Resirkulering

openmediavaultOm ei fil ikkje eksisterer på tre ulike stadar eksisterer ho ikkje!

Backup eller sikkerheitskopiering kan aldri undervurderast. Mykje blir i dag lagra i sky og ein kan velje å lite på skyleverandøren, men «shit happens» og full 100% tillit er kanskje ikkje lurt. Gjennom åra har eg samla mange minner og eg sikrar dei på mange måtar for best mogleg å ta vare på dei.

At eit platelager (hard disk), SSD eller anna lagringsmedie feiler er ikkje eit spørsmål om, men når det hender. Eg har kjennskap til ein hard disk som har teke kvelden. Prøver eg å koble han til utstyr ryk det frå kretskortet, ei klassisk kortslutning. Med mindre du er villig å betale fleire titusen kroner til eit firma som har ressursane til å hjelpe deg, er minna borte. Har du sikra dine minner?

Innanfor kortidsperspektive har eg satsa på eigen server for backupfiler. I løpet av åra har det samla seg opp diskar frå berbare maskiner som følge av utskiftin tilraskare medie (SSD). For nokre år sidan kjøpte eg ein billeg pakke med hovudkort, prosessor, ram/minne, kabinett som eg supplerte med eit trådlaust nettverkskort. Den første tida køyrde eg Ubuntu med Samba-filserver, men for omlag eitt år sidan bytte til Openmediavault, ein spesialisert med fouks på fil- og mediedeling. Eg har fyllt han opp 6 diskar og i underkant med 3 TB lagringsplass. Ved hjelp av Windows sikkerheitskopiering lagrar alle maskiner i huset kontinuerlig kopiar av filene til han.

PS! Dette vart nok litt komplisert for deg, eller? Du treng ikkje å gjere det meir komplisert enn at du kjøper og koplar ein ekstern hard disk til maskina for å lagre dine sikkerheitskopiar. For all del ikkje gløym å setje opp Windows sikkerheitskopiering!

Tur: Vålamyri frå Eggja

VålamyriVålamyri er eit lite vatn eller kanskje rettare sagt eit tjern som ligg bak Høgehaug. Den kortaste turen hit går frå Eggja. Du følgjer traktorvegen til Hamrestølen, ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Du går forbi det første selet og samanrasa løa. Etter ca 40 meter kjem du til  stien som går inn i granskogen, bak Høgehaug til Kleppa. Det heng eit skilt med Vålamyri 1 km på ei stor gran ved starten. Du følgjer den blåmerka stien gjennom skogen til du kjem til skiltet som peikar ned i Vålamyri.

Dei siste åra ser det ut som Vålamyri har vorte lite brukt. Frå stien er det berre å gå nedover til det flatar ut. Det er ikkje mange titals meterane, men i skog er det ikkje alltid like enkelt å gå i rett line. Du kjem antagelig ned til vatnet først. Dersom du går litt sørvestover kjem du til restane av ein leirplass.

 

Tur: Tuftahaug inn Njøsadalen etter vegen

Tuftahaug via Fadnastølen 043

Eg har tidlegare skrive om turen til Tuftahaug etter gamal sti . Eg gjekk i mai 2019 ned frå 400 meter oppe i Botnabakken til brua i vegen til Skagasete. Konklusjonen min er at stien er på veg til å bli teken tilbake av naturen. Etter at grusvegen vart forlenga til Geitadalen og gir enklare tilkomst til både Hottadalen, Kløvjavegen og Tuftahaug, blir ikkje stien opp Botnabakken brukt lenger.

Skal du fram dalen er det enklast å følgje grusvegen fram austsida av Njøsadalen i ca 5 km, til du kjem til snu- og parkeringsplassen i Geitadalen. Turen fram vegen tilsvarar omtrent turen til Flya i Henjadalen i lengde, men der endar samanlikninga. Henjadalen er rimeleg flat, medan Njøsdalen frå Kvålen har ei langt kraftigare stigning. Flya ligg på ca 370 moh, Tuftahaug ligg 300 høgdemeter høgare. På snuplassen går du ut på svaberget og følgjer sti opp til stien mellom Tuftahaug og Hottadalen. Ta til høgre og følg han stien par hundre meter til Tuftahaug.

Når eg går til Tuftahaug, pleier eg å gå fram via Fadnastølen og Numeskar for å gå/jogge heim Njøsadalen. Eg synes det er ein fin og variert tur. Om du ønskjer utsikt på turen tilbake er det å gå fram dalen etter grusvegen. På turen fram har ein alltid ryggen til utsikta og nede i dalen, etter vegen, er lite å sjå på heimvegen. Går du heimover over Numeskar til Fadnastølen, kan du sjå meir til Sognefjorden og omliggande natur.

Tur: Hamre til Eggja

Hamre-EggjaEin liten tur på 1,3 km frå siste garden i Hamrevegen. Om du tek bilen for å kome deg til starte, parker på fruktlageret. Det er ikkje plass til å parkere i Hamrevegen.

Du følgjer traktorvegen på Hamre opp gjennom frukttrefelta og over Ytre Hamre til du kjem inn på stien, som vil ta deg gjennom skogen og opp til innmarka, under Haugane på Eggja. Her vil du kome inn på ein traktorveg som tek deg opp til Haugane, benken og utsikt over fjorden. Det kan gå dyr i området så det er viktig å late att alle grindene du må gjennom.

Du kan alltids går rett ned att der du kom opp, men eit anna alternativ er å følgje Eggjavegen nedover, forbi Fosse, til krysset på Valbrekka. Her går du austover i retning Hamre, ned Valbrekkevegen og over Fosshagen til du kjem ned til Sognefjordvegen. Følg den nokre hundre meter og du er tilbake på Hamre. Hald godt sida di innover. Om sommaren kan det vere ein del trafikk etter Sognefjordvegen til/frå Hella.

Har du lyst på ein lang tur kan du gå ut på Hamre, opp til Eggja, tilbake til Kleppa langs stiane og heim via sti til Frækaland. sti til Leite (Halvteigen) eller Kleppavegen. Neste gong går du kanskje i motsett retning og ein anna sti frå Kleppa til Eggja.

Alternativ 1 – opp til / ned frå Haugane:

Alternativ 2 – opp til / ned frå litt vest for Haugane i Eggjavegen:

Mykje arbeid, men vel verd det…

videoklippEg visste ikkje heilt kva eg gav meg ut på når eg bestemte meg for å redigere råvideo frå videobanda mine til filmklipp. Eg fekk overført VHS-C (analog) til DV (digitalt format). Med videobanda digitalisert var det enkelt å få dei over PC for redigering til sjølvsendige videoklipp.

Det har vorte mang ein time med Pinnacle Studio. Reint vilkårleg gjorde eg ei oppteljing av ferdigredigert video. Litt overraska kan eg konstantere at i løpet av perioden 1993 – 2017 har eg  laga 743 filmar/klipp. Det meste  har vorte delt med bestforeldre på DVD.

I dag, 20 – 25 år sidan starten, vil eg sei at det var vel verd innsatsen. Hadde råmaterialet blitt liggande på videoband, i uredigert format, ville mangt eit minne forsvunne hen i gløymeboka. No kan eg når som helt plukke fram ei videofil og bli påminna når tvillingjentene mine byrja å gå, ungane si deltaking i Norway Cup eller Sør Cup.

Har du liggande videoband eller lause filer her og der, vil eg sterkt tilråde å investere tid i å få dei redigert til sjølvstendige filmar/videoklipp. Når du blir godt vaksen, er det alltid kjekt å ta ein titt tilbake. Og ja, som meg, vil du nok ikkje hugse alt før du ser det igjen!

Vil du vera med, ikkje sov …!

Eg registrerer at (lokal)pressa klagar på reduksjon av distribusjon sidan ein reduserer postomberinga. Eit lett gjenkjenneleg parti heng seg på denne klagesangen. Men det er ikkje slik at alt skal vere slik det var. Postombering var ein gong i tida viktig. Alt vi fekk av informasjon kom på papir: Postkort, brev, reklame, rekningar, aviser, ukeblad, magasin, teikneseriar osv. Av det eg har lista opp er det berre litt reklame som kjem i postkassen min. Postkort og brev sender eg ikkje. E-post, chat, SMS og ein telefon i ny og ne har teke over dei siste 20 åra. Er det noko viktig frå det offentlege får eg post i den Digitale Postkasse. Skattemeldinga ligg i Altinn. Rekningar kjem på e-post eller i nettbanken. Ein kan ikkje oppretthalde tenester berre for at det er kjekt. Like lite som ein kan satse på at bensin og diesel vil være alternativet i framtida. Alt er i endring heile tida.

For min del består post i å bere reklamen frå postkassen og kanskje nett sjå over han før eg legg han i den blå/papir papirbosset når eg kjem heim, etter ein 200 meters gåtur. Ja, eg kunne ha sett opp ein klisterlappe på postkassen, men det virkar som dette løyser seg sjølv.

I eit miljø- og for den del økonomiperspektiv er det ikkje forsvarleg at vi på død og liv skal behalde ein ombering kvar dag. Bilane blir meir miljøvenlege, men kvifor skal vi fylle vegane med bilar som berre flyttar luft. Papir er ikkje lenger det primære «transportmiddel» for informasjon. Eg ser det som tullete å trykke informasjon på papir berre for å kaste det i søppelet. Den digitale alderen er over oss og nokre mediehus har teke omsyn til dette, jf. Nettavisen og lokalt Porten i Årdal.

Dei som sit att på gjerdet er dei gamle tradisjonelle, konservative bakstrevarane. Greit nok at dei har fått appar til å lese avisene på, men på eit nettbrett er det ikkje bra. Det er heller ikkje bra på e-pages.dk på PC. Intet er designa med digital presentasjon i tankane. Dei tvingar deg til avis-formatet som det skal zoomast på. Når du skal over i artikkelmodus, blir presentasjonen elendig. Det verste eg veit er animerte billedseriar som blafrar forbi i artikkelen. Eg saknar ein spaltelayout som gjer at det er lett å lese fordi auga ikkje treng å bevege seg over heile nettbrettet. Små artiklar og meldingar blir merkeleg presenterte. Appane ber preg av det vi kallar «venstrehåndsarbeid» og brukaropplevinga blir deretter. Eg vil vere så frekk å hevde at det virkar som dei brukar dårlege løysingar som verkemiddel til å få med seg abonnentane i klagesongen sin.

Den tradisjonelle pressa må ta seg i nakken og tilpassa seg istadenfor å gråte over ei tapt tid. Slik dei turer fram no grev dei si eiga grav. Istadenfor å tilpasse seg tida, grev dei skyttargraver og stablar sandsekker i ein krig som er fånyttes.

Musikk og filmindustrien var trege på avtrekkaren rundt tusenårskiftet, men med Spotify, Tidal, Netflix, iTunes, Google Play og utallige kanalar som gir deg tilgang til store bibliotek når det passar deg har det vorte svært bra. Ingen saknar videosjappa og movieboxen frå 80-talet, eller?

Tur: Korahola

Turen til Korahola startar på Sanden. I staden for å gå opp traktorvegen du følgjer eit stykke mot Bjørgahaug, går du over bøen du kjem inn på. Hald deg i øvre del av bøen og du vil kome inn på ein kjerreveg. Etter eit stykke skiftar det til sti gjennom skog før du endar ut i ei steinur. Den siste halvdelen av turen fram til fjellet, der Fatlaelva renn, er å gå gjennom steinur.

sanden-korahola-001

Om du ser på bilete som viser Fatlaelva og Fatlaberget, ser du dei to øvre fossane. Under den nederste av dei følgjer du elva nedover og ser at det er støypt opp kantar rundt elveløpet. Om ikkje eg hugsar feil kom dette på plass som ledd i sikringa for Fatlatunnelen. Korahola ligg like under enden på støypekanten. Når du går gjennom hola, kjem du ut på kanten, og starten, på nederste og siste vassfallet til Fatlaelva. Du skimtar det over trekrunene.

I steinurene er stien merka med små steinvardar. Det er viktig å sjå kvar du set foten. Alltid stopp når du skal sjå på utsikta. Det er fort gjort å trakke feil med risiko for beinbrot om du ikkje er fokusert. Høge sko med ankelstøtte kan vere lurt.

I staden for ein bileteserie av turen, kan du sjå ein video som tek deg med på heile turen gjennom hola og ut ved fossevallet. Under videoen vil du finne bilete frå Korahola og Fatlaelva.

Friluft på Youtube?

Desember 2007 var første gongen eg la ut ei turskildring frå Leikanger kommune. Turen vart gjort i oktober 2007 eller 11,5 år sidan. Det var fleire ting som sparka arbeidet i gong:

  • stillesitjane jobb,
  • gjere noko meir spanande enn å gå rundt på vegane i bygda,
  • musikk i MP3 er lett å ta med seg,
  • ingen hadde skildra turmoglegheitene i området.

Utsiktsbilde er det masse av, men eg viser òg turen fram til stadane du kan nyte naturen er omgivnadane i fulle andedrag. Eg ønskjer å gi eit realistisk inntrykk av turane slik at dei som les og ser bileta kan ta stilling om dette er noko dei vil/kan gjere.

I desember 2018 runda eg 50 år. Mine kollega på Direktoratet for forvaltning og IKT på Leikanger samla saman eit solid gåvekort hjå Erling Røysum AS, den lokale sportsbutikken. Gjennom vinteren har eg tenkt på kva eg skulle gåvekortet til. Eg enda opp med å kjøpe eit GoPro Hero 7 Black, ekstra batteri og utstyr.

Tanken bak kjøpet er å starte filming av turane i Leikanger for å gi deg eit enda betre inntrykk av turen og omgivnadane. Ut på tur med videokamera er min motivasjon i år. Eg har så smått starta og gjere meg kjent med kamera, finne (gratis) videoredigeringsprogram og teste ut ulike formidlingsmåtar. Du finn meg på Youtube:

https://www.youtube.com/channel/UCtXpA4RsnRiADjEPWwX7URA

Shotcut – gratis videoredigering

ShotcutEg investerte i GoPro Hero 7 Black og ymse tilleggsutstyr for primært å filme turar i området Leikanger og Hermansverk. Det er 11 år sidan eg oppgradert til Full HD (1920 x 1080) og redigering i videoformatet AVCHD. GoPro tilbyr 4K (3840 * 2160) og kraftigare komprimering (HEVC) som krev kraftig utstyr. Eg har ei maskin med Intel Core i7-7700 , 16 GB minne og Nvidia Geforce GTX 1070-grafikkort. Prosessoren har 4 kjerner som tilbyr 8 tråder. Grafikkortet tilbyr aksellerering av dekoding og koding av videostandardane h.264 og h.265.

Min gamle programvare, Pinnacle Studio 15 Ultimate, støttar ikkje 4K og nyare videoformat. Valet mitt var å oppgradere til Pinnacle Studio 22 Ultimate eller sjå på andre verktøy for videoredigering. Det er fleire gratis kandidatar å velje mellom og eg har vore gjennom nokre:

Det starta med OpenShot fordi eg syntes det hadde eit veldig enkelt grensesnitt som virka lett å lære. Eg fekk laga eit par videoar, men det var ting som eg tykte var tungvint. For å arbeide med titlar vart det behov for å integrere anna programvare (Blender og Inkscape) i OpenShot. Eksporten var også treg sidan prosessoren måtte gjere alt arbeid.

Kdenlive har sin heim i Linux-verden og Windows-versjonen heng etter. Eg innstallerte det, men valde ikkje å bruke det. Kdenlive kunne absolutt vore eit alternativ om operativsystemet eg nytta ikkje var Windows 10.

Davinci Resolve er eit stort profesjonelt verktøy. Gratisversjonen manglar litt, men du kan boltre deg i mykje funksjonalitet. Det er det mest funksjonsrike av alle eg har vore innom. Grensesnittet var litt framand så her var det berre å setje seg ned med opplæringsvideoar. Etter litt praktisk redigering fann eg meg til rette i Davinci Resolve. Det som til slutt irriterte meg mest var eksporten av video i 4K som var treg, på same måte som OpenShot. Å spele av prosjektet i Davinci Resolve var også lite optimalt. Det viste seg at gratisversjonen ikkje kan dra nytte av grafikkortet. Det er kun hjelp frå grafikkort i full/kjøpt versjon. Eg var ikkje heilt villig til å legge ut nesten kr 3 000 når det framleis fins alternativ.

Søkelyset mitt enda på Shotcut. Det er enklare, men likskapen med Davinci Resolve gjorde at eg lett kunne ta det i bruk. Det er på ingen måte Davinci Resolve i funksjonalitet, men eg har det eg treng. Det fine med Shotcut er at det kan dra nytte av grafikkortet ved dekoding og koding av videoformata h.264 og h.265. Eksport av video går raskare og eg kan titte gjennom videoprosjektet i Shotcut utan at det framstår som eit stillbildeshow.

PS! Youtube er ei god kjelde til å lære seg programma.