No må vi skru tida tilbake til tidleg 80-tal. Eg er ikkje sikker på om vi snakkar om 1982 eller tidleg 1983, men det var på den tida eg fekk ZX Spectrum 48k. I dag kom det ein video frå Spectrum User på Youtube som vekte mangt eit minne:
3D Tanx var enkelt. Det var snakk om å lære seg kor høgt ein skulle heva løpet og finne det perfekte tidspunktet for å skyte. Når du hadde knekt den nøtta, var spelet enkelt og kunne nok fort opplevast som kjedeleg.
Arcadia var eit tradisjonelt skytespel av typen Galaxian, som eg hadde sett på kafeteriaer og tivoli åra før. Det vart aldri nokon favoritt for min del, men noko underhaldning fekk eg no ut av det.
Horace goes skiing derimot synes eg var meir underhaldande. Krysse vegen, hente seg ski, tilbake over vegen og deretter ta seg ned skibakken og passere gjennom portane utan å treffe tre med meir.
Men i samlinga frå 1982 er det eit spel som overskuggar alt anna: Chequered Flag (video), Formel 1 i 3D. Her kunne eg køyre på ulike baner rundt om i verda, prøve å setje rekordar medan eg unngjekk ting i bana, ta pitstop og fylle bensin med meir. Det var ikke andre bilar på bana. Du skulle køyre mest mogleg perfekt for best mogleg tid. Som i dagens spel kunne du velje mellom manuell eller automatisk girkasse. Med manuell girkasse måtte ein vere forsiktig, Køyrde ein for lenge på for høgt turtall, sprengde ein motoren. Fordelen var at ein manuelt gira bil var litt raskare.
Koding av video er tungt for datamaskiner. Med 4K oppløysing og 60 bilete i sekundet, er det store mengder med data som skal handsamast. Legg til overgangar, tekst, lydjusteringar med meir, kan det bli store endringar som skal pakkast ned i ein handterbar fil.
Når ein arbeidar med video på moderne maskiner, har dei (som ofte) ekstra støtte for koding (og dekoding) av video i grafikkortet. Intel har Quick Sync, Nvindia har Nvenc og AMD har VCE som avlastar prosessoren. Fordelen under redigering er at tung video flyt og det er lett å redigere og sjå over det du lagar. Når alt er klart og skal eksporterast, går også eksporten vesentleg raskare.
Eg hadde noko råvideo i 4K, H.265-format liggande frå Sognefjordrennet 2019. Eit greit prosjekt for å teste den nye maskina for videoredigering. Lengda på videoen enda opp 16 minutt og 33 sekund.
Når ein skal eksportere eller omkode til andre format, merkar ein kor tungt det er å få lagre den endelege videoen. I mitt eksempel eksporterte eg frå ShotCut sluttprosjektet til H.264, «lossless MP4», for å ta vare på mest mogleg kvalitet. H.264 er eit eldre og lettare format som vil ha mindre innverknad på omkodinga til H.265.
Over 16 minutt med video enda opp med ei fil på 33,6 GB. Handbrake vart nytta til å omkode fila til «Matroska H.265 MKV 2160p60″. Storleiken på filene vart som følgjer:
Fila som er koda med støtte av grafikkortet/Nvenc (Nividia Geforce RTX 2060) er nesten 5 gonger så stor som fila som er koda ved hjelp av prosessoren og H.265-algoritma i Handbrake. Skilnaden i tidsbruk er endå større, motsett veg:
H.265 med Nvenc: 15 minutt og 29 sekund
H.265 utan Nvenc: 1 time 55 minutt og 9 sekund
Det tek nesten 8 gonger så lang tid om berre prosessoren skal stå for omkoding til H.265. Ha på minne at eg nytta ein AMD Ryzen 7 3700X med 8 kjernar som samla sett kan køyre 16 samtidige (kalkulasjons)trådar. Skilnaden bør bli større om du har ein svakare prosessor.
