køyrt i Noreg. Allereie etter å ha passert Bjørnevatn, byrja mistanken å brei seg. Det er 120 km frå Kirkenes inn til Grenseberget. Når navigasjonen på bilen viste at vi skulle bruke tett opp til 3 timar inn, var det noko som ikkje stemte.

Nokre mil inn Pasvikdalen kom vi til eit vegområde der ein jobba med å utbetra teleskade. Det var partier innover dalen der ein hadde utbetra vegen, men i det store og heile var det til lite. På returen forstod eg korleis den dårlege vegen var bygd opp. I vegarbeidområdet hadde dei greve opp eller fjerne masse på halvparten av vegbana i knappe 2 meters djup. Då såg eg at i praksis var asfalten lagt på jord. Her var det ingen pukk, singel, finare avrettingsmasse før asfalt. Det forklarte dei utallige søkka og kulene på den asfalterte vegen innover. Steinar sveller opp frå underlaget og jord søkk saman. Følgjer du ikkje godt med når du køyrer denne vegen, er eg nesten villig til å garantere at du vil øydelegge bilen. Ingen støtteverktøy i moderne bilar vil hjelpe deg. Full fokus på vegbana og lågare fart er einaste botemiddelet.

Frå Nyrud og dei siste to mila er det grusveg med innslag av parti med sand. Denne delen er enda verre enn den asfalterte delen. Krabbefart må til tider til for å unngå å botna ut. I august 2025 køyrde eg frå Sirkka til Enare i Finland. Omlag 6 mil var grusveg. I høve Pasvikdalen var grusvegen i Finland reine Autobahnen. Samla sett er eg overraska over kor dårleg Pasvikdalen er tilrettelagt. Treriksrøysa og dalen har, slik eg oppfatta det, vorte fokusert på som ein turistattraksjon, men fy faen! Du må nesten ha beltevogn for å kome fram. Kan legge til at nesten 6 timar i bil på dårleg veg merka eg på kroppen dagen etter.

Framme ved Grenseberget var det godt å starte å gå dei siste 5 km til Treriksrøysa. Det var sol, 18 grader og ein fin trekk. Fotturen til Treriksrøysa tek i rask gange 50 minutt. Stien er tydeleg i terrenget og over myrene er det lagt ut lange klopper du kan gå på. I motsetning til her på Vestlandet der du har val om å gå opp eller ned når du skal på tur, er terrenget flatt. Der det var grus og stein gjekk det an å småjogge. Men over dei store myrene var det vått og mykje vatn. Til tider var det så mykje vatn at det gjekk opp på ankelen. Låge fjellsko eller joggesko er ikkje rett fottøy om du vil unngå å bli våt på føttene.

Framme ved Treriksrøysa vart det ein pause med drikke og fotografering. Når eg starta å pakke ned for returen, kom eit par rekruttar/grensevakter med full oppakning inkludert våpen og skarpe skot. Slo av ein hyggeleg prat med dei før myggen vart for nærgåande og eg returnerte til bilen. Tek du same turen, rekn med å bruke 4 timar frå Kirkenes til Treriksøysa og det same tilbake.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.