Gestapo eller Schutzstaffel (SS)

Skreiv for over vel eitt år tilbake at historie gjentek seg og følgjer med på det som skjer over dammen. Eg såg over sist hending fleire gonger. Ein føderal tilsett bar vekk våpenet offeret hadde lov å bere. Offeret var overmanna av fleire føderale tilsette, dei hadde full kontroll. Likevel var det ein eller fleire av dei føderalt tilsette som valde å skyte, rettare sagt avlive, offeret med 10 skot. Ei regelrett henretting utan dom.

Det som skjedde på 30-talet sørom Noreg, hender i dag hos ein av våre allierte. Eg har vore litt i tvil om eg skulle klassifisere den offentlege tenesta som Gestapo eller SS, men etter å lese nærare på fleire oppslagsverk, er eg framleis i uvissa. Gestapo, eit hemmeleg politi, virkar noko fjernare. Likskapen går mest på at det ser ut som dagens teneste har dei same frie tøylene til å gjere kva som helst utan konsekvensar:

The Gestapo operated without civil restraints. It had the authority of “preventive arrest,” and its actions were not subject to judicial appeal.

Eg ser meir likskap med SS sidan det føregår rasemessig profilering saman med leiinga si totale lojalitet til dagens «Førar»:

SS men were schooled in racial hatred and admonished to harden their hearts to human suffering. Their chief “virtue” was their absolute obedience and loyalty to the Führer

Uavhengig av Gestapo eller SS, dette er ikkje eit demokratisk land verdig, ein kan fort ende opp med ein politistat.

Lydbok

Mi lydbok-reise starta tilbake i mai/juni 2023. Ein kollega tilrådde det varmt og det tok ikkje lenge før eg forstod kvifor.

På ei lang reise nordover, heilt til Nordkapp i midten av juni 2023, vart lydbok ein viktig følgesvenn på køyreturen. Det fine med appane er at du kan stille inn farten på lesinga. Når eg køyrer, likar eg å auke lesefarten med 50-70%. Nei, det blir ikkje teikneserie-stemmer av å auke farten på lesinga. Prøv sjølv på Youtube og auk farten på ein nyhendekanal om du ikkje trur meg. Lyttar eg heime, i ro og fred, kan eg doble farten på avlesinga. Nokre gonger skulle eg gjerne ha auka farten meir, alt avhengig av kven som les boka. Uansett gjer det fokuset mitt sylskarpt.

Merksemd er viktig når du køyrer bil frå tidleg morgon til seint på kveld (7-21). Å vere engasjert i forteljinga gjer meg meir merksam på trafikkbildet. Eg hugsar framleis kva slags bok eg lytta på tidleg ein morgon på veg frå Steinkjer, eit lite stykke nordom Snåsa, når ein elg valde å kryssa vegen. Eg hugsar kva eg høyrde på til og frå Nordkapp, frå Olderfjord. Den spissa merksemda som følgje av at eg lyttar på lydbøker er nesten skremande.

Gjennom dei siste 2,5 åra har eg lytta meir på lydbok enn på musikk. Rundt 150 bøker er «fortært». Eg har prioritert fakta, historie og biografiar. Romanar og anna fiksjon har det blitt lite av. Planen min er å ta for meg av dei gamle klassikarane frå Knut Hamsun med meir. Om du ønskjer å lese meir litteratur kan eg ikkje varmare tilrå at du prøver ut lydbøker frå BookBeat, Fabel, Storytel eller Nextory. Det kan kombinerast med så mykje. Multitasking har aldri vore lettare…

Harastølen

I dag var det nok ein artikkel om Harastølen og dagens eigarar. Neste år er det 20 år sidan ein byrja å prate om å gjere noko på Harastølen. Opp gjennom åra har det vore mange idealistar som har vilja gjere noko. Noko har også vorte gjort, men skal vi sei at lufta har gått ut av ballongen for mange.

Gjennom alle desse åra har eg hatt den haldninga at dei som har prøvd seg ikkje har hatt eit snev av realisme kor mykje det vil koste å skape noko der oppe. Å gjenbruke bygningane der til hotell i «særklasse» samt skape eit fint grøntområde i stil med hotellet vil koste hundervis av millionar.

Om ein hadde greidd å få orden på bygga og området rundt, må ein spørje seg om det er nok med eit hotell eller om ein må gjere noko i området som gjer at eit opphald blir ei oppleving, ikkje berre eit hotell. Det er ei gamal, attgrodd langrennsløype like før du kjem opp, men her må ein nok tenkje seg noko a la Hemsedal eller Myrkdalen for å kunne ha heilårsdrift. Slikt kostar pengar og vi snakker om fleire hunder millionar for å skape skianlegg med sommaraktivitetar for å kunne sikre året rundt drift.

