MacBook Air

I fjor haust valde eg å forlate Microsoft Windows. Recall var dropen som fekk begeret til å flyte over. Eg er framleis på Ubuntu 24.04 på maskiner eg brukar privat.

Maskina eg sit med i stova saman med eit auga og øyra på TV, er ein eldre modell. Som dei fleste Windows-maskinene har ho vifte. Når maskina står på tøy eller skinn, blir det ikkje mykje luftgjennomstrauming. Sjølv om maskina arbeidar med lette oppgåver, blir ho varm. Det er berre slik det er med Intel-prosessorar. Engergieffektivitet har ikkje vore førsteprioritet der.

Eg har leita etter eit alternativ utan vifta ei stund og enda opp på Apple MacBook Air 13. Fann ingen Windows-baserte som var viftelause med god yting. Valde å kjøpe ei M3-maskin med 16 GB minne og 256 GB frå Outlet til Elkjøp som sparde meg fleire tusen. Maskina var kategorisert som ny, komplett i orginal emballasje og det stemde.

Trådlaus Android Auto og Apple Carplay i Ioniq 6

Første versjonen av Hyundai Ioniq 6 (2023-) har berre kabla Android Auto og Apple Carplay. I fjor kjøpte eg Carlinkit 4.0 CPC200-CP2A. Det virka med min Pixel 8, men problemet var at skjermforholdet stemde ikkje. Adapteret forholdt seg til 16:9 og dermed vart bilete strekt i breidda på skjermen i bilen. Eg prøvde ulike innstillingar, som mellom anna setje oppløysinga manuelt, men ingen forsøk førte fram. Sidan eg ikkje taklar å sjå bilete i feil skjermforhold, selde eg adapteret.

Gjennom sommaren og vinteren har eg nytta USB-kontakt, men det er litt knote. Du må alltid grave fram telefonen og kople han til USB-kontakten. Ladeplata i bilen blir også meiningslaus sidan telefonen ladar via kabelen. Eg undersøkte meir på nettet og fann ut at Carlinkit 5.0 2Air ville gi korrekt bilete på skjermen. Adapteret er enkelt å sette opp og fungerte aldeles glimrande. No er det ikkje så nøye om telefonen ligg i lomma eller sekken, Android Auto er tilgjengeleg når som helst.

PNY Attache 4 – feil på 3 av 3!!

Eg kjøpte tre stk minnepinnar på 128 GB i januar 2025. Dei skulle brukast til  foto-/videoalbum som ungane kunne kike gjennom på smart-TVane deira. Minnepinne nummer 1 rauk etter nokre dagar. Han var full av bilete og video, men brått såg ingen av maskinene han. Minnepinnen vart ikkje registrert som maskinvare i det heile. Sidan minnepinnen var full av private videoar og bilete, var det ikkje noko alternativ å levere han tilbake til Elkjøp. Den fekk ein god omgang med hammar for å unngå at nokon kan hente noko frå han.

No har det gått nokre månadar og det har vore problem med visning av bilete og avspeling av video frå dei to andre minnepinnane. Minnepinne 2 og 3 vart henta tilbake og no har eg nytta eit verktøy som fortløpande kalkulerer sjekksummar for å finne avvik. For å vere sikker på at filene vart kopierte korrekt, køyrde eg synkroniseringa fleire gonger. Sjølv etter gjentekne synkroniseringar, var det alltid nokre filer som ikkje var ok.

Eg bestemte meg for å gå nøyare til verks. I Linux køyrde eg dd-kommandoen og fylte minnepinnane med 0 (null). Deretter køyrde eg hexdump for å lese av om innhaldet på minnepinnane var berre nullar. Rapporten frå hexdump skal berre gi deg ei første line med første minneadresse etterfølgt av 8 “firlingar” med 0 dersom alt er nulla ut og OK: 

0000000 0000 0000 0000 0000 0000 0000 0000 0000 
* 

Til venstre ser du at rapportane frå hexdump er store. Det er masse feil på minnepinne 2 og 3, spesielt den siste. Eg har gjennomført dei same testane på to forskjellige maskiner, i tilfelle ei av dei var “allergisk” mot modellen av minnepennar, men det er same problemet. Her må det vere ein eller anna feil på alle tre. Noko liknande har eg aldri før opplevd.

Sidan eg har drive med digital etterforskning, sjekka eg om noko av feila på minnepinnane kunne medføre at bilete eller video kunne gjenopprettast. Testen visste at programmet ikkje kunne finne starten på slike filer og gjenopprette første delen. Men sidan det låg bilete der, kan ein teoretisk finne fram deler av det når ein forutset at det JPG-koding. Eg set personvern høgt og lagringsmedia blir destruert dersom eg ikkje kan nulle dei heilt ut.

Det vert ikkje kjøpt fleire PNY-produkt. Eg satsar heller på ein gamal og velkjent «travar» innafor lagring – Kingston.

Qobuz – europeisk alternativ

Mi reise for å erstatte amerikanske tenester og programvare held fram. Fram til no har musikk-tenestene eg har brukt hatt eit amerikansk rotfeste. I går fekk eg eit tips frå ein kollega, som også hadde teke val om å slutte å nytte amerikanske tenester. Han hadde funne eit fransk alternativ i Qobuz.

Eg sette meg ned i går kveld og sjekka ut tenesta. Raskt kom eg til at dette var eit like bra eller betre alternativ til tenestene eg har nytta hittil. Dei eg har nytta har ikkje tilbydd høgare kvalitet enn ein eller anna form for komprimering med tap (MP3, AAC osv.). Qobuz tilbyr strømming i tapsfri kvalitet i ei oppløysing på 24-bit og 192 khz. Prisen er heller ikkje avskrekkande med kr 133 per månad (12 månadars binding).

I tillegg til god lydkvalitet er har dei lagt til rette for at ein enkelt kan overføre sine spelelister frå andre tenester. Eg overførte mine spelelister via deira tilrettelegging. Basert på ein kjapp stikkprøve såg det ut til at eg fekk med det meste i det. La merke til at to songar i Fish-spelelista på Marillion-plata Fugazi ikkje hadde vorte med, men det var enkelt å rette. Skulle det vere andre feil er det lett å endre på listene enn å bygge alle opp att.

Du finn appen i Google Play Store og Apple Store. Skal du spele av på PC, har Qobuz ein nettlesar-spelar, nett som Youtube Music.

6 månadar seinare

No er det eit halvt år sidan eg tok steget bort frå Microsoft Windows. Ingen av mine private maskiner køyrer Windows. Det som fekk meg til å til å forlate Windows var Copilot på PC, men det var berre dråpen som fekk begeret til å renne over. Microsoft har lenge jobba med å flytte sin plattform frå ordinære kjøp til abonnement. Det er omtrent umogleg å installere Windows 11 i dag utan å bruke ein Microsoft-konto. I tillegg har vi all telemetrien/bruksdata som Windows sender til Microsoft, spesielt for private brukarar. Verksemder kan (tilsynelatande) avgrense denne.

Den politiske utviklinga i USA går raskt i ei skremande, men ikkje overraskande, retning. Vi veit kva slags moglegheiter USA har med tanke på overvaking. Snowden slapp den katten ut av sekken. Personvernet i amerikanske tenester har fleire gonger vorte vurdert under pari i Schrems-domane. Bakgrunnen for at personvernet i amerikanske tenester i dag vert sett som tilstrekkeleg heng på ei presidentordre frå Biden. Vi veit alle kva som skjer med presidentordrane som Biden gav, dei blir nulla ut. Eg ventar på dagen presidentordren blir riven sund, hittil må nokon ha gøymt ho godt.

Men det kan vere at han ikkje treng rive presidentordren sund, han har lagt ned tilsynsorganet «Privacy and Civil Liberties Oversight Board» (PCLOB). Alle medlemmer er sparka. Tilsynet sitt arbeid var/er å sikre at amerikanske etteretning ikkje har innsyn i persondata som vert overført mellom kontinenta når EU- og EØS-virksomheter nyttar amerikanske IT-leverandørar.

Med så godt som alle mennesker, verksemder og offentlege etatar på ein eller anna måte knytt til store amerikanske tenesteleverandørar, som Microsoft, Google, Amazon og/eller Apple, har USA store moglegheiter til å overvake heile – i det minste den vestlege – verda. Eg har ikkje den minste tvil om at dagens president og det lojale følgjet vil gjere dette til eit våpen eller pressmiddel alt etter korleis ein ser det. Vi får ikkje vite når dette skjer sidan ei slik ordre blir gitt med teieklausul. Det vil vere ulovleg og straffbart for tenesteleverandøren å opplyse kundane sine.

