Youtube Music har minst to problem

Eg hoppar mellom ulike musikktenester for å sjå kva som passar meg best. Akkurat no abonnerer eg på Apple Music, men kunne tenkt noko anna. Etter fleire forsøk har ikkje greidd å få tak på brukargrensesnittet eller måten Apple Music gjer ting på. Eg har ein klar favoritt i Spotify, men Youtube Music er eit alternativ som under Youtube Premium tilbyr både musikk samt at innholdsleverandørane på Youtube får noko lite for kvar video eg tittar på saman med at eg slepp å sjå tankelause annonser. Problemet med Youtube Music er at det er fullt av uoffisielle utgivningar samt bøtter og spann med AI-musikk.

Om det første kan du ta ein titt på album til Elvis Presley på Youtube Music kontra Spotify. For sistnemnde har eg kontroll på det som er publisert, men på Youtube Music er det så mykje at eg stiller spørsmål på kvalitetssikringa. Eg lurer på om alt er lisensiert. Det kan ikkje vere slik at «Hvermansen» kan publisere kva som helst av ein artist, eller?

Ta ein titt på bilete over som følgjer artikkelen. Du kan rimeleg enkelt sirkle det meste av det som er AI-musikk etter bileta. Klikk gjerne gjennom dagens liste på Youtube og du vil fort finne «AI-artistar» på bilete. I tillegg vil du kunne ta dei andre på publiseringsfrekvens. Det er ingen som gir ut mange album og singlar per år. Når det er mange publiseringar av musikk av ein «artist» i løpet av eitt år, bør det ringe nokre klokker.

Eg har inga interesse av AI-musikk, eg likar musikk som blir komponert av mennesker og spela av nokon med hjarteslag. Skulle gjerne gått over til Youtube Music, men eg kjenner at det byr meg mot. Eg må bruke energi for å sortere AI og uoffisielle publiseringar frå det originale og genuine. Kan ikkje sei at eg er oppdaga nokon måte å få vekk det uoffisielle eller AI-musikken.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.