Tur: Grinde til Myklebru

Grindsdalen ligg vest om tettstadane Hermansverk og Leikanger, på vegen mot ferjekaien på Hella. Dalen har to namn. På austsida av elva heiter han Huksdalen og startar under Huke. På vestsida heiter den Grindsdalen og går frå Grinde. Den beste måten å koma seg inn dalen er på Hukesida. I 2022 er det fin grusveg å køyre fram på. Skal du fram på Grindesida har du to alternativ: sykkel eller «apostlane sine hestar».

Turen startar i krysset mellom vegen opp til Engjasete og Grindsdalen. Følgjer du vegen inn Grindsdalen endar han ut i ein skogsveg etter 400-500 meter ved eit gardsbruk. Skogsvegen er omlag 4,5 km og endar ut i vegen frå Hukesida. Vegen på Grindesida er prega av å vere lite brukt. Du skal ikkje langt fram før du merkar at gamle traktorspor er på veg til å gi tapt for vegetasjon. Når du kjem fram til knutepunktet mellom linene Ørskog – Fardal, går siste kilometeren på grov grusveg.

Dalen ligg ikkje langt frå Leikanger og sidan det er moglegheit å ta seg fram både på Grindesida og Hukesida, kan det vere ein ide å ta turen på sykkel. Sidan dette er skogsvegar bør ein ha ein god hybrid- eller terrengsykkel. Girutveksling er ein absolutt fordel, om ikkje nødvendig. Vegen på Grindesida er dårlegast så eg tilrår at ein syklar fram den. Å køyre nedover i høgt og sleipt gras synes ikkje som nokon god ide. Du må rekne med å leie sykkelen på nokre parti. Det er ikkje lett å balansere og trø i høgt gras. Framme ved Myklebru, kan du trille heim Huksdalen før du returnerer inn Sognefjordvegen til Leikanger eller Hermansverk.

Tur: Luftig sti opp og over Kyrafossen

kyrafossen.jpgI bilete til høgre ser du Kyrafossen ein vårdag. Til venstre for fossen, i den graskledde, bratte lia snor det seg ein sti. Har du høgdeskrekk blir du frårådd å gå denne turen.

Du følgjer traktorvegen mot Hangsete. Etter å forsert det brattaste partiet av vegen, kjem du til skiltet som merker starten. I midten av bilete ser du ein del gran. Frå traktorvegen går stien opp til desse. Du går gjennom granfeltet og her vert det vesentleg brattare. Legg merke til hylla på skrå nedover i retning fossen frå granfeltet du ser mot himmelen, denne kjem du til å gå på. Stien er lite oppgått, men du har god hjelp av raudmerking.

Frå du går opp gjennom granfeltet i midten av bilete til du går inn i det øvste granfeltet, må du være budd på å takle høgder. Lauvskogen tilbyr berre svært varierande skjerming så du vil garantert kjenne suget frå “avgrunnen”. For meg er dette den mest utfordrande stien eg hittil har gått i Leikanger.  At han er bratt er ikkje noko fysisk problem i motbakken, men tittar eg ned på dei rette stadane kjem ubehaget. Her gjeld det å halde rett fokus så går det bra, men eg veit ikkje om eg kjem til å gå han ned. Stien i bratta vert kalla «Bjødnastien», men kvifor har eg ikkje fått klarheit i. Sidan eg til tider er mest komfortabel med å bruke alle fire, synes eg namnet er passande. Eg kjem oppover, som ein bjørn. Om ein studerer kartet vil ein sjå at høgda til venstre for biletkanten heiter Bjørnshovden og då har ein nok forklaringa på namnet.

Inne i granfeltet på toppen er det eit utsiktspunkt der stien snur tilbake, i retning Kyrafossen. Du vil finne fleire høver til å sjå bygda, men eg synes utsiktspunktet litt aust for fossen, Våkeldahaug, er langt betre.  I tørre og varme periodar om sommaren er det ikkje vasseføring i Kyrafossen. Ver ikkje overraska om du ikkje legg merke til elva.

Turen opp og over Kyrafossen er delt i to deler:

  1. Traktorvegen mot Hangsete.
  2. Stien opp, over Kyrafossen (til Våkeldahaug).

NB! Rotvelta hausten 2019 over granfeltet du kjem først til. Det er vanskeleg å kome rundt/over.

