Kven har røyka sokka?

Har fått med meg lanseringa av den nye Tesla Roadster. Basisen er vel ikkje mykje å skrive heim om, eit alternativ til MG Cyberster. Derimot er dei andre versjonane noko anna. Har nokon tenkt over det å implementera «thruster» i bilen for i det minste auke akselrasjon, i det verste fall «bil-akrobatikk»?

Kunne du tenkt deg at bilen din blei sandblesen av ein Tesla Roadster? Dette er berre fjas og tull. Svada-generatoren Elon Musk slår til igjen. Ser ikkje for meg at nokon av desse spesialmodellane blir godkjent i Europa. Slik eg vurderer det er heile lanseringa eit forsøk på å berge Tesla etter fadesen med Cybertruck. Nei, skal eg ha meg ein to-seter får eg ta ein titt på MG Cyberster.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.