Apple Intelligence/Siri tek opp over 31 GB av 256 GB på min MacBook Air under MacOS 27. I mitt daglege virke har eg aldri nytta Apple Intelligence med unntak av sporadisk testing. Eg ser heller ingen behov for å bruke det seinare. Vil eg finne ut av noko lit eg aldri på KI. Alt på sjekkast ut opp mot etterrettlege kjelder. Har i testar opplevd at KI blandar saman løysingar og ein kan fort ende ut med ei løysing som f.eks. ikkje passar mitt utstyr eller problem.
Eg har eit ønskje om at Apple legg til rette for å kunne fjerne Apple Intelligence på ein enkel måte. Slik det er no får eg ikkje att lagringsplassen om eg slår av Apple Intelligence. Plassen spart ved å fjerne Apple Intelligence kan betre brukast til mine eigne data.