Eg har tidlegare skrive om turen til Tuftahaug etter gamal sti . Eg gjekk i mai 2019 ned frå 400 meter oppe i Botnabakken til brua i vegen til Skagasete. Konklusjonen min er at stien er på veg til å bli teken tilbake av naturen. Etter at grusvegen vart forlenga til Geitadalen og gir enklare tilkomst til både Hottadalen, Kløvjavegen og Tuftahaug, blir ikkje stien opp Botnabakken brukt lenger.
Skal du fram dalen er det enklast å følgje grusvegen fram austsida av Njøsadalen i ca 5 km, til du kjem til snu- og parkeringsplassen i Geitadalen. Turen fram vegen tilsvarar omtrent turen til Flya i Henjadalen i lengde, men der endar samanlikninga. Henjadalen er rimeleg flat, medan Njøsdalen frå Kvålen har ei langt kraftigare stigning. Flya ligg på ca 370 moh, Tuftahaug ligg 300 høgdemeter høgare. På snuplassen går du ut på svaberget og følgjer sti opp til stien mellom Tuftahaug og Hottadalen. Ta til høgre og følg han stien par hundre meter til Tuftahaug.
Når eg går til Tuftahaug, pleier eg å gå fram via Fadnastølen og Numeskar for å gå/jogge heim Njøsadalen. Eg synes det er ein fin og variert tur. Om du ønskjer utsikt på turen tilbake er det å gå fram dalen etter grusvegen. På turen fram har ein alltid ryggen til utsikta og nede i dalen, etter vegen, er lite å sjå på heimvegen. Går du heimover over Numeskar til Fadnastølen, kan du sjå meir til Sognefjorden og omliggande natur.