Hyundai/Kia med robuste batteri

Kom over denne artikkelen hos Elbil24. Ein stor svensk bruktbilforhandlar, Carla, har analysert framdriftsbatteriet til 9 554 brukte elbilar som har køyrt meir enn 100 000 km i løpet av perioden mellom 2022 og 2026. Dei har sett på restkapasiteten av i høve nytt batteri. Tabellen er ei positiv lesing for dei samarbeidande, koreanske merka Hyundai og Kia.

På toppen finn du dei trauste «søskena» Hyundai Kona og Kia e-Niro som nyttar det same 400-volts batteriet på 64 kWh. Restkapasiteten etter over 100 000 km er på 97,2%. No finn eg ikkje Hyundai Ioniq 6 i lista. Bilen har ikkje den vanlega «cross over» eller suv-utforminga og er nok ikkje populær nok til å kome på lista. Men søskenet, Kia EV6, som nyttar det same batteriet som min Hyundai Ioniq 6, kjem på tredje plass med ein restkapasitet tett opp under 96%.

Alt tilseie at koreanske modellar har svært gode framdriftsbatteri.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.