Tur: Vassvarden

Turen til Vassvarden starta før på parkeringsplassen på ferjekaien Hella. Ein gjekk gjennom tunet til grunneigar og inn på stien forbi Flete opp til Ruud gard.

Den 04.06.2018 blei starten av turen flytta. Frå kaien må du no gå vel 500 meter, etter hovedvegen, i retning Leikanger. Her finn du skilta som peikar deg inn på kjerrevegen til Vesterheim.

2018-Sanden-Vesterheim-01

Kjerrevegen går sikksakk opp lia. Omtrent halvveges kan du stikke ut på svaberga og få med deg utsikt over fjorden og ferjetrafikken. Oppe på Vesterheim passerer du like under det gamle skulehuset. Etter vel 50 meter i retning garden Vesterheim, kjem du til eit nytt skilt som peikar deg i retning av stien opp til Ruud. Om du vil til Flete kan du følgje stien som går utover under skulehuset. Det blir ein omveg i høve å gå rett opp frå Vestrheim til Ruud.

Du kan lese meir om området på «Ro, et lite eventyr» og på eitorn.origo.no. Over husa på Ruud går du gjennom enga og opp, gjennom skogen, til stølen Skare på 515 moh. Frå Skare kan du nyte utsikta utover Sognefjorden og ned på garden Ruud. Turen opp til Skare passar i seg sjølv som ein kortare tur. Han tilsvarar turen frå Kvålen til Skagasete over Haoahaug.

Over Skare går du gjennom skogen opp til Daurmålhaug på 732 moh. På vegen passerer du under den nye kraftlina mellom Fardal og Ørskog. På Daurmålhaug er du over tregrensa, og kan skimte Vassvarden i nordleg horisont. Du held fram nordover på vestleg side av Storholten, som ligg rett sørom Vassvarden. Stien er rimeleg synleg og du kan speide etter små steinvardar eller små stikker i terrenget.

Når du er komen opp vest for Storholten, vil du sjå varden igjen. Det er berre å sikte seg inn og gå mot han. Oppe ved varden har du ei fantastisk utsikt, spesielt mot eit ope turlandskap heilt vest i Leikanger kommune. I sørleg retning ser du mot Borlaug, Feios, Vangsnes og Vik. Dreier du mot vest, ser du Kvamsøy, Balestrand, Dragsvik, Sværefjorden og innseglinga til Fjærlandsfjorden. På ein klar dag kan du sjå langt inn i fjella.

Frå Vassvarden kan du velje å gå vidare nord/nordaustover, passere Syringaholten, kome deg opp på Troeggi for gå fram til sydspissen av Stav. Her kan du velje å gå til nordspissen, ned ryggen på Stavafjellet og kome ned i Grindsdalen, på Stavsete. Eit anna alternativ er å ta turen sørover om Midteggi til Hest for å gå ned til stølen Dalsbotnen og til garden på Engjasete. Eg tilrår å gå denne turen motsett veg. Du sparar nokre høgdemeter med å starte på Engjasete. Litt om turen og bilete finn du her.

Det manglar bilete av stien frå vegen om Vestrheim til Ruud, men den delen ser du i videoane. Bileteserien under er frå 2009 og startar på Ruud, på veg opp til husa. Nokre endringar i løpeta av åra har det blitt, både på garden Ruud og over Skare, som følgje av bygginga av kraftlina frå Fardal til Ørskog.

Tur: Kjeringafjell i april

Skitur til Kjeringafjell startar på Kleppa, vel 5 kilometer frå Sognefjordvegen. Til turen må du hugse å ta med nok drikke og mat samt varme klede. Du skal opp frå ca 400 til 1.314 moh. Rekn med å bruke 3 timar på turen opp.

