Etter å ha sett oss om og dekka alt i sørlege Varanger, var det på tide å gjere unna den nordlege delen. Vi kom til at vi ville ha Varangerbotn og hotellet 8 Seasons Hotel som base dei neste to nettene. Det er ikkje mogleg å dekke Varangerhalvøya på ein dag. For å besøke alle stadane må ein køyre rundt 1 000 km frå Kirkenes. Den første dagen sette vi av til å køyre ut Varangerfjorden til Hamningberg. Først måtte vi kome oss 120 km til Varangerbotn frå Kirkenes. Veret var litt grått på denne etappen. Det greit å minne dykk på distansane her i nord. Eit stykke utom Kirkenes står det eit skilt med Narvik 1079 km. Jepp, her oppe leikar ein ikkje distansar.
I Varangerbotn stoppa vi for å ta ein pause og lade bilen slik at vi var sikre på at vi hadde nok til å kome fram til og tilbake frå Hamningberg samt nokre avstikkarar, med andre ord over 320 km. Var innom hotellet før vi var tilbake i bilen og køyrde austover austover langs Varangerfjorden. Sola starta å titte fram og veret letta. Vi passerte Vadsø og haldt fram mot Vardø. Her tok vi tunnellen under sundet og dukka opp i byen. Køyrde rundt i den vesle byen og må sei at han bar preg av å vere sliten. Innimellom var det hus i dårleg forfatning og som var på veg å klappe i hop. Eit overraskande syn at tilstanden var slik, men vi skulle oppleve meir av slikt dei komande dagane. Leitte etter ein plass å ete i byen, men fann ingen stad. Virka som Vardø var i sin eigen døs denne dagen.
På turen frå Vardø til Hamningberg må du gjennom spesielle områder med steinar og berg som der laga står meir eller mindre vertikalt. Vegen er smal og vi tok det med ro. Møter du motgåande trafikk må du kunne stoppe i dei trangaste partia. Vi kom fram til Hamningberg i nydeleg solskin og tok lunsjen vår i enden av vegen. Hamningberg bar preg av å vere ein feriestad enn noko anna. Det stod att gamle hus og bygg der, men ingen næringsaktivtet.
Etter vandring, fotografering og matpause sette vi oss i bilen att og returnerte mot Varangerbotn. Køyringa gjekk nok ein gong greitt. Campingbilar slapp oss forbi og vi møtte heller ikkje mange. Eg er rimeleg sikker at i juli og august er trafikken ein heilt anna på denne vegen. På veg mot Vadsø var nedom eit par stadar og kika.
I Vadsø køyrde vi ein runde i byen før vi stoppa for ein softis. Deretter var det vel 5 mil tilbake på hotellet i Varangerbotn. Samla sett hadde vi klokka inn rundt 450 km denne dag. Eigaren av hotellet tok mot oss når vi kom tilbake og vi fekk tilbud om å delta på middag seinare. Det var ein slags samisk lapsksus med reinskjøt. Eit velkoment avbrekk i eit ellers stort tilbod av burgarar og frityrsteikt mat på serveringsstadane.