Det er viktigare enn nokon gong at dei som kan finn andre måtare å handsame sine personlege eller verksemddata og ikkje minst data i tenester dei leverer til innbyggarar og kundar. På same måte som vi/Europa må satse på å stå på eigne bein militært, må vi bruke det neste tiåret på sørge for at vi også blir digitalt uavhengig. Ut er Microsoft Azure, Amazon Web Services med meir. Tenestemarkedet er stort og kvifor skal ikkje norske/europeiske verksemder tene på det? For lenge har vi vore nonchalante og no må vi vere budd på å betale prisen for haldninga.

Kva gjer eg vidare?

Etter å ha fririve meg på PC er det neste store prosjektet å fririve meg på telefon. Det virkar som eit vanskelegare steg. Problemet er at Apple og Google sine løysingar er de facto standard. Android og iOS alltid vore knytt mot ein sentral aktør. I dag er mobilane ofte den einaste eininga ein har eller brukar aktivt. PCen ligg og samlar støv i skapet.

Eg ser etter alternativ for å fri meg frå Android og innlåsinga mot Google. Det første eg har gjort er å sørge for å slå av all type logging i tenestene til Google. Det neste er å få oversikt over alternativa med tanke på å kjøpe eller setje opp ein telefon som er DeGoogled. Utfordringa er at det kan skape problem for nokre type appar. Bank-appar har ofte ei restriktiv halding til OS dei kan køyre på, men eg tenkjer at eg får kryssa den bekken når eg kjem til han.

  • Er du framleis godtruande og nonchalant?
  • Kva gjer du eller vil du gjere?

Frå Firefox til Brave

Det siste kvartalet har eg testa ut nettlesarar for å erstatta Firefox, som har vorte vel stor og tung. Til og med på kraftige maskiner merkar ein at Firefox ikkje er eit «olja lyn». Eg hadde lenge ein favoritt i Vivaldi og var innom Opera. Kika på ei forgreining av Firefox som heiter Librewolf. Han skrudde ting litt for hardt til samt nytta Firefox sin infrastruktur. Ingen av nettlesarane scora topp på alt, men Brave gjekk av med sigeren samla sett.

Korkje Microsoft Edge eller Google Chrome er interassant sidan eg ønskjer å fri meg frå dei store og sentrale aktørane. Som nemnt har eg kasta Microsoft Windows ut av mine system. Windows Recall var dropen som fekk begeret mitt til å renne over.

Eg må legge til at det er mykje unødigt ein bakar inn i nettlesarane. Krypto er totalt uinteressant. Når det gjeld AI, er det nesten i same klasse. Etter 30 år på internett har eg opparbeidd meg god kompetanse på å stille søkemotorane dei rette kombinasjonane med ord og opsjonar. Det er betre at eg kan «språket» til søkemotorane enn at dei prøver å forstå mi ordlegging.

Norsk grensesnitt på snap-versjon av Opera

Eg har den siste månaden testa ut ulike nettlesarar til erstatning for Firefox, som har vorte for stor og treg. Var lenge gira på Vivaldi, men han fall gjennom med manglande evne til å bruke geolokalisering under Linux. Brave bommar på geolokalisering og plasserer meg i Gaupne når eg er på Hermansverk. Opera fungerer fint med unntak av eit par mindre ting.

Eg likar å ha program som tilbyr norsk grensenitt innstilt på norsk. I Linux-versjonen av Opera kan ein ikkje endre dette enkelt via innstillingane. Etter litt søking fann eg løysinga for Opera distribuert via snap til Ubuntu.

  • Opne terminal
  • Skriv cd /var/lib/snapd/desktop/applications
  • Skriv sudo gnome-text-editor opera_opera.desktop
  • Erstatt /snap/bin/opera med /snap/bin/opera --lang=nb
  • Lagre fila

No vil nettlesaren Opera starte med norsk språk i brukargrensesnittet.