Frå Kleppa kan du gå på snøen opp til Øvstestølen. Deretter følgjer du løype fram til Damefall. Her stoppar du for å legge på feller eller smørje skia slik at dei klabbar skikkeleg. Frå Damefall vil du stige nesten 800 høgdemeter til Kjeringafjell og treng festet. Cirka 1 kilometer frå Damefall går du forbi stølen Stokksete før du går vidare til Kallbakk. Frå Kallbakk svingar du opp under Rjupeskar før du siktar deg inn på vestre del av Fagreggi. Oppe ved Fagreggi, må du ned i Discohola. Ikkje spør kvifor ein kallar det for Discohola, eg veit ikkje. I Discohola er det godt med ein matpause for å samle krefter til den kraftiga stiginga. Start roleg etter matpausen. Du skal frå ca 950 moh til 1150 moh på kort distanse. Det blir sikk-sakk opp fjellsida før du kjem opp ved varden på Kjeringi. Det er ikkje berre ulemper med den bratte stiginga. Tek du tida til å nyte utsikten medan du kviler på stavane frå tid til anna, vil du ha ei fantastisk utsikt som strekkjer seg frå Stølsheimen i vest og inn til Frønningen og munningen av Aurlandsfjorden.

Frå varden på Kjeringi er det litt motbakke att før du er på ca 1250 moh og skal til å runde over Skuledalen mot vardane på Kjeringafjell. I forhold til det du har vore gjennom er dette så godt som flatt terreng. I austre enden av Kjeringafjell finn du i 2016 radiobua. Frå Kjeringafjell har du ei fantastisk utsikt som strekkjer seg frå Balestrand og Stølsheimen i Vest og heilt til Jotunheimen med Hurrungane i aust. I nordleg retning har du Voggebreen og Myrdalsbreen med Friksdalen under Kjeringi. I sørleg retning ser du Hermansverk og Nokkaneset samt over til Feios, Borlaug, Fresvik, Frøninngen, Fimreite-neset og munningen av Aurlandsfjorden.

Etter ein god rast med god mat og drikke, er det berre å fjerne fellene eller smurningen å begi seg på turen ned att. Ta deg god tid til å sigle på sikk-sakk i dei brattaste partia for å nyte nedturen og utsikta.


I videoen går eg ikkje opp bratthenget, nordom Discohola, men følgjer ruta trakkemaskina nyttar for å koma opp dagane før Kjeringi Open.

Tur: Smørkletten

Turen til fjellet Smørkletten startar på parkeringsplassen på Kleppa, ca 5 km køyretur opp frå Sognefjorden og går gjennom skiområda på og over Kleppa.

Når du har parkert går du til botnen av slalombakken for å byrje oppstiginga, i venstre kant a bakken mot granfeltet, til Øvstestølen. Alternativt kan du gå skogsløypene opp som går gjennom granfeltet. Den lengste tek deg ut mot der du kan gå til Eggja via Vålamyri for så å svinge tilbake mot Øvstestølen.

Frå Øvstestølen følgjer du skiløypa halvveges mot Damefall før du tek av på ein sti som går vestom skiløypa. Denne kan ta deg i fleire til plassar, alt frå Eggja over Smørkletten, Rjupeskar og Kjeringi i nord og Stokksete i nordaust.

Etter eit kort stykke frå du forlot skiløypa for å gå på stien, kjem du til eit kryss der stien mot Eggja og Smørkletten tek av i retning nordvest. Mesteparten av tida følgjer du ei kraftline før du går opp på Smørkletten på ca 815 moh. Terrenget er lyng og litt myrområder. Ingen fjell eller bratte parti skal forserast. Kven som helst kan gå turen. Om sommaren kan du nyte snacks som blåbær, blokkebær og molter. Ein kan fint gå turen med joggesko dersom det ikkje har regna eit par dagar.

Tur: Dalhjedla

Henjadalen er ein rimeleg flat og lang dal som startar ved Kolabakken på Røysaleitet og fungerer som eit startpunkt for mange fine turar. Du kan parkere bilen ved Leikanger Barneskule (stadion) og gå derifrå. Dersom du vil kutte ned ca 2 km av turen, kan du køyre inn til bommen ved vassinntaket. Sjølv om bommen er open, er det ikkje lurt å køyre vidare. Berre grunneigarar har nøkkel til bommen. Det vil vere kjedeleg å bli ståande fast på feil side av bommen på returen.

Dalhjedla er ein gamal støl som er til nedfalls. Mange av løene har kollapsa og det som står att av sel og løer har ikkje lenge att før dei takkar for seg. Barnålplantene har festa sitt grep om det rydda arealet og graset blir ikkje slått eller beita ned.