Eg har ikkje 4K-skjermar eller -TV. Videoane vert lagt ut på Youtube. I mine auge er det ingen vesentleg kvalitetsforskjell. Når videoane vert lasta opp på Youtube, vil Youtube koda videoen om for strømming i det frie formatet VP9. Forskjell i kvalitet vil forsvinne.
Er du ein person som arkiverer mykje video, kan det vere lurt å investere tida i å kode alt utan støtte frå grafikkortet. Du får best mogleg kvalitet i minst mogleg fil. I stadenfor at samlinga di tek opp 10 TB, kan du greie deg med 2 TB. Mindre filer er også lettare å dele.
Ein liten oppfølgjar til artikkelen om Commodore 64 Sound Interface Device (SID). Det er mang ein fengande melodi som har kome frå den maskina. I den forrige artikkelen hadde eg lenker til 10 timar og 40 minutt med musikk frå SID.
Leitar du litt meir på internett vil du finne fan av SID. Nokre har danna ei gruppe, FastLoaders, som spelar kjente melodiar frå Commodore 64. På YouTube finn du ein konsert frå 2018:
Etter nokre år dukka det opp fleire «trollmenn» som kunne få mykje ut av SID. Rob Hubbard, Martin Galway og Ben Daglish er dei eg framleis hugsar, men det var mange fleire. Spela inneholdt kunne innehalde ein eller fleire melodiar, men det var også musikk når spelet lasta inn frå (lyd)kassett. Saman med ein illustrasjon var det grei underhaldning dei vel 5 minutta du venta på at spelet skulle starta.
Under finn du lenkene til melodiane. Eit par gode eksempel er 03:57:41 Monty on the Run av Rob Hubbard eller 09:23:48 Rambo: First Blood Part II av Martin Galway, men du finn nok dine favorittar, om du tek deg tid…
00:00:00 Tune Nr. 2 – Klaus Grøngaard 00:01:32 D.Y.S.P.I.D.C.E. (part 2) – Sami Seppä (Rock) 00:02:33 For Shining 8 – Markus Schneider (Diflex) 00:03:34 The Magic Events – Markus Schneider & Johann H. Stoete 00:04:35 Alloyrun – Jeroen Tel 00:05:21 Spijkerhoek 3 – Falco Paul 00:07:28 Ikari Union – Jeroen Tel 00:08:44 Nexion – Edwin van Santen 00:11:32 Strike Force Introtune – Markus Schneider 00:12:34 Super Hang-On – Steve Barrett 00:13:50 Delta – Rob Hubbard 00:15:07 DMC Demo IV (Tune 2) – Johannes Bjerregaard 00:18:11 Unitrax ’88 Killermix – Henrik Buus Jensen 00:19:27 Hysteria – Fred Gray 00:22:16 Cosmonut – David Whittaker 00:23:32 Ahead Crack Intro – Markus Schneider (Diflex) 00:24:21 Robocop – Jonathan Dunn 00:25:53 Task III – Frank Endler 00:28:29 Pheric – Jens-Christian Huus 00:30:00 K.A.O.S. – Oliver Kläwer (Jess) 00:31:02 Noisy Pillars – Jeroen Tel 00:32:19 Think Twice IV – Jeroen Kimmel (Red) 00:33:56 Coco Intro – Markus Müller 00:34:56 ACE II – Rob Hubbard 00:40:08 Firefly – Fred Gray 00:41:57 Maniax – Oliver Kläwer 00:43:40 Radax – Jeroen Kimmel 00:45:41 Ark Pandora – Ben Daglish & Antony Crowther 00:47:25 Glider Rider – David Whittaker 00:49:05 BraveStarr – David Whittaker 00:52:36 Contest Demo (part 4) – Sami Seppä (Rock) 00:56:35 Spellbound – Rob Hubbard 01:02:17 Sampler #1 – Jens-Christian Huus 01:05:49 One Man & His Droid – Rob Hubbard 01:11:37 The Last Starfighter – Thomas E. Petersen (Laxity) 01:13:34 Speedball – David Whittaker 01:16:04 Omega Force One – Johannes Bjerregaard 01:17:15 GCF-Intro – Markus Müller (Superbrain) 01:18:16 Ikari Intro – Marcel Donné (Mad) 01:19:17 Rocky Star (Intro) – Kim Christensen (Future Freak) 01:22:55 Hurling Frootmig – Jörg & Frank Schäfers 01:25:23 Ice Age – Jeroen Tel 01:31:02 Basket Master – Jonathan Dunn 01:32:10 Jewels – Thomas E. Petersen (Laxity) 01:36:56 Beaty intro – Jens-Christian Huus 01:37:42 Amyloid – Marcel Donné (Mad) 01:42:44 Playboy, the Game – Jeroen Kimmel 01:43:34 Contest Demo (part 2) – Sami Seppä (Rock) 01:45:18 PCW-Tune ’88 – Edwin van Santen 01:49:07 Enduro Racer – David Whittaker 01:51:57 Phantoms of the Asteroid – Rob Hubbard 01:56:13 K.A.O.S. – Oliver Kläwer (Jess) 02:00:38 Comic Bakery – Martin Galway 02:03:48 Think Twice III – Jeroen Kimmel (Red) 02:11:56 R.I.S.K. – Wally Beben 02:15:10 M.A.C.H. – Johannes Bjerregaard 02:18:14 R1D1 – Antony Crowther 02:20:34 Give It a Try – Charles Deenen 02:22:31 Ala – Neil Baldwin 02:25:17 Thrust – Rob Hubbard 02:31:53 Masters of the Universe – Ben Daglish 02:33:10 Thanatos – Rob Hubbard 02:34:08 Draconus – Adam Gilmore 02:37:38 Wizball – Martin Galway 02:41:11 Future Knight – Ben Daglish 02:44:10 Driller – Matt Gray 02:54:23 Green Beret – Martin Galway 02:58:10 Miami Vice – Martin Galway 03:09:41 Stormlord – Jeroen Tel 03:15:49 Arkanoid – Martin Galway 03:18:06 I-Ball – Rob Hubbard 03:23:04 Traz – Jeroen Kimmel (Red) 03:26:59 Combat School – Martin Galway 03:29:16 Starball – Chris Hülsbeck 03:34:52 Fourth Dimension – Johannes Bjerregaard 03:40:06 Ricochet – Rob Hubbard 03:43:27 Crazy Sample II (intro) – Jeroen Kimmel (Red) 03:44:17 Skate or Die (intro) – Rob Hubbard 03:48:23 Bangkok Knights Loader – Matt Gray 03:53:06 Lions of the Universe – Karl & Hannes Sommer 03:54:53 Ocean Loader 3 – Peter Clarke 03:57:41 Monty on the Run – Rob Hubbard 04:03:30 Erebus – Dave Lee 04:04:31 Dexion Demo – Kim Christensen (Future Freak) 04:08:28 Crocket’s Mix – M. Claessens (The Dream Maker) 04:14:14 Supremacy – Jeroen Tel 04:18:04 Kaos – Markus Schneider 04:20:29 The Cat – Markus Müller (Hayes) 04:23:56 Shadow of the Beast (demo) – Joachim Wijnhoven 04:25:55 Snik – Jeroen Soede 04:27:13 Alloyrun – Jeroen Tel 04:33:59 Zamzara – Charles Deenen 04:39:29 R-Type – Chris Hülsbeck 04:41:39 DNA Warrior – Thomas Petersen & K. Christensen 04:46:02 Platou – Markus Schneider & Jens Blidon 04:47:27 Amyloid – Marcel Donné (Mad) 04:48:35 Commando – Rob Hubbard 04:52:30 Cybernoid – Jeroen Tel 04:59:08 Airwolf Title – Jeroen Soede 05:00:12 Crosswords – Thomas E. Petersen (Laxity) 05:06:22 CosMail (tune 02) – Karl Sommer (MC Lord) 05:08:30 Namnam Special – Johannes Bjerregaard 05:10:39 Hoppin» – Jens-Christian Huus 05:11:19 Jippie – Ward Selles 