Tur: Austerdalsbreen (Veitastrand)

Austerdalsbreen-020Turen til Austerdalsbreen byrjar rett over brua, som kryssar Austerdalselva, like før Tungestølen på Veitastrand. Du må gå litt over 5 km ein veg for å koma fram til breen. Stigninga på turen er i underkant av 200 høgdemeter og kjem i to puljar; på den første og siste kilometeren.

Frå brua er det ei lita oppstigning, langs foten av fjellet Skyttarpiggen. Når du rundar inn i Austerdalen skal du ned på ei lang elveslette. Du går over elvegrunn med mykje elvestein, grus og moreneryggar. Eg gjekk med fjelljoggesko, men for dei som har lett for å vrikke foten, vil eg på det sterkast tilrå at ein brukar sko med god støtte for anklane.

Den første moreneryggen møter du tidleg. Ein dag var breen heilt framme her, men i dag må du gå over 3 km til for å koma til starten av breen. Stikk opp på moreneryggane for å ta bilete eller for å få oversikt over området.

Du vil kome til å krysse små bekkar og småelver som renn ut i Austerdalselva. Over nokre er det lagt meir eller mindre provisoriske bruer av treverk. Over andre må du finne steinar å stige på. Sommaren 2018 har vore tørr lenge, men i ein våtare sommar vil eg tru at nokre stadar utan bruer kan være litt meir utfordrande å passere tørrskodd.

I enkelte områder er vegetasjonen tett på deg. Det var tider eg tenkte at her kunne ein godt teke seg ein omgang med beskjæringsredskap for å ta bort det som er for tett på stien. På den andre side er området nasjonalpark, som kan begrense slike inngrep. I det store og heile er det ikkje noko stort problem for meg, men om nokre år kan det by på større utfordringar.

På turen framover elvesletta vil du legge merke til stien opp den siste stigninga, ved foten av Austerdalsnovi. På toppen av stien, før du går ned mot breen, finn du minnetavla som vart reist 13. august 1994 til minne om fjellklatraren William Cecil Slingsby og to andre som utforska brearmen for første gong 13. august 1894. Du kan lese meir om historia hjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.