Turen til Dalhjedla er kort og ypperleg for ein rask kveldstur eller like etter jobb. Du rekk akkurat å bli sveitt. Ikkje er turen så bratt og luftig som turen til Bjørgahaug. Dei med høgdeskrekk vil ikkje få problem. Frå bommen ved vassinntaket i Henjadalen er det ca 1 km å gå før du kjem til stien, på ca 500 m, som fører opp til Dalhjedla. Han er markert med eit lite treskilt som står i grøfta på traktorvegen som fører til Flya.

 

Tur: Flya

Henjadalen er ein rimeleg flat og lang dal som startar ved Kolabakken på Røysaleitet og fungerer som eit startpunkt for mange fine turar. Du kan parkere bilen ved Leikanger Barneskule (stadion) og gå derifrå. Dersom du vil kutte ned ca 2 km av turen, kan du køyre inn til det gamle vassinntaket. Sjølv om bommen er open, er det ikkje lurt å køyre vidare. Berre er grunneigarar har nøkkel til bommen. Det vil vere kjedeleg å bli ståande fast på feil side av bommen på returen.

Stølen Flya ligg berre 500 meter lenger inn dalen frå Fivelhola. Har du kjøpt fiskekort, hjå den lokale sportsbutikken, kan du ta ein dag med å fiske etter aurekjøer på begge plassane.

Frå bommen må du rekne med ca 1 time gangtid langs grusveg til Flya. Vegen er ikkje bratt og passar ypperleg til dei første trimturane før du gyv laus på dei brattare turane, som t.d. Skagasete, Lusaskard m.m. Det går fint å sykle. Starten og slutten på lengre turar til Kjeringafjell, Trastadalen, Friksdal og Fjærlandsete bli meir behaglege. Det er knapt noko betre enn å setje seg på sykkelen etter 5-6 timar og rulle heim den siste, men dryge, halve mila.

Frå Flya kan du velje å gå på vestsida av dalen fram til Friksdalen eller på austsida og anten gå opp Reiseta til Fjærlandsete eller halde framover dalen til Åsenosi og koma opp i Trastadalen eller i Myrdalen.

Historiske bilete frå før kraftutbygginga

Tur: Kvålen via Haoahaug til Skagasete

Skagasete er ein støl på 589 moh på Hermansverk. Du kan skimte sæl/hytter mot himmelen frå Njøs og frametter Gjerde og Moene. For å kome opp på Skagasete eksisterer det minst 3 alternativ. Den vanlegaste turen er å starte på Kvålen og gå via Haoahaug. Eit lengre alternativt er å følgje traktorvegen til Skagasete. Eit tredje alternativ er å starte på toppen av Dalenfeltet.

På turen via Haoahaug følgjer du ikkje traktorvegen, men tek av, opp skogen, like etter grindene ved starten av Njøsadalen. Litt over Haoahaug møter du på stien som kjem opp frå Dalenfeltet. Stien til Skagasete frå Haoahaug er tydeleg. På turen passerer du gamle kvilesel/kvilehytter, løer på attgrodde teigar, nyrydda teigar, kraftliner og forbi gamle almar. Seinvåres og på seinsommaren kan du møte sauer. Dei er van med at eigarane kjem med noko til dei, så det kan verte litt styr når lam og sauer kjem deg brekande i møte. Om sommaren kan det gå kyr eller hestar ved stien. Dei er meir beskjedne og bryr seg lite om at du kjem pesande forbi.

Turen er eit godt alternativ for dei som synes at Bjørgahaug blir litt for bratt og luftig eller dei som ønskjer at turen skal ta litt lenger tid. Her er det ingen stupbratte berg du må gå langs og turen har noko svakare stigning. Bjørgahaug ligg på ca 300 moh med 240 høgdemeter å gå. Skagasete ligg på 589 moh og frå Kvålen skal du opp i underkant ca 450 høgdemeter. Dei skal fordelast over ein dobbel så lang tur, men eg skal lova deg at du vil få sveitte. Du bør rekne med 45 min til timen, som er vel dobbel tid av turen til Bjørgahaug. Frå Skagasete kan du halde fram vidare til Lusaskard på 1000 moh eller du kan gå mot Hottadalen.