Vegen opp til Harastølen er laga i ei svunnen tid. Han er smal, bratt, går gjennom bustadfelt og har avgrensa akseltrykk med store deler grusdekke som renn vekk i regnet og snøsmeltinga. Skal ein kunne tilby noko spesielt der oppe må ny veg på plass. Ny veg vil koste kommunen grovt stipulert tresifra millionar. Greit nok at Luster har (hatt) romsleg økonomi, men som andre må dei prioritere. Å satse på det som hittil har vore luftslott sit langt inne, vil eg tru.

Hittil har ingen av aktørane som har vore innom Harastølen hatt kapitalen og ryggraden til å gjennomføre nødvendige investeringar. Heller ikkje har dei greidd å skaffe kapital i tida dei har hatt hand om området. Det ser heller ikkje ut til at dagens eigarar har noko å fare med. Må legge til at eg sjekke opp selskapa når eg først høyrde om dei. Mi vurdering på det tidspunktet var at dei ikkje hadde ressursane til noko. Det var heller ikkje noko som gav inntrykk av at dei ville kunne få det.

Eg står fast på det eg har sagt heile tida: Det vil ALDRI bli noko økonomisk levedyktig på Harastølen!

Paradoksalt

Sat og såg nyhende i kveld, demonstrering mot olje ved Mongstad raffineri. La merke til at demonstrantane hadde på seg og nytta mykje oljebasert. Her var det nylon, regnklede, fleece og sikker fleire typar klede heilt eller delvis i polyester og polyamid. Trur eg også såg plastrøyr dei hadde stukke armane i for å lenke seg samen. Dei som var på sjøen sat i kajakkar og kanoar i plast og glassfiber, som også inneheld plast. Vi må heller ikkje gløyme solbriller der både innfatning og det mørke «glasset» er plast. Til slutt må eg dra fram soveunderlag og -posar.

Må sei at skal ein demonstrere mot noko ein er mot, må ein for f**n ikkje nytte noko som inneheld det du demonstrerer mot!

Du gløymde noko, Donald!

Toll inn til landet er vel og bra meinar du. Men det er ein ting du har heilt gløymt, Donald. Eg skjønar ut ifrå kor imponert du over at sonen kan slå av og på ei datamaskin, at du ikkje er digital. Men eg skal avsløra ein stor løyndom for deg.

Tre store selskap leverer tenester vi i Europa og verda rundt ikkje har noko alternativ til. I praksis selskapa monopol på kontorstøtte- og mobilkommunikasjonsverktøy. Eg snakkar om Microsoft, Google og Apple. Om du i tillegg til tollen du har lagt på varer inn til USA, legg på ei eksportavgift på tenestene deira, vil du få inn mange fleire trillionar. Gløym for all del ikkje å legge avgifta på sal av applikasjonar og spel i butikkane deira.

PS! Ikkje gløym Steam, det er den største plattformen for distribusjon av spel.

Dei store bøllers tid er her

Samhold, diplomati og alliansar er ut. Har du intet å kome med, synd på deg. Tida der dei store nasjonane vil fordele verda mellom seg er her. Dei store bøllene gjer som dei vil.

Eg har peikt på historiske samanfall tidlegare i Historie gjentek seg. 28. februar vart det store vendepunktet. I dag, 4. mars, får vi melding om at USA let Ukraina og Europa i stikken. All militær hjelp til Ukraina blir stoppa. Det aukar sannsynet for at krigen, som Russland starta, endar med at Ukraina kapitulerer. Det neste som vil stå på menyen for Russland er dei baltiske statane. Det vil sikre Russland betre tilgang til Østersjøen samt sørge for at enklaven Kalingrad blir landfast med eit Stor-Russland.

NATO-traktaten artikkel 5 vil redde oss, seier du. Ikkje hald pusten, seier eg. Traktaten ligg på sotteseng. All tillit til dagens leiing i USA er borte. Dei sel deg til høgstbydande.

Ordførar, no er det nok!

Før du les dette innlegget kan det vere lurt å sjå over min tidlegare gjennomgang av saka:

I siste kommunestyremøte valde ein å lukka møtet for ei sak. Sogn Avis har fått tre frå kvar side av saka til å uttale seg anonymt om møtet. Eg tek nokre sitat og utdrag før eg går vidare:

– Det vart teke opp nokre bekymringsmeldingar, men ingenting konkret. Me sat som nokre levande spørsmålsteikn og lurte på kvifor dette var sett i gang…

– Møtet burde ikkje ha vore lukka, det var ingen personopplysningar eller noko som kom fram der, seier ein av dei.

