Fjerna Apple Intelligence frå MacOS

Ei oppfølging av mi tidlegare posting om ønskje å fjerne Apple Intelligence. Eg har leita etter enkle måtar, men hittil har det vore avanserte rettleiingar med å starte MacOS i anna modus for å fjerne filer. Eg skulle nok fått det til, men skjer det seg må eg setje opp maskina på nytt og den erfaringa ønskjer eg å utsetje litt til. Eg vart merksam på RemoveMacAI via nyhende. Etter å ha sjekka ut fleire kjelder, valde eg å hente det ned. Sette meg litt meir inn i korleis det fungerte og køyrde det på Macen min.

Omlag 14 GB med daudkjøt/AI vart fjerna utan eg har merka noko som helst. Har ikkje nytta Siri eller Apple Intelligence på Macen sidan eg ikkje noko nytte av det. Lista under Features har ingen verdi. Eg kan lese og svare på e-postar og eg har ingen interesse av å dille med AI i fotografi med meir. Nei, Apple Intelligence minner meg om bonden som klipte grisen: Mykje skrik og lite ull.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.