Turen til Skagasete er delt opp i to deler:

  1. Kvålen til Haoahaug
  2. Haoahaug til Skagasete

Tur: Hangsete

Har du teke turen til Bjørgahaug, bør du vurdere om du vil gå til Hangsete. Hangsete er ein støl som ligg eit stykke over der Fatla-elvi stuper ut over fjellet. Stien er lett å følgje og er ikkje så bratt som første delen opp til Bjørgahaug. Frå Bjørgahaug går du innover og i sikk sakk opp til Anhovden. Dette er den brattaste delen. Etter Anhovden går turen innover mot Fatlaelva i slak motbakke. Ved Ste kan du, like ved skiltet, ta turen opp på den vesle høgda og nyte utsikta over fjorden. Har du med deg kikkert, og er der på det rette tidspunktet, kan du studera nærare på cruiseturistane som kjem inn og ut frå Flåm.

På Hangsete er det god tilgang til vatn, så du treng ikkje ta med drikke. Frå Njøs bør du rekne med at turen tek 1 time og 30 minutt. Hangsete treng ikkje vere endestasjon for ein turgåar. Du kan gå over til stølen Kråkesete, på motsett side av Fatleelva, i Sogndal kommune. Frå Kråkesete skal det vere ein sti ned til Slinde.

Du kan halde fram innover bak Mjellhaugane til nokre vatn og/eller gå til Skriki, eit fjell på vel 1.200 moh som ligg ved Øvstedalen i Fardal i Sogndal kommune. Går du langs Mjellhaugane, på vestsida, kan du gå ned Kvannskar eller Moldbakken og kome ned Njøsadalen. Frå Havrane eller Kvannskar kan du gå ned Njøsadalen til Kvålen eller gå stien frå Fadnastølen heim til Njøs.

Turen frå Njøs til Hangsete har eg delt inn 2 deler:

  1. Frå Njøs til Bjørgahaug
  2. Frå Bjørgahaug til Hangsete

Tur: Bjørgahaug frå Njøs

Dette må vere den mest populære turen på Leikanger. Ikkje er turen lett. Eg trur kombinasjonen av intensivitet over eit relativt kort tidsrom med utteljing i ei fantastisk utsikt er det som gjer han populær. Eit godt tips er å ta med ein god og lett kikkert i rumpetaska/sekken saman med litt drikke.

Ein kan kome seg til Bjørgahaug på minst to måtar. Den eine går frå Sanden, ca. 400 meter frå Fatla-elva. Den andre går frå Njøs via Hjedlene. Opp til Hjedlene byr ikkje turen på spesielle utfordringane. På Hjedlene går du inn på Kidlestigen. Stien er går i sikk sakk oppover fjellsida og er til tider svært bratt og luftig. Namnet til stien er ei blanding av geitekje og sti. Når du har gått han, vil du skjøne at namnet er svært treffande. Stien ber preg av mykje trafikk og er lett å følgje. Har du berre tid til å ta ein tur på Leikanger, er dette turen du skal ta. Frå start til toppen vil ein godt trena person bruke frå 15 – 20 minutt. Ein turgåar må rekne med 30 – 45 minutt. Smerten og slitet vert oppvegd av ei fantastisk utsikt, spesielt på den første halvdelen. Når du har kome til topps, får ei fantastisk utsikt over Leikanger kommune, Balestrand, Vangsnes, Feios og Borlaug på sydsida av fjorden.

Frå Bjørgahaug ligg fjellet ope for tur til Hangsete eller Kråkesete, to stølar som ligg over Fatla-elva. Du kan ta deg ein langtur til Skriki, eit fjell på vel 1.200 moh som ligg ved Øvstedalen i Fardal i Sogndal kommune. Du kan gå over Mjellhaugane eller Bergsete og ned Moldbakken til Havrane. Frå Havrane kan du gå ned til Tuftahaug eller Fadnastølen i Njøsadalen og gå ned Njøsadalen til Kvålen eller gå stien frå Fadnastølen heim til Njøs.