Meir overraskande er det kanskje at den same oppfatninga går att hjå dei som sympatiserer med ordføraren. At det eigentleg var unødvendig å lukka dørene.

– Men det visste me ikkje på førehand, seier ein av dei.

Orienteringa starta med bekymringsmeldinga om rus. Her var det påstandar frå ordføraren om at kommunedirektøren hadde brote teieplikta, utan at det vart lagt fram dokumentasjon. Så kom påstand om manglande oppmøte av kommunedirektøren i måndagsmøta. Deretter kjem den grovaste påstanden, i mine auge, som indirekte kallar andre ordførarar løgnarar:

Ordføraren påstar at kommunedirektøren vart fjerna frå Kommunalt oppgåvefellesskap på grunn av manglande leveransar, som skil seg frå den offisielle versjonen. Valet vart då avdramatisert av alle involverte partar, inkludert av Stig Ove Ølmheim sjølv. Den gongen kalla han det «ei naturleg rullering».

Ordførar Stig Ove Ølmheim i Sogndal avkreftar at det var han som tok initiativ til at Skinlo skulle skiftast ut.

– Det skulle gjennomførast ordinært val. Dei fem andre ordførarane hadde snakka saman, og regionrådsleiaren tok kontakt med meg for å informera om at kommunedirektøren i Vik kunne ta over leiarvervet. Dette var ei naturleg rullering, seier Ølmheim til Sogn Avis.

Eg veit ikkje kva som er verst å lyge til eige kommunestyre eller å kalle sine ordførarkollegaer (Roy Egil Stadheim, Audun Mo, Christian Sønstlien, Andreas Wollnick Wiese og Kjell Bøe Bjørgum) i Sognarådet for løgnarar samt sjølv vere med å bygge opp under løgna.

Deretter kom det påstandar frå ordføraren om fleire som hadde teke kontakt og var misnøgde.

Ifølgje ordføraren skal det vera snakk om «fleire enn ti, men færre enn femti» som har kome til han med ulike bekymringar. Fleire av desse skal ha møtt opp på døra heime hjå han.

Ordføraren dokumenterer igjen ikkje påstandane sine:

I hovudsak handla det om at han var blitt kontakta av tilsette i Sogndal kommune som var misnøgde med jobbane sine. Det var det. Ikkje kven, ikkje kva, ikkje kvar dei jobbar, eller noko. Då vart me samde om at det finst eit tillitsvaldapparat og ei verneteneste som må ta seg av slike ting.

Eg har vore lenge i arbeidslivet og har erfaring frå at konfliktar eller problem blir løyst mellom anna via tillitsvalde. Med 1300 tilsette vil det alltid vere nokre som er misnøgde og urolege. 13 stykker utgjer 1% av dei tilsette om ein ser på tala til ordføraren. Eg understrekar at det er påstandar som ikkje vert underbygde.

Ordføraren engasjerte før jul advokat Elden og varsla at det ville kome eit varsel på kommunedirektøren. Varslet har ingen sett snurten av:

– Me hadde forventa oss noko heilt anna enn det som kom, noko stort og dramatisk som hadde skjedd. Kanskje at han endeleg skulle koma med det varselet som Elden har trua med. Det vart elles etterlyst, men det ville ikkje ordføraren seia noko om.

Kommunedirektøren vert skulda for hersketeknikkar og fryktkultur, men veldig lite konkret:

Vart leiarstilen til kommunedirektøren problematisert?

Det var lite som kom fram eigentleg. Det var ordføraren som delte sine refleksjonar om den overordna situasjonen i kommunen.

Sogn Avis sin artikkel frå formannskapsmøtet tidlegare i veka viser problema i toppleiinga (politisk og administrativt) i Sogndal kommune:

Frode Bøthun (KrF) er skuffa over at den hjelpande handa kommunestyret har strekt ut, ikkje vert teken imot.

– Nokon må seia det. Det som skjer no er at det blir tvinga fram mistillitsforslag mot kommunedirektøren, sa Bøthun.

Artikkelen syner at ordføraren saboterer sitt eige framlegg til løysing på saka:

Ordførar Stig Ove Ølmheim (Ap) sa at han òg hadde tru på vedtaket i desember, men at han ikkje opplevde at kommunedirektøren set kommunen fremst.