Tur: Gildal

Gildal-057

Gildal er ein sidedal i vestleg retning til Huksdalen. Køyr grusvegen i Huksdalen fram til parkeringsplassen, under Nyastølen. Nett før du kjem til parkeringsplassen, startar ein grusveg som fører deg opp til vassinntaket til kraftverket frå Gildøla. 50 meter før vassinntaket går du ut på den gamle stien som du følgjer fram til første sælet. Distansen dit er ikkje meir enn til Nyastølen på austida av Huksdalen. Mesteparten av stigninga opp til Gildal er unnagjort på dette partiet.

Følg stien vidare og du vil etter litt kome til eit nytt sæl. Snur du deg i austleg retning vil du sjå eit sæl til. Alle sæla du har passert er av nyare dato. Går du vidare på stien, i retning av Storebotnen, kjem du til dei gamle stølstuftene. Ifølgje det eg har blitt fortalt gjorde eit snøras ende på stølen. Elva Gildøla renn i nærleiken slik at du enkelt kan drikke eller fylle flaska før du går vidare.

Kiker du opp i vestleg retning vil du registrere Hest. For å kome dit må du krysse elva. Kor du kryssar er avhengig av vassføringa, om du ikkje vil bli blaut på beina. Uansett er turen via Gildalen eit reelt alternativ til den lange marsjen frå Engjasete til Hest. Snur du ryggen til Hest og ser austover, ut dalen vil du sjå Rjupeskar i sør til Kjeringafjell i nord.

Turen til Gildal går fint i gode joggesko, gjerne med Goretex. Område ved dei gamle stølstuftne er myrete.

Turen til Gildal delt i to deler:

  1. Etter vegen inn Huksdalen
  2. Gildal (bilete frå stien)

Tur: Lauparfjellet

LauparfjelletNamnet gir inntrykk av at ein må høgt til fjells, men dette ein bonus til turen til Hamrestølen framom Høgehaug. Etter at du har kome ut frå skogen og byrja på skogsvegen, kan du etter eit par 100 meter ta ein avstikkar ned til utsiktspunktet. Det heng eit skilt med svak raud skrift som indikerer starten på stien. Det er ikkje meir enn 100 meter å gå før du klatrar over eit gjerde og kjem ut på ei hylle over Hanahaug med utsikt over Leikanger og Sognefjorden.

Om du har valt å gå frå Eggja er det berre å halde fram turen på skogsvegen. Hamrestølen er omtrent halvveges til utsiktspunktet Lauparfjellet.

Tur: Hamrestølen frå Eggja

HamrestølenHamrestølen er ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Stølen ligg på ca 400 moh, rett over Hamre. Kortaste fotturen dit tek du frå Eggja. Han er på mellom 700 – 800 meter slik at du knapt kan rekne med å bli sveitt. I så måte er det ein ypperleg tur å ta med seg små ungar på.

For å kome til Eggja må du køyre forbi Hamre og fruktlageret i retning Hella. Etter 400-500 meter tek du av frå Sognefjordsvegen og startar klatringa opp mot Eggja. Vegen slynger seg oppover bak Fosshagen og er til tider smal. Ver budd på å rygge, her er det sjeldan plass til to køyretøy. Du skal nesten heilt til endes på Eggja. Ca 100 meter før bilvegen endar, startar skogsvegen som går opp til Hamrestølen.

Etter ca 2/3 av turen etter skogsvegen kjem du til ei grind som markerer starten på eit granfelt. Legg merke til orkanen Dagmar sine herjingar i området. Ute i terrenget rundt skogsvegen ligg mykje gran flat. Like etter Dagmar, for snart eit par år sidan, var skogsvegen uframkommeleg. Området likna meir på pinnespelet der ein slepp pinnar og skal plukke dei opp ein og ein utan at dei andre pinnane rører seg. Det var ei utfordring og passere og til tider ikkje heilt trygt sidan ein ikkje kunne vere viss på kva for spenn som var att i trea. Herjingane her var etter mi vurdering verre enn på stien til Skoparsete frå Skjer.

Tur: Kleppa til Hamrestølen framom Høgehaug

HamrestølenHamrestølen er ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Stølen ligg på ca 400 moh, rett over Hamre. Det blir omtrent på same høgda som Kleppa. Det er kortare å gå til Hamrestølen frå Eggja, men frå Kleppa kan du variere turen.