Traktorvegen mot Hangsete er eit alternativ om Kidlestigen blir for luftig for deg:

Tur: Raumålsgrinda

Turen til Raumålsgrinda er ein kort tur etter gamal sti. Turen startar på Skahaug, ca 1,5 km frå parkeringsplassen på Kleppa. Du kryssar gamle vatningsveiter til gardane på Henjum. I 2012 vart det teke ut skog i området. Ein følgje av det er at turen er mykje opnare. Du har utsikt ned mot Hermansverk  på mykje av turen.

Det kan til tider vere ein del fuktigheit på stien som saman med røtter til tre, barnåler, kongler og svaberg gir ein viss risiko for å skli, spesielt på vegen ned att. Etter ca 1 km gange kryssar stien ein grusveg som vart laga til i samband med eit nytt høgspentstrekk for nokre år sidan. For dei som ønskjer å ikkje gå til Raumålsgrinda, kan ein gå 1 km tilbake til vegen som går til Kleppa for deretter å gå ned att ca 1 km til utgongspunktet. For oss som held fram til Raumålsgrinda, går ein ca 100 meter opp ein traktorveg før ein følgjer stien ut mot Henjedalen. Etter 50 meter kjem stien saman att med spor frå skogsmaskinene. Med andre ord kan du følgje spora til skogsmaskinene. Maskinene har køyrt opp Raumålsbakkane og nesten heilt fram til Raumålsgrinda.

For å sleppe å ta turen ned same vegen, kan du følgje stien tilbake til Kleppa og gå ned vegen til Skahaug. Du må gå ca 50 meter i retning mot Stokksete, før du går til venste og inn i skogen. Eg vil absolutt tilrå at første gongen du tenkjer på å ta ein slik rundtur så parkerer du på Kleppa går derifrå for å gjere deg kjent med kor stien startar over Raumålsgrinda.

Raumålsgrinda er ein mellomstasjon for tur til Stokksete. Frå Stokksete passar det å gå vidare og kome ned att på parkeringsplassen på Kleppa. Vil du ikkje til Stokksete, kan du følgje ein sti som går tilbake til parkeringsplassen på Kleppa frå Raumålsgrinda. Føler du deg ekstra sprek kan du ta langturen til Kjeringafjell på 1.314 moh. Til ein slik tur bør du setje av ein heil dag. Ein mellomlang tur vil vere å gå rett vest frå Stokksete til Smørkletten for deretter å gå ned att på Kleppa.

Turen til Raumålsgrinda gir deg med andre ord eit allsidig utgongspunkt for flotte turar i fjellområdet på vestsida av Henjadalen.

Tur: Fadnastølen over Åsen

Fadnastølen er den heimste stølen på austsida av Njøsadalen. Det er fleire måtar å kome dit som gir deg gode moglegheiter til å variere turane dine. I dette innlegget tek eg for meg den vanlegaste turen.

Du følgjer traktorvegen frå Kvålen inn Njøsadalen ca 500 meter, I Vetlagjerdet, etter å ha kryssa Njøsaelva, skal du ta av frå vegen. Eit skilt peikar deg inn på ein gamal kjerreveg som går du opp til Åsen. Etter å ha kryssa Langadiket kjem du til nedre Åsen. Du svingar mot nord og følgjer gjerdet langs grasenga oppover til du kjem til traktorvegen som vart oppretta på slutten av 1990-talet. Denne skal du berre krysse og følgje eit lite stykke stien/vegen til eit inngjerda utmarksområde, Åsen. Litt før grinda tek du av og går mellom gjerdet og ei graseng på vestsida med ein granskog på austsida. Når det er slutt på gjerdet, går du gjennom ein liten granskog før du startar på ei stigning. Eit lite stykke oppi kjem stien frå Dalsete saman med stien du følgjer. Stien frå Åsen kjem inn på sør-vestre del av Fadnastølen ved Tunga. Her finn du postkassen med turboka til Syril.

For å koma opp på øvre del av Fadnastølen går du nordover gjennom ein ørliten granskog, over marka opp til sælet/hytta øverst på Fadnastølen. Her får du den beste utsikta. Held du fram 50 meter forbi hytta, vil du sjå stauren med skilt som peikar mot Tuftahaug.

Bileta frå Fadnastølen over Åsen er frå 2018: