Bjødlao på katten

-----BEGIN PGP MESSAGE-----

owGbwMvMwMSoJSU+S77d0olxzYIkzpLU7OISvZKKkswkbR7fxLz0VIXUIoX8stSi
osTi7EQwS6EoNTsvMy89UaEkM0chOD89LyUxRyE7Pze3NC9VIS2/SCGxrDi1pASs
JLEMJpOSCdRXcnhHUWqenkJYao6OQlLW4R0pOYn5ChmpeekKqUCUCTQgP10hMQfM
Kji8VCG/KCUNqCcRpIurk9GYhYGRiUFWTJFlYfgi4/wM84L9DUdFYV5gZQI5m4GL
UwAmovGK/X8tp6T+SeZE9ose+SvrHSWfzP4ozpeymEPDVOPmfj/matMDer/dhN5O
nKbPwHO67jnPHaH5AmyMSgndbOWF3BWHldum/fus96Z48s+lK5+e95nKz7/Irzf7
2f6uXQcCp6RdKlvvs37H+lMf3qW+DuPOvXTBKU/cpDrj7YKImV8Y7wbN8r+5oVdj
a+L95j/Ki5dbq0xxYmOLX7mb96lRGrP3vDCpj4qJZ45N5bZobvOVnq2bYeg1aefN
mluPfMXcuT1WP1E9o37Eudm3vKpvQfzySJXDSSrioaai7+8V33jH9Oal2NNtTy5O
m1qYVXjPfEZ7WcyWY5Jr68qP1+7fa+3cbKoTOmnJ6ledUvMWKQAA
=uO5g
-----END PGP MESSAGE-----

Oppgradering frå versjon 7 til 8 av OpenMediaVault

Har hatt gåande server med OpenMediaVault i 7 år no. Tidlegare oppgraderingar har gått bra. I dag gjekk ikkje oppgraderinga heilt perfekt. Det første var at eg har skifta ut disken som systemet ligg på for ei stund tilbake. Det medførte at oppgraderinga ikkje kunne plassere oppstartslastaren. Takka vere gode tilbakemeldingar i løpet av oppgradering, var det enkelt å løyse opp utfordringa med føreslegen kommando. Deretter gav eg kommandoen reboot og systemet starta på nytt.

Alt kom tilsynelatande opp att som normalt. Eg skulle logge meg på nettlesargrensesnittet, men her fekk eg ei kort feilmelding med 502 OK. Uansett kva eg gjorde, kom eg ikkje inn. Brukarnamn og passord var korrekt, ja. Eg prøvde å leite i loggar, men fann ikkje noko som var til hjelp. Må nok innrømme at lesing av loggar ikkje er noko eg gjer ofte. Av gamal vane gjekk eg vidare til foruma til OpenMediaVault. Slike forum er ei gullgruve uansett system eller applikasjon dei støttar. Etter nokre kjappe søk fann eg liknande historiar som peikte på konfigurasjonen av php og nginx. Det vart tilrådd å køyre eit par kommandoar for å sjekke og rydde opp:

omv-salt deploy run nginx phpfpm
nginx -t

Ser ut til at dette retta problema, no får eg til å logge inn i nettlesargrensesnittet.

Avansert sikring av dine data hjå Apple

Etter at Google skaut seg sjølv i foten med desemberoppdatering av Android til min Google Pixel 8, fullførte eg overgangen i romjula. No er eg også takka vere Microsoft med sitt eige skot i foten, Windows Recall, enda opp i Apple-universet. Ei sanning med modifikasjon, sidan den kraftige, mobile arbeidsstasjonen min framleis køyrer Ubuntu 24.04. Uansett Google og Microsoft har mildt sagt sett i skammekroken.

Etter å ha vore borte frå iOS eit par års tid, er det litt å setje seg inn i att, men det tok ikkje langt tid før eg vart varm i trøya. Nett som å sykle, ein gløymer ikkje det så lett heller.

Det siste eg har teke titt på er «avansert databeskyttelse«, ei ekstra sikring av mine data der Apple ikkje har nøklane. Denne sida gir deg ei oversikt over skilnaden mellom standard og avansert sikring. Der det står at nøkkellagring er handtert av godkjente einingar, betyr det at Apple ikkje har nøkkelen som kan låse opp data/informasjon. Som du ser av tabellen blir ein god del meir informasjon sikra ved å slå på avansert databeskyttelse.

Den enklaste måten å aktivere det på er å spørje familemedlem og/eller venn om dei kan vere din gjenopprettingskontakt. For eigen del valde eg å opprette ein gjenopprettingsnøkkel som eg tek vare på ein sikker plass.