Gunnhild Bøyum lurte på kva som har endra seg sidan 20. desember, då kommunestyret vedtok å søka hjelp hjå KS.

– Kva hendingar har vore sidan då, som gjer at ordføraren plutseleg har snudd heilt om, spurte Gunnhild Bøyum.

– Det kjem eg til å gjera greie for til kommunestyret i dag. Då vil formannskapsmedlemmane få vita det òg, sa Ølmheim.

I påfølgjande kommunestyremøte kom det ikkje fram noko som underbygger påstandane frå ordføraren i formannskapsmøtet. Kommunedirektøren har mi fulle medkjensle når han seier følgjande:

– Eg tykkjer det er forunderleg å sitja her og bli skulda for både usanningar og anna, utan at det har blitt framlagt eit einaste døme for meg personleg. Det synst eg er dårleg personalbehandling, sa Skinlo.

Slik eg ser det kan ein spore alt kaoset tilbake til ordføraren si eiga offentleggjering av rusmeldinga i slutten av februar 2024. Ordføraren gjer og har gjort sitt beste med å servere påstandar på løpande band i håp om at kommunestyret tek «agnet» og kastar kommunedirektøren. Opplegget er å kaste spagetti på veggen for å sjå kva som festar seg. Det er mogleg ordføraren ikkje har oppfatta alvoret når det har gått så langt at kommunestyret no pålegg ordføraren å prøve forsoning.

La oss til slutt ta ein runde på dokumentert hersketeknikk. Ordføraren tek opp i skjul samtalar med kommunedirektøren, varaordførar og opposisjonsleiar. Alle som har kontakt med ordføraren må vekte sine ord og formuleringar på gullvekt. Ein må legge til grunn at ein kan bli tolka i verste meining, brukt av ordføraren i pressa eller til å fremme si sak (på alle områder). Fortrulege samtalar med ordføraren kan ein ikkje forvente. Ein må ta høgde for «å bli kasta under bussen» av ordføraren. Eg veit ikkje om verre type hersketeknikk og trussel mot eit godt samarbeid.

Mi vurdering er at ordføraren ikkje er offeret i saka. Han har aldri vore eit offer. Det er han som skapar og har skapt all støy og let det gå ut over alle andre. Det får meg til å tenkje på eit omgrep som ofte har blitt nemnt om ein politisk verdsleiar vi må leve med dei neste fire åra.

Ordføraren er den øverste folkevalgte tillitspersonen i ein kommune. Store norske leksikon seier mellom anna dette om ordførarrolla:

Ordførere vil gjerne søke å representere alle innbyggere i kommunen og fungere som brobyggere, uten selv å fronte kontroversielle politiske saker.

Mi oppfatning er at noverande ordførar ikkje har evner til å ivareta rolla. Eg oppmodar difor ordføraren til å tre til side og la andre ta over.

Narsissisme

Tenkte eg skulle gjere meg meir kjent med definisjonen og kva dette inneber. Slo opp i Store Norske Leksikon på nettet og fann dette avsnittet:

…En narsissistisk personlighetsforstyrrelse kan forårsake problemer på mange områder i livet, som forhold, relasjoner, arbeid, og skolegang. Selv om personer med denne lidelsen tilsynelatende kan ha ekstrem selvtillit, er det ikke uvanlig at mange er usikre på sin egen verdi og blir lett opprørt av den minste kritikk. Med begrepet narsissistisk raseri menes det et sterkt og ofte ukontrollert sinne som kan bryte frem når en person føler at vedkommendes selvbilde og selvoppfatning trues eller skades. Med narsissistiske krenkelser siktes det til de hendelser, ord eller utsagn som personen opplever som krenkende for selvfølelsen, og som dermed utløser et narsissistisk raseri…

Får sjå kva som vert sagt om narsisistisk personlighetsforstyrrelse i Store Norske Leksikon:

Narsissistisk personlighetsforstyrrelse kjennetegnes av stort behov for oppmerksomhet og beundring, overdreven oppfatning av egen betydning, arroganse, utnyttelse av andre og lite empati.

Hmmm!

Ordføraren dreg ein Trump

Eg gjekk gjennom alt media har skrive og kommenterte det under innlegget «Normalt?» i midten av desember 2024. Under siste kommunestyremøte 20. desember vart det gjort eit einstemmig vedtak av kommunestyre på å engasjere konsulentar frå KS for å løyse konflikten. Legg merke til at det var ordførar Stig Ove Ølmheim som kom med framlegget til å engasjere KS, referert i Sogn Avis 19. desember:

Sogndal kommunestyre gjev formannskapet