Vi gjekk til Austerdalsbreen i juli 2018. Eg har vurdert om eg skal ta turen igjen i år for å sjå på endringane. Tilfeldigvis fekk eg eit framlegg om å sjå ein video som er filma no i sommar om turen fram til Austerdalsbreen:
Sjølve framsida på videoen seier alt. Eg er mildt sagt overraska over kor mykje breen har trekt seg tilbake. Det er nesten som eg må ta turen sjølv sidan det nesten ikkje er til å tru. La oss samanlikna mine bilete frå 2018, så forstår du kvifor:



Heilt tydeleg at det var mykje meir is i 2018. Har du tenkt deg til Austerdalsbreen gjer du det i år eller neste år. Om 8 år har han trekt seg opp fjellsida, nett som Briksdalsbreen gjorde for mange år sidan.