Oppdaga etter eit par omstartar at opera_opera.desktop blir erstatta med gamal versjon. Har ikkje greve djupare på den enn at eg kopierte opera_opera.desktop til opera_norsk.desktop. Eg hadde festa opera_opera.desktop til knapperaden og fekk då eit ekstra oppstartsikon i app-oversikta. Det som er festa til knappraden vert ikkje med i app-oversikta. Der finn du resten av appane. No starta eg Opera med den ekstra (opera_norsk.desktop) i app-oversikta, fjerna den gamle frå knappraden samt låste den nye til knappraden.

Slutte å vere naive

Dei siste månadane har eg følgt med på det som har skjedd i USA sine telenettverka. Kort fortalt har trusselaktørar greidd å skaffe seg tilgang via systemet via ei bakdør som politikarane for 30 år sidan påla ein å opprette for å gi politiet moglegheit til å avlytte. Problemet med bakdører er at det er ein sårbarheit som vil blir utnytta. Når no trusselaktøren er inne, har dei ikkje lenger kontroll og det er uvisst om dei greier å få dei ut og lukka systemet.

Politikarar har ofte dei beste intensjonar, men er grusomt naive. I dag arbeidar dei framleis med å undergrave tilliten til kommunikasjonstenester ved å bestemme at ein må ha bakdører i tenestene eller kryptering for å legge til rette for at politiet skal kunne få avlytte. Faneflagget i dag er ofte «tenk på barna». Alt tryggleik kan ofrast for å sikre ei sårbar gruppe. Vi ikkje må gløyme at verda stadig er i endring og stadig meir polarisert. Har ein først etablert ei moglegheit, kan bruken utvidast og, som vist i eksemplet over, utnyttast. Det er passande å minne om Martin Niemöller – First theu came for the socalist.

Om du vil kommunisere sikkert i dag, må ein unngå SMS/MMS eller store kommersielle tenester som er og kan bli underlagt pålegg som bryt med privat livets fred. Signal er (kanskje) det beste, men sikraste alternativ.

Signal conversations are always end-to-end encrypted, which means that they can only be read or heard by your intended recipients. Privacy isn’t an optional mode — it’s just the way that Signal works. Every message, every call, every time...

Kommunikasjon er sikra på einingen. Det du sender blir kryptert før avsending og først dekryptert hos mottakar. Ingen mellomledd har tilgang. Signal får innimellom forespurnadar frå politiet, som blir publisert på sidene deira. Her er det lite å hente for uvedkomande:

*No message content.
*Date and time a user registered.
*Last date of a user’s connectivity to the service.

DD-WRT-databasen er ikkje oppdatert

For vel 3 år sidan bles eg nytt liv ein utdatert trådlaus router med DD-WRT. I løpet av åra har eg sjekka om det har vorte lagt ut nyare, oppdatert versjonar, men når eg har slege opp i databasen er framleis siste versjon frå november 2020:

Eg trudde DD-WRT var daudt, men i går søkte eg litt og fekk med meg at ein person opplyste at databasen på sida ikkje vert oppdatert. Om ein går inn på «Other Downloads«, som du ser heilt til høgre i lina med den oransje knappen «Router Database» med kvit skrift, vil du finne filstruktur med nyare versjonar:

I dag, 21.11.2024, er siste firmware-versjon til routeren min datert 18.11.2024. Eg oppdaterte og la merke til at det som ikkje fungerte optimalt før er fiksa.

Enhanced h264ify

Ser du mykje på Youtube og har ein eldre PC, kan det vere lurt å installere tillegget enhanced h264ify i nettlesaren:

Youtube er på veg over til AV1-format via VP8 og VP9. Nyare høgkomprimerte formatet er tunge å handtere. Dersom ikkje grafikkortet i PCen ikkje kan dekode eit format, må prosessoren ta seg av alt arbeidet. Energiøkonomisk er ikkje dette optimalt som fører til at batteritida blir vesentleg redusert. Apple støttar berre AV1-dekoding i dei siste M4-prosessorane. På PC har du støtte for AV1-dekoding i Intel 11xx-prosessorane og seinare ved hjelp av Quick Sync Video.

Med tillegget enhanced h264ify kan du bestemme formata Youtube kan «servere» nettlesaren. H.264 er gamalt og har vore støtta i ulike grafikkort lenge. For ei maskin med ein eldre Intel Core i5-8265, er AV1 ikkje støtta. Ergo treng eg berre blokkere AV1 i enhanced h264ify.