05:12:26 Scorpion – Marcel Donné (Mad) 05:15:29 Nefarious – Thomas E. Petersen (Laxity) 05:19:59 Battle Valley – Jeroen Tel 05:26:58 Panther – David Whittaker 05:29:52 Platoon – Jonathan Dunn 05:31:54 Shadow Skimmer – Neil Baldwin 05:35:19 Out Run – Jason C. Brooke 05:37:15 Another Tune for Joanna – Neil Baldwin (Demon) 05:40:19 Can’t Stop – Jens-Christian Huus 05:41:20 Funky Stuff – Jeroen Soede 05:43:11 That’s the Way It Is (intro) – Charles Deenen 05:50:45 Twistin’88 – Part 2 – Thomas E. Petersen (Laxity) 05:54:17 Silence – Thomas Mogensen (DRAX) 05:57:06 Take Over – Klaus Grøngaard 05:58:14 Hollow+ – Jens-Christian Huus 05:59:16 Kinetix – Jeroen Tel 06:01:52 Street Cred Boxing – Johannes Bjerregaard 06:05:27 Dynamic Range – Michael Hendriks 06:07:38 Krakout – Ben Daglish 06:10:24 Garfield – Neil Baldwin (Demon) 06:14:22 Nibbly’92 – Thomas Mogensen (DRAX) 06:17:13 Fist II – The Legend Continues – Neil Brennan 06:18:14 Enlightenment: Druid II – David M. Hanlon 06:19:31 The Last Ninja – Anthony Lees 06:24:08 Armalyte – Martin Walker 06:27:40 Auf Wiedersehen Monty – Rob Hubbard & Ben Daglish 06:33:39 The last V8 – Rob Hubbard 06:35:58 Last Ninja 2 – Matt Gray 06:41:34 Bulldog – Ben Daglish 06:44:05 Poltergeist – David Whittaker 06:48:38 Eagles – Johannes Bjerregaard 06:49:34 The Great Giana Sisters – Chris Hülsbeck 06:50:47 Ghosts’n Goblins – Mark Cooksey 06:54:37 Crazy Comets – Rob Hubbard 06:59:13 Hunter’s Moon – Matt Gray 07:00:03 Scout – Jeroen Tel 07:04:08 A Little Sample – Michael Hendriks 07:06:48 Ikari Intro Song – Thomas E. Petersen (Laxity) 07:07:34 S-Express – Jeroen Tel 07:09:22 Footballer of the Year – Ben Daglish 07:11:24 Layla Mix – Edwin van Santen 07:13:15 Artax – Jeroen Soede 07:15:53 Savage – Jeroen Tel 07:21:53 Platou – Markus Schneider & Jens Blidon 07:25:28 Ikari Intro – Thomas E. Petersen (Laxity) 07:26:53 Hawkeye – Jeroen Tel 07:33:16 Last Ninja 3 – Reyn Ouwehand 07:38:02 Platoon – Jonathan Dunn 07:41:11 Last Ninja 2 – Matt Gray 07:48:57 MacGyver Title – Jeroen Soede 07:50:21 The Corporation – Adam Gilmore 07:52:29 Zoids – Rob Hubbard 07:57:09 Maximum Overdrive II (intro) – Henrik Buus Jensen 08:00:32 Professional BMX Simulator – Matt Gray 08:01:40 Rhaa Lovely II – Jeroen Kimmel (Red) 08:04:44 Spriffs II – Ward Selles 08:06:16 Public Enemy – Thomas E. Petersen (Laxity) 08:07:10 Out Run – Jason C. Brooke 08:10:21 The Way of the Exploding Fist – Neil Brennan 08:11:45 Game Music 3 – Jeroen Kimmel (Red) 08:16:52 Revenge of Doh – Jonathan Dunn 08:18:55 International Karate – Rob Hubbard 08:29:37 Firelord – Ben Daglish 08:29:59 Defender of the Crown – Richard Joseph 08:30:59 Robocop 3 – Jeroen Tel 08:34:54 Double Dragon – Charles Deenen 08:38:06 Cybernoid II – Jeroen Tel 08:43:51 Cool Tune – Charles Deenen 08:44:40 Warhawk – Rob Hubbard 08:49:03 The Big Deal – Jeroen Kimmel 08:52:13 The Last Ninja – Ben Daglish 08:56:10 Nemesis