Nødvendig, men blir 10 år tilbakesteg

Vel fem år sidan var det det juridiske som var problemet med skytenester frå over dammen. No er det historien som gjentek seg med eit totalitært styresett som gjer kva det vil. Utestenger personar pga av deira arbeid for f.eks. Den Internasjonale Straffedomstol (ICC) eller nektar innreise for personar som har jobba med lovverket for digitale tenester i Europa eller fridom.

Danmark er i søkelyset sidan Grønland er ettertrakta. Eineveldet kan finne på å be om at tilgangen til amerikanske skytenester blir stengt for (offentlege etatar i) Danmark. Blir du utestengt frå Microsoft ryk både kontorstøtta og alle autentisering med tilgangsstyring for det økosystemet og alt som det er knytt til. I tillegg må vi ikkje gløyme alle produkt som verksemda eller offentleg etat har køyrande i skyplattformen Azure til Microsoft. I tillegg kjem alt det andre som kan ligge i Google (Cloud) og Amazon (Web Services).

Kva skjer om kontorverktøy og driftsplattformane dine forsvinn?

Danmark førebur seg, men eg kan ikkje minnast at Noreg har starta noko tilsvarande. Det må vi gjere. Vi er snart ferdig med det første året til tyrannen. Han har tre år att og kan finne på mykje. Vi må gå utifrå at liknande arvtakarar vil ta over og halde fram på same måte. Med mindre vi vil velje å ikkje stå side ved side med Danmark i konflikten rundt Grønland, må vi snarast setje i gong same arbeid. Å vente meinar eg ikkje er eit alternativ.

Utfrå artikkelen ser at ein baserer seg på Ubuntu Linux som operativsystem. Operativsystemet vil ikkje skape utfordringar for brukaren. Det liknar mykje på Windows eller MacOS og kan konfigurerast slik at overgang knapt blir merka. Microsoft Outlook erstattet med e-postklienten Evolution. Nyttar Evolution sjølv og den liknar mykje på den tradisjonelle Microsoft Outlook. Office-pakken med blant annet teksthandsaming og rekneark er bytt ut med LibreOffice. Allereie her treff ein på den store mangelen. Det som er valt har ingen samarbeidsfunksjon som Microsoft 365 eller Google Workspace. Du kan berre gløyme samarbeid og samskriving i same dokument. I tillegg ser eg ikkje noko samarbeidsklient som Microsoft 365. I korte trekk er mi vurdering at denne løysinga som er valt er noko som set ein ti år tilbake i tid. Det vil vere ei ulempe, men utviklinga som har skjedd over dammen det siste ti-året tilseier at vi no ikkje lenger kan sjå mellom fingrane. Mafiastaten er fødd og vi skulle vore sjølvstendige for år sidan.

Kan legge til at det finst løysingar som t.d. Nextcloud eller Owncloud for samarbeid tilsvarande Microsoft 365 og Google Workspace, som gir oss fullt rådevelde for våre data. Ser med spaning fram til utviklinga i Danmark og for den del Tyskland. Håpar at Noreg vaknar og førebur seg på same måte.

Snart kan vi gløyme å halde noko privat

Dei siste 5 åra har blitt meir og meir dystopiske. Fana mange går bak er å trygge ungane (for ein kvar pris). Vel og bra det, men ikkje når framlegg til tiltak er totalt fråkopla gode, uavhengige konsekvensvurderingar. Ein risikerer å kaste babyen ut med badevatnet.

Storbritania innførte alderverifikasjon tidlegare i år, det skapte rabalder og bruken av virtuelle private nettverk (VPN) skaut i veret slik at ein kunne aksessere sider via land som ikkje hadde alderverifikasjon. Det vart lansert ei underskriftskampanje for å få trekt tilbake denne lova. No skulle dette opp til debatt, men villfarne politikarar kjem med nye forslag som vil fjerne alle innbyggarar sin rett til privatliv. Sjølve framlegget kan du lese i sin heilheit her.

The amendment text specifies that any “relevant device supplied for use in the UK must have installed tamper-proof system software which is highly effective at preventing the recording, transmitting (by any means, including livestreaming) and viewing of CSAM using that device.”

Framlegget krev at brukaren sine einingar må få installert programvare som undersøker alt på eininga for å søke etter ulovleg innhald. Med andre ord konstant overvaking av all privat kommunikasjon, media og filer under dekke av å skjerme og trygge ungane. I artikkelen blir det peikt på:

The latest figures from German law enforcement offer a clear warning about the risks of expanding this type of surveillance: in 2024, nearly half of all CSAM scanning tips received by Germany were errors.