Haugen som ligg vest for Kleppaområdet heiter Høgehaug. Kleppa ligg på austsida og Hamrestølen ligg på vestsida av Høgehaug. Du kan velje å gå framom Høgehaug, bak Høgehaug eller over Høgehaug. Her blir turen framom Høgehaug skildra og han er ca 2,5 km lang. Det er same lengda som turen bak Høgehaug frå Kleppa. Ein rundtur rundt Høgehaug blir då på 5 km.

Frå Kleppa følgjer du traktorvegen til du kjem til Husabøstølen. Der skal du ta til venstre opp gjennom skogen. I enden vil du sjå eit skilt som pekar til Eggja. Du passerer eit gamalt sel og vil like etter gå inn i granskogen på framsida av Høgehaug. Mykje av stien går langs gjerdet som går over Frækaland. Trea står tett, men du kan skimte litt fjord og terreng gjennom dei. Dagmar har velta ein del tre.

Omtrent halvdelen av turen går i skogen, før du kjem ut på ein skogsveg som kjem frå Hamrestølen og Eggja. Har du tid vil du etter nokre 100 meter på skogsvegen kunne ta ein avstikkar ned til eit utsiktspunkt kalla Lauparfjellet. Skiltet er litt utydeleg. Det er ein kort avstikkar på ca 100 meter som tek deg til eit luftig utsiktpunkt rett bak og over Hanahaug.

Vil du ikkje sjå på utsikten er det berre å følgje skogsvegen til du kjem ut på Hamrestølen.

Tur: Kleppa til Hamrestølen bak Høgehaug

HamrestølenHamrestølen er ein liten støl med 1 sel og eit par løer. Stølen ligg på ca 400 moh, rett over Hamre. Det blir omtrent på same høgda som Kleppa. Det er kortare å gå til Hamrestølen frå Eggja, men frå Kleppa kan du variere turen.

Haugen som ligg vest for Kleppaområdet heiter Høgehaug. Kleppa ligg på austsida og Hamrestølen ligg på vestsida av Høgehaug. Du kan velje å gå framom Høgehaug, bak Høgehaug eller over Høgehaug. Her blir turen bak Høgehaug skildra og han er ca 2,5 km lang.

Frå Kleppa følgjer du traktorvegen i nesten 1 km til der han gjer ein krapp sving og du har tre retningar å gå i. Mot sør kan du gå opp på Høgehaug. Mot nord svingar vegen tilbake mot Øvstestølen. Om du held fram vestover eller rett fram i svingen, kjem du inn på stien som går i retning Hamrestølen. På vegen dit passerer du i skogen over Vålamyri.

Frå du forlet skogsvegen i svingen, går du inn i myrområde. Til Vålamyri er det like over 900 meter og halvparten av stien går gjennom fuktig myr og gras. Når du kjem til granskogen, vil du etter eit kort stykke kome til tydeleg skilting som peikar deg ned mot leirplassen ved Vålamyri. Frå dette skiltet og til Hamrestølen er det att ca 800 meter som hovudsakleg går gjennom tett granskog. Tre er med ujamne mellomrom merka, men det er ikkje vanskeleg å sjå kor stien går. Når du nærmar deg Hamrestølen, vil du sjå at orkanen Dagmar har sett sine spor. Store mengder med tre er velta og stien har vorte rydda. Ca 50 meter frå sælet og løa der ein finn turposten, kjem ein ut av skogen og inn på traktorvegen som går på framsida inn til under Høgehaug.

Tur: Kleppa til Vålamyri

VålamyriVålamyr er eit lite vatn eller kanskje rettare sagt eit tjern som ligg bak Høgehaug. Frå Kleppa følgjer du traktorvegen i nesten 1 km til der han gjer ein krapp sving og du har tre retningar å gå i. Mot sør går du opp til Høgehaug. Mot nord svingar vegen tilbake mot Øvstestølen. Om du held fram vestover eller rett fram i svingen, kjem du inn på stien som går i retning Hamrestølen. På vegen dit passerer du i skogen over Vålamyri.

Frå du forlet skogsvegen i svingen, går du inn i myrområde. Til Vålamyri er det like over 900 meter og halvparten av stien går gjennom fuktig myr og gras. Når du kjem til granskogen, vil du etter eit kort stykke kome til tydeleg skilting som peikar deg ned mot leirplassen ved Vålamyri. Det er 100 meter ned og du vil sjå nokre gamle plastfiller som er knytt på greiner i trea. Du vil skimte grasvegetasjonen nede i Vålamyri gjennom trea.

Nede på Vålamyri finn du benker sett opp og bålplass. Det kan hende at det er spent opp ein gapahuk under trea. Pass på når du nærmar deg vatnet eller tjernet. Prøv å gå på tuer og hald eit auga med kor du set foten. Å gå to kilometer tilbake til Kleppa i suppande blaute sko er vel ikkje fristande?

Tur: Kleppa til Høgehaug

Høgehaug

Høgehaug ligg over Husabø på Leikanger. Turen frå Kleppa til Høgehaug er like i underkant av 1,4 km og går på traktorvegen opp til svingen der ein kan velje å svinge opp mot Øvstestølen eller gå rett fram i retning av Vålamyri/Hamrestølen eller til venstre opp til Høgehaug. Du stig i underkant av 200 høgdemeter frå parkeringsplassen på Kleppa. Eg vil tru alle kan greie denne turen.

Sidan Høgehaug er eit utsiktspunkt kan det vere like greitt å gå opp her, nyte utsikta og gå ned på andre side i retning Hamrestølen. Då slepp du å gå i myrane bak Høgehaug eller i skogen under Høgehaug til eller frå Hamrestølen. Ingen av desse turane gir det det beste av utsikt. Investeringa i dei ekstra høgdemeterane det er å gå over Høgehaug er vel verd det.

Tur: Kløvjavegen til Fjærlandssete

Kløvjavegen-Fjærlandsete

Fjærlandssete er ein støl som ligg nordom Fardal og Øvstedalen, tett opp mot Leikanger si austre grense mot Sogndal. Sjølve stølsområdet er idyllisk plassert på austsida av Fjærlandssetevatnet. På vestsida av vatnet finn ein stølen Sumhaug.

Før var den lettaste måte å koma hit å køyre opp Øvstedalen i Fardal og gå forbi Furesete. I dag er det, på grunn av forlenging av vegen i Njøsadalen, lettare å nå Fjærlandssete frå Leikanger. Det forutset at ein køyrer fram til parkeringsplassen ved Tuftahaug. Her er det to alternativ:

  1. Gå via Hottadalen over Seltuftebotnen mot Slettebotnen ved Kalvahaugen like heimom Kalvavatnet.
  2. Gå Kløvjavegen som startar i Geitadalen og kjem saman med stien frå Øvstedalen, litt over Furusete.

Det første alternativet fører deg ein del høgare i terrenget, slik at du må gå ned att på Fjærlandssete.

I dette innlegget tek eg for meg Kløvjavegen som er ein lett familietur på ca 4,5 km. På denne distansen skal du berre opp i underkant av 150 høgdemeter. Det er under halvparten av stigninga til Bjørgahaug frå Njøs. Fordelt over ein mykje lenger distanse betyr det at turen er svært slak. Det næraste eg vil samanlikna han med er turen fram i Henjadalen til Flya. Parkerer du ved bommen Henjadalen er distansen og stigninga mykje lik.

Skilnaden mellom turen fram i Henjadalen til Flya og Kløvjavegen til Fjærlandssete er at førstnemnde går på grusveg og krev ikkje anna enn gode gåsko. Kløvjavegen går over lyng, myrer samt moldete og fuktige parti. Her er det einaste som gjeld gode fjellsko, fjelljoggsko eller støvlar som kan halda veta ute. Ein lettskya dag vil du på eit godt stykke av stien sjå direkte mot Hurrungane i Jotunheimen, samstundes som du ser Gautastølen over Svartavatnet i Øvstedalen. Etter halvgådd tur vil du sjå Furusete, litt nedom Kløvjavegen. Eit kort stykke etterpå går Kløvjavegen saman med stien som kjem opp frå Øvstedalen.

Det er god plass på sælbøen til å setje opp telt eller lavvo, om du vil ta helga der. Har du kjøpt fiskekort, kan du fiske i vatnet. På ein varm sommardag kan du ta turen ned til vatnet og bade frå ei sandstrand. Ver i det minste budd på at det kan bli ei frisk oppleving, spesielt om det er tidleg på sommaren.