the Warlock – Rob Hubbard 09:03:02 Grand Monster Slam – Chris Hülsbeck 09:06:39 Hawkeye – Jeroen Tel 09:07:41 Zybex – Adam Gilmore 09:10:06 Lightforce – Rob Hubbard 09:17:10 Cobra – Ben Daglish 09:20:16 TrailMix (intro) – Jeroen Soede 09:21:42 Storm – David Whittaker 09:22:46 Soldier of Light – Charles Deenen & Jeroen Tel 09:23:48 Rambo: First Blood Part II – Martin Galway 09:26:51 Sanxion – Rob Hubbard 09:32:24 Double Density Commercial – Markus Schneider 09:36:29 Dutch Breeze: Flip the Flop – Reyn Ouwehand 09:38:58 Beastie Boys Intro Music – Thomas E. Petersen (Laxity) 09:41:09 Synth Sample III – Rob Hubbard 09:41:54 Rocky Star – Kim Christensen (Future Freak) 09:45:55 3545 II – Thomas E. Petersen (Laxity) 09:49:33 Cooperation Demo – Kim Christensen (Future Freak) 09:53:24 Something – Thomas E. Petersen (Laxity) 09:54:56 That’s the Way It Is (main) – Jeroen Tel 10:01:54 Zoom – Johannes Bjerregaard 10:02:40 Shape – Johannes Bjerregaard 10:04:35 Crazy Sample II – Jeroen Kimmel (Red) 10:08:17 UniTechno – Thomas Mogensen (DRAX) 10:11:15 Gaplus – Jeroen Tel 10:16:54 RWE Intro – Charles Deenen 10:18:13 Twistin’88 – Part 1 – Thomas E. Petersen (Laxity) 10:20:52 Simple Music – Jeroen & Michiel Soede 10:22:13 Laxace – Thomas E. Petersen (Laxity) 10:25:01 Eagles – Johannes Bjerregaard 10:25:47 Zoolook – Rob Hubbard 10:29:57 The Master of Magic – Rob Hubbard 10:35:13 The Magic Writer (tune 00) – Jens Blidon 10:37:10 Saxophone – Wojciech Wojtkiewicz (Tracker)
Det tok litt tid, men no er eg endeleg fri av Facebook.
Det var interessant, med eit snev av uskyld, for 10 år sidan. Det eg opplevde som ein kanal, som førte gamle vener saman, har endra seg til ein har kommersiell aktør med utvida kartlegging av deltagarane/medlem med massiv kommeriselle og politiske innslag utan filter.
Sosiale medier er i ferd med å forgifte oss, undergrave våre verdiar. Løgnarar som gjentek påstandar til ei opplevd sanning gjer det godt. Utan filter er eg redd for kor sosiale medier vil føre oss. Eg skal ikkje underslå at eg tenker på propagandamaskineriet for ca. 80 år tilbake.
For dei som saknar meg, de veit kor de kan finne meg. Til alle andre får eg berre sei adjø og vonar de innser det same som eg.
For to år sidan kjøpte eg meg ein stasjoner for å ha ein kraftig PC til nokre krafttak innimellom. Valet fall på ein Lenovo IdeaCentre Y720 Cube med Intel Core i7-7700, 16 GB RAM/minne og eit Nvidia GTX 1070-kort.
For snart eitt år sidan kjøpte eg meg eit GoPro Hero 7 Black. I løpet av vinteren, våren, sommaren og hausten har eg filma og redigert mang ein video frå turane i lokalområdet. Kanalen på Youtube finn du under namnet mitt. GoPro Hero 7 Black har eg sett opp til å levere råvideo i 4K (4 ganger full HD) i det tunge videoformatet H.265. All redigering inkludert fargekorreksjon, filter og lyd har vorte gjort i programmet ShotCut. Det har vore tungt arbeid for Lenovoen.
