Lakselv til Magerøya

Etter å ha dekka rundt 1500 kilometer dei siste dagane, tok vi ein rolegare dag. Målet var å ta neste natt i Honningsvåg etter å ha vore på Nordkapp. Vi køyrde nordover langs Porsangerfjorden mot Olderfjord. Vi la merke til at havskodda låg tjukk i nord. For å unngå å vere på Nordkapp i tjukk skodde, valde vi å framskundet besøket til Havøysund med ein dag. I Smøfjord tok vi av mot Russelv og vidare til Havøysund. Avstikkaren er samla på 170 km tur/retur Smørfjord, det håpa vi ville gi skodda i nord meir enn nok tid til å lette.

Køyringa til Havøysund gjekk i variert landskap på gode vegar. Trafikken var ikkje den store, eg likar det når det ikkje er for stor trafikk. Sjølve Havøysund var ein plass med mykje aktivitet. I høve stadane vi hadde vitja dei to dagane virka det som ein plass med meir aktivitet og i same klasse som Båtsfjord. Godt var det å sleppe forfallet vi opplevde i Berlevåg og Vardø dagane før.

Tilbake i Smørfjord snudde vi nordover mot Nordkapp. Tåka i nord var borte. Vi passerte nokre campingbilar på vegen, men sidan vi var i siste del av mai var det ikkje store trafikken. Frå Honningsvåg var det det så godt som ikkje busstrafikk. Når eg vitja området i juni 2023 var det ein heilt anna aktivetet med fleire ti-talls bussar.

Ute på Nordkapp-platået tok dei no betalt for parkering. Kr 130 for 6 timar samt kr 10 per person i bilen. Sist eg var her var det gratis. Om eg minnes rett hadde det vore ei sak på at tilgang til Nordkapp-plattået kom under allemannsretten og ein ikkje kunne ta betalt for tilgang. Å setje opp nokre flyttbare gjerder, men ellles la det vere same grusen og steinen som sist synes eg var merkeleg. Greit om dei hadde asfaltert og laga plassen fin, men slik det var gjort no virka det som lureri. Eg forstår ikkje kvifor det no skal vere lov å ta betalt når det ikkje var lov tidlegare.

Det var litt folk rundt omkring, men i høve juni 2023 var det lite. Med sol og blå himmel kunne ein ikkje klage på er og utsikt. Vi såg så langt vi greidde. Temperaturen var fin. Likar det best når temperaturen er slik at ein kan ta på seg klede for å halde temperaturen.

Rett nedanfor platået fekk vi auge på ein kvitkval som symde dovent rundt, mest truleg god og mett. Etter ei stund med spassering, kiking på minnemerker, kunst og fotografering var det tid for returen. Vi køyrde del vel 3 mila til Honningsvåg og tok inn på hotell nede ved sjøkanten. Etter det vandra vi rundt i ein aktiv by med eit par hurtigruter liggande til kai. Seinare, medan eg etterfylte spylarveske på bilen, la eine båten frå kai og fløyta. Lyden frå skipsfløyta gjekk gjennom marg og bein og eg skvatt til.

På kvelden tok vi ein tur i byen for middag. Enda opp på ein serveringsstad der vi valde fiskesuppe. Vanlegvis når du får servert fiskesuppe er det mykje veske og fiskbitane ser du knapt. Men i suppen vi fekk servert i Honningsvåg var det masse kvitfisk. Kort og godt den beste fiskesuppen eg har ete. Der andre suppar er meir som eit slag på kjeften enn noko ein vert mett av, var fiskesuppen i Honningsvåg eit fullverdig måltid som metta godt. På returen til hotellet vart det tid til ein liten tur på puben som har tilhald i eitt av husa som tyskarane ikkje greidde å brenne ned når dei trakk seg tilbake med brent jords taktikk. Mange livlige nordlendingar var ute denne kvelden.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.