Ruins of the White House and U.S. Capitol with cracked pavement and overgrown weeds

Gratulerar USA!

1776 til 2026 er 250 år som meir eller mindre fungerande demokrati. Etter 250 år er det slutt. «By the people, for the people» har blitt erstatta med «by the money, for the money«. Dei rike kjøper seg ein diktator som let dei drive på som dei vil. Dei «folkevalde» og utøvande viser blind lojalitet til diktatoren og får skumme fløyten og leve i sus og dus. Dei hardarbeidande sit att strippa og fattige, forrådt av lovnader/løgner.

USA og Russland er i dag begge oligarki. «Val» berre for syns skuld, makta ligg ein anna stad, sist fastslege av høgsterett. Ein tragisk ende for eit land utan framtidsvisjon, klamrande til fordums makt og teknologi. USA kan ikkje lenger vise veg.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.