For ei veke sidan oppdaga eg eit knalltilbod på ei krafigare maskin. Det er ein HP stasjoner pc som baserer seg på AMD Ryzen 7 3700X saman med siste generasjon Nvidia Geforce RTX 2060-skjermkort. Her er ein test av prosessoren. I forhold til Intel Core i7-7700 blir talet prosessorkjernar dobla frå 4 til 8 med Ryzen. Kvar kjerne kan køyre to samtidige trådar, ein doblar frå 8 til 16 samtidige trådar med Ryzen.
I praksis kva utgjer det?
Først resultatet frå Geekbench 4, eit program for å test ytelse.
Legg merke til auken på testar som nyttar alle kjernane/trådane på prosessorane. AMD Ryzen 7 3700X doblar neste ytinga i forhold til Intel Core i7-7700.
Som du ser går det raskare når videokodinga blir avlasta med skjermkortet. Eg har testa med begge type drivarar til skjermkortet. «Game» er drivaren som er optimalisert for spel. «Studio» er drivaren som optimalisert for video og grafikkarbeid.
Med rett type drivar får ein over 25% betra yting. Eg er einig at det ikkje står i stil med resultatet med Geekbench. Eg sjekka prosessorforbruket under ytterlegare testar og det sjå ut til at ikkje alle trådane vart nytta like godt. Det var mange trådar som ikkje leverte full yting. Eg vonar det blir betre etterkvart som programmet blir oppdatert til å dra nytte av fleire prosessorkjerner/-trådar saman med støtta frå skjermkortet.
Når ein vel å berre bruke prosessoren til videkodinga, ser du at AMD Ryzen 7 3700X prosessoren køyrer over og ryggar tilbake over Intel-prosessoren. Forbetringa i ytinga er på opp til 86%, i tråd med forbetringa ein ser i Geekbench 4.
Eg måtte ein tur til Bergen denne veka. For å vere litt fleksibel og kunne gjere nokre ærend rundt i byen, valde eg å ta bilen. Eg køyrer diesel, ja. Noko anna var ikkje aktuelt med krava til storleiken til kupeen til bilen når eg bytte for snart 4 år sidan. 5 vaksne skal sitja godt, utan kompromiss. Valet var enkelt: Skoda Superb.
Turen min gjekk frå Hermansverk, over Vikafjellet og inn til Bergen på E16. I Bergen vart det noko småkøyring før eg returnerte. Bilen stod aldri så lenge i ro at snittmålinga starta på nytt. På E16 er ein så godt som låst til å følgje flyten, men opp Vikafjellet kan ein alltid trø til litt. Her la eg nok att eit par ekstra desiliter på snittforbruket. Med forsiktig fot over fjellet skulle eg nok greidd å dra forbruket nærare 0,4 liter på mila.
Eg bør legge til at no er det vinterdiesel på pumpene, som har litt mindre energi. Ein varm dag med sommardiesel og forsiktig fot, burde det vore mogleg å dra forbruket ned på 0,4 eller kanskje 0,39. Skulle likt å sjå ein hybrid gjere same turen utan ladestopp med same forbruket…
PS! Etter 80 mil har eg framleis att 1/4 tank….
Kan legge til at eg dagen etter fylte 45,9 liter etter 804 kilometer. Noko over 300 km var køyring i lokalområdet, resten turen til Bergen. Snittforbruket totalt blir 0,57 liter pr mil.
Vi skrive snart 2020. Eg har passert 50 med god margin. Av og til, når eg hentar opp det eg har gått glipp av på TV, NRK eller Netflix , tenkjer eg på «gamle dagar». Eg skal prøve å ikkje bli for nostalgisk.
Sidan eg er fødd på slutten av 60-talet, i hippeitida, har eg opplevd mangt. Video og VHS var ein del av mi ungdomstid. VHS var min Netflix, HBO osv. Før 1985 hadde vi ikkje videospelar (VHS). Eg måtte ned på Essoen, eller andre stadar, leige film(ar) og MovieBox (avspelar) saman med filmane.
I dag ligg eg på sofaen og jobbar fram ein velutvikla tommelfingeren på fjernkontrollen til min AppleTV. Her veljer eg enkelt frå eit stort utval. NRK, TV2, Netflix og Youtube er mine favorittar. Eg kan sjå det eg ønskjer når som helst. Ikkje lenger er eg bunden av faste sendeplanar på NRK (som einaste kanal) og Essoen sine åpningstider.
Ungdomen no til dags skulle opplevd tida før digtial distribusjon.
Eg har dei siste åra følgt med på det som skjer i USA. Det er ikkje til å legge skjul på at eg aldri har skjønt Trump og har vorte meir og meir forskrekka over løgner og hofteskot som kjem frå den sida. Like sjokkert er eg over det konservative partiet omtrent ikkje har protestar til det lenger. Det som ein gong i tida var eit parti for lov og orden har i det store og heile gått i forsvar for Trump. Frykten for å miste plassane sine i senatet og huset gjer dei handlingslamma. Kor vart det av prinsippa?
Eg har prøvd å halde auge med begge sidene der borte, mellom anna det eg vil kalle «propagandakanalen Fox News«. Her har du Jugde Jeanine, Sean Hannity, Tucker Carlson, Laura Ingram, Lou Dobbs, morgonvertane på Fox & Friends. Tross i nokre sprekker i det siste er desse underhaldarane hardnakka tilhengarar av Trump og fungerer som ekkokammeret til Trump. Nei, desse personane har ingen ting med nyhende å gjere. Dei er synsarar, pratmakarar, underhaldarar som sprer eller fyrer opp under konspirasjonsteoriar. Fakta er det tynt med. Med slike aktørar tilgjengeleg 80-90 år tilbake, ville ein viss propagandaminister vore strålande nøgd.
Ikkje alt har vore mørkt. Shepard Smith, i nyhendedelen av Fox News, har vore ein hardnakka tilhengar av fakta og har gang på gang påpeika det ville frå dagens administrasjon. Underhaldarane i Fox News, med sine støttespelarar, har til tider og i det siste angrepe Shepard Smith si faktabaserte formidling av nyhende. Likevel var det til mange si store overrasking at Shepard Smith i går valde å gi seg etter 23 år:
Eg har registrert at riksadvokaten William Barr har vore i møter med Murdoch, eigaren av Fox News, dei siste dagane. Det er framleis att nokre få lys i nyhende hos Fox News, men det vil ikkje overraska om Fox News blir fullt ut propagandakanalen Trump News eller skal vi sei Trumps Alternative Facts. Det er ei farleg tilnærming vi er vitne til.
I sommar vart barndomsheimen min selt. I løpet av prosessen lærte alle at overføring av gamle kartoppmålingar (1964) til dagens digitale kart hos Kartverket kan vere svært lite presise. Ikkje bli overraska om grensene i det digitale kartet for eldre eigedomar har feilmarginar på over 5 meter!
Til høgre har eg lagt ved eit utsnitt frå det som var lagt inn som vestre grensa på eigedomen i det digitale kartet hos Kartverket. Mor mi reagerte på at det nordre hjørnet var plassert feil. Sidan tomta vart utskilt til far min, har vi alle vore kjent med at grensa var meir inn mot midten av huset over. Mi eiga oppfatning var at grensa starta ein plass i nærleiken av den venstre, raude streken, som symboliserer arken på huset. Nabo var òg av oppfatning at grensa starta meir mot midten av huset, litt innom mi oppfatning.
Familien min hadde dei gamle kart- og oppmålings- samt skyldelingsforretningane for tomta og nabotoma i vest frå henholdsvis 1964 og 1965:
På den tida var tomta gnr/bnr 22/26 mindre enn i dag. 153 kvm, eller litt større enn huset på den tida. Austveggen på huset, utan seinare tilbygg, stod i eller tett mot austgrensa. Legg merke til at det på oppmålinga frå 1964 for tomta til barndomsheimen min er det 6,32 m frå grensa i aust for gnr/bnr 22/26. På nabotomta si oppmåling er det målt 7,60 m frå vestre grense for gnr/bnr 22/26. Noko stemte ikkje og ein måtte be kommunen om ny oppmåling.
Eit anna moment som vart oppdaga i løpet av prosessen var at det i oppmålinga frå 1964 var notert arealet på barndomseigedomen.
Basert på grensene som var oppført i det digitale kartet skulle eigedomen vere på 1549 kvm, 170 kvm større enn oppgitt i 1964.
Kommunen utførte ny oppmåling basert på grensemerker/-steinar og ein avdekka avvik. Ei oppmåling kostar i underkant av kr 10 000. Dårleg overføring frå gamle kartoppmålingar synes eg ikkje burde lastast eigar. Eg meinte rekninga burde kommunen eller kartverket ta, men kom ikkje langt med den. Her er svaret frå kommunen ved teknisk sjef. Eg har utheva nokre liner som kan vere nyttig lærdom for andre som kjøper eldre eigedomar:
Hei
Dette er nok ei heilt vanleg sak om grenser i matrikkelen som avvik i høve til dei faktiske grensene i marka. I matrikkelen er grenser kodet med nøyaktighet. Nøyaktighet på grenselinjene er satt ut ifrå korleis dei er registrert i matrikkelkartet. Nøyaktigheten vil variere frå hjelpelinje fiktiv (ukjent) til betre enn 10 cm (oppmålt). Unøyaktige grenser i matrikkelen fører og til unøyaktig areal for eigedomane. For denne eigedomen var nøyaktigheten på grensa mot gbnr. 24/128 satt til +/- 5 meter. Grensa mot gbnr. 24/129 hadde ein nøyaktighet på dårlegare enn 5 meter. Grensa mot den kommunale vegen var ei fiktiv hjelpelinje. Unøyaktige grenser er heilt vanleg i matrikkelen og det er ikkje noko krav om at kommunane skal ha eit matrikkelkart kor alle grenselinjer er oppmålt med stor nøyaktighet. I utgangspunktet er det kun grenselinjer som er oppmålt etter 1980 som har stor nøyaktighet.
Det som er veldig viktig er at dei som brukar informasjon frå matrikkelen er klar over dette. Dei fleste (kanskje alle) innsynsprogram i matrikkelen nyttar fargekodar på grenser slik at det skal vere enkelt og sjå kva kvalitet dei ulike grenselinjene har. I denne saka har ein nytta areal direkte frå matrikkelen utan og ta høgde for kvaliteten på dei ulike grenselinjene. Når fleire av grenselinjene for eigedomen er registrert med dårleg kvalitet så kan det diverre få store avvik på arealet som vert berekna. Eigar av gbnr. 24/125 rekvirerte klarlegging av grensene med bakgrunn i at ho meinte at matrikkelført grense mot vest var feil. Ved oppmålingsforretninga påviste partane ei grense som er om lag 2 meter lengre aust enn kva matrikkelkartet viste. Matrikkelført grense hadde ein kvalitet på +/- 5 meter, slik at kodinga i matrikkelen var innanfor det som partane påviste som rett grense.
Som sagt ovanfor må brukarane av matrikkeldata vere klar over at data har ulike kvalitet og at informasjon vert handsama deretter. Kommunen dekkar i utgangspunktet ikkje utgifter til oppmåling av gamle grenser som er kodet med dårlig nøyaktighet i matrikkelen. Kommunane har ingen plikt/krav til å ha eit matrikkelkart kor alle grensene er innmålt med stor nøyaktighet.
Med helsing…
No stemmer det digitale kartet og arelet med kartoppmålinga innafor akseptabel feilmargin.
Råd til seljar og kjøpar
For alle som skal selje eller kjøpe eigedomar, ta ein titt på fargekodinga av grensene i det digitale kartet til Kartverket. Ei lysegrøn line rundt tomta tyder på at grensa er nøyaktig. Dersom grensene har andre fargar enn grønt, vil eg råde om å be om ei ny oppmåling basert på gamal kart- og oppmålings- samt skyldelingsforretning.
Det er surt å basere seg på unøyaktige grenser og seinare oppdage at gjerdet eller garasjen du sette opp, tett mot grensa, må rivast fordi gjerdet eller garasjen står delvis på naboen si tomt.