No er det ikkje slik at eg er mot aldersgrenser. Vi treng aldersgrenser for å sikre at ein person er mogen nok til å kunne køyre bil eller handsame meir eller mindre farlige kjemikalier. Men når det er snakk om ytringsfridom, bør det vere minst mogleg avgrensingar.
Eg nyttar eit verktøy som gjer at min aktivitet på Youtube vert maskert. Fleire årsaker til det, men det går eg ikkje inn på no. Av og til går trafikken min via eit land som har innført aldersgrense på sosiale medier som råkar alle. I bilete over er det ein kommentar rundt ein video som viser ei amerikansk verksemd som forbyr US Immigration and Custom Enforcement (ICE) å vere på eigedomen sin. ICE, eller tidas brunskjorter, blir kort og godt følgt ut porten.
For ein som har levd gjennom slutten av den kalde krig og roen like etter for å ende opp i ein verdsituasjon der vi sit på ei tønne med krutt, er ei aldersgrense på sosiale medier ei fare for demokratiet. For meg er det viktig at dagens ungdom og unge vaksne startar tidleg å ta innover seg kva slags samfunn dei vil leve i. Ynskjer dei eit totalitært regime som overvåker dei i alt dei gjer eller ønskjer dei eit open, tillitsbasert og fritt samfunn? For at eit demokrati skal vere funksjonelt må det vere basert på frie og opne meiningar som meir eller mindre står mot kvarandre. Frie og opne val avgjer kven som styrer.
Som alltid vil det som er fritt og ope også innehalde uønska aktivitet. Men det er her at foreldre må vere sitt ansvar bevisst. Det er de, dei vaksne i familien, som skal lære og oppdra ungane. Det er de som skal hjelpe dei å forstå og navigere samfunnet og hjelpe dei vekse opp. Ønskjer de å legge alt dette i hendene på ein stat som kan kome til å oppdra ungane i sitt ønskjebilete?