Det er ein skremmande andel og viser at mange uskuldige får eit søkelys urettmessig retta mot seg. Jamvel om ein er uskuldig kan ein i nærmiljøet verta brennmerka resten av livet. Ein må ikkje gløyme at mange vil kunne meine at der det har vore røyk, har det vore eld.

La oss leike oss med tanken at overvaking er heilt greitt. Eg og du har ikkje noko å skjule? Reknar med at telefonen din har kamera, nett som min. I tida ungane vaks opp tok eg mange bilete og videoar. Bilete og videoklipp frå gleda av å bade (nakne) i badekaret, blir tørka etter bading, ungane vandrande på stranda meir eller mindre nakne, leikande i sjøkanten. Slike bilete og videoklipp vil ikkje eit automatisert system kunne sjå skilnad på i høve det ein vil til livs. Ditt private liv er (ofte) knytt til nokre (få) store leverandørar som blir pålagd å handheve overvakinga. Dei har ikkje tid til å finvurdere dine minner. Triggar systemet på eit eller nokre få, vil din konto bli låst og sletta. Om ikkje du har kopi av bileta og videoklippa lokalt, vil du aldri få sjå minna igjen. Alle minner, musikk, underhaldning, litteratur, abonnement, programvare og personlege dokument med meir knytt til konto(ane) går tapt.

I dei siste åra er fokuset å gjere alt for ungane, men i ei verd stadig meir polarisert, vil det neste bli dine meingar eller politisk ståstad?

Her kan du lese meir om pastor Martin Niemoeller.

«Vegen til helvete er brulagd med dei beste intensjonar» blir tilskrive Bernhard av Clairvaux. Sjølv gode intensjoner kan føre til negative konsekvensar om ein ikkje gjer gjenomtenkte val. Ordtaket er eit varsel mot å undervurdere ansvar og konsekvensar av sine handlingar. Ei evne eg oppfattar fleire og fleire virkar ikkje å ha, vil eller kunne bruke.

Alt forsøkt, men framleis defekt

I går gjorde eg det eg ikkje ønskte å gjera, nullstille min Google Pixel 8. Tok sikkerheitskopi til skyen før nullstillinga, men det gjekk som venta. Eg hadde eit svara strev med å gjenopprette sikkerheitskopien. Problemet er at framgangsmåten ved oppsett ikkje tilbyr deg tydeleg nok alternativet med å gjenopprette og dermed gjorde eg i starten feil val fleire gonger. Sat att med ei kjensle av at nokon har utforma dette for å IQ-testa brukarane. Her må du lese nøye småteksten og mellom linene.

Fekk til slutt gjort dei rette vala og såg at appar blei installert og lagt i dei gamle, velkjente samlingane. Men problemet er at du etter at appane er installert framleis må autentisere deg i eller setje opp att kvar jævla app. Du får ikkje tilbake appane ferdig oppsett slik appen var før du nullstilte telefonen. Gjenoppretting i Android er i mine auge verdilaust. Du kan like gjerne setje opp alt frå grunnen av og med det sleppe å laste ned appar som du tidlegare hadde installert, men ikkje brukar lenger.

Testa med «blank» telefon før vellukka gjenoppretting samt etter gjenoppretting. Problemet var der framleis, det er ingen moglegheit å aktivere trådlaust nettverk eller Blåtann på telefonen. Eg har gjort alt, det blir ikkje meir Google-telefonar.

Framleis knekt

Viser til Google knakk Wifi og Bluetooth. I går 17. desember kom det ei lita systemoppdatering til min Google Pixel 8. Tenkte at no kjem fiksen på problema telefonen min har hatt sidan tidleg i desember:

Skuffa kunne eg etter oppdateringa slå fast at ho løyste ingen ting for meg. Trådlaust nettverk eller blåtann kan framleis ikkje aktiverast. Tolmodet mitt med Android er syltynt sidan dette ikkje er det første flaggskipet for Android eg har hatt problem med.

Google knakk meir

Viser til gårsdagens posting om det eg har opplevd etter desemberoppdateringa av Android 16. No ser det ut til at min Google Pixel 8 har fått eit ekstra problem. Telefonen greier ikkje oppdatere til den siste oppdateringa av Google Play. Telefonen laster ned, startar på nytt. Det tek ca 1 minutt og telefonen startar på nytt igjen. Når eg sjekkar status på Google Play-oppdateringa, er Google Play framleis berre oppdatert til 1. november 2025.

Eg har forsøkt å oppdatere tre gonger dei siste dagene. Det same skjer kvar gong. For meg virkar det som om telefonen lastar ned forsøker å installere oppdateringa, men veljer å rulle oppdateringa tilbake. Under har eg lagt ved «skjermskot» over det som skjer:

Google knakk Wifi og Bluetooth

På min Pixel 8 fekk desemberoppdatering av Android 16 uventa konsekvensar. Den trådlause nettverksdelen samt Blåtann får eg ikkje lenger slå på. Med det ryk moglegheita til å:

  • spele trådlaust musikk til musikkanlegg eller headset
  • «caste» video til TV
  • fjernstyring av ulike eingar via Blåtann
  • gjenfinning av Blåtann-merker
  • trådlaus Android Auto
  • bruke telefonen som nettverksrouter på reis
  • og sikkert andre ting eg har gløymt…

Eg har brukt timar på å gå gjennom rettleiingar og råd for korleis ein kan fikse alt frå enkel restart til det å slette/nullstille all konfigurasjon av nettverk og blåtann. Har sett gjennom postingar i fellesskapet til Google samt registrerte saker i Android issue tracker og kan konkludere med at eg ikkje er åleina med dette problemet. Ei nullstilling av telefonen vil ikkje heller hjelpe meg. Men før eg hadde gjort noko slikt måtte eg kjøpt meg ein ekstra telefon, slik at eg får overført kontrollert dei delene som eg er avhengig av tryggleiksmessig.

Eg er djupt skuffa og vonbroten over kvalitetssikringa til Google. Har tidlegare hatt Google-telefon, ein Nexus 5. Det er nokre år sidan, men eg var framme på Styggevatnet i Jostedalen ein sommar. Eg tok bilete frå demninga av området rundt og brått gjekk telefonen i svart. Telefonen var død, fekk ikkje slått han på lenger. Bileta eg tok på turen tok telefonen med seg til dei «digitale jaktmarker».

Min Pixel 8 har eg hatt i knappe to år no. Før desemberoppdateringa har eg ikkje hatt noko å setje fingeren på. Men eg synes det er ytterst merkeleg at Google greier å øydelegge for sin eigen telefon-serie på denne måten. Kor er kvalitetskontrollen? No tel eg på knappane med å melde overgang til Apple. Har hatt iPhone og iPad og kan ikkje hugse noko tilsvarande frå den kanten.

Lydbok

Mi lydbok-reise starta tilbake i mai/juni 2023. Ein kollega tilrådde det varmt og det tok ikkje lenge før eg forstod kvifor.

På ei lang reise nordover, heilt til Nordkapp i midten av juni 2023, vart lydbok ein viktig følgesvenn på køyreturen. Det fine med appane er at du kan stille inn farten på lesinga. Når eg køyrer, likar eg å auke lesefarten med 50-70%. Nei, det blir ikkje teikneserie-stemmer av å auke farten på lesinga. Prøv sjølv på Youtube og auk farten på ein nyhendekanal om du ikkje trur meg. Lyttar eg heime, i ro og fred, kan eg doble farten på avlesinga. Nokre gonger skulle eg gjerne ha auka farten meir, alt avhengig av kven som les boka. Uansett gjer det fokuset mitt sylskarpt.

Merksemd er viktig når du køyrer bil frå tidleg morgon til seint på kveld (7-21). Å vere engasjert i forteljinga gjer meg meir merksam på trafikkbildet. Eg hugsar framleis kva slags bok eg lytta på tidleg ein morgon på veg frå Steinkjer, eit lite stykke nordom Snåsa, når ein elg valde å kryssa vegen. Eg hugsar kva eg høyrde på til og frå Nordkapp, frå Olderfjord. Den spissa merksemda som følgje av at eg lyttar på lydbøker er nesten skremande.

Gjennom dei siste 2,5 åra har eg lytta meir på lydbok enn på musikk. Rundt 150 bøker er «fortært». Eg har prioritert fakta, historie og biografiar. Romanar og anna fiksjon har det blitt lite av. Planen min er å ta for meg av dei gamle klassikarane frå Knut Hamsun med meir. Om du ønskjer å lese meir litteratur kan eg ikkje varmare tilrå at du prøver ut lydbøker frå BookBeat, Fabel, Storytel eller Nextory. Det kan kombinerast med så mykje. Multitasking har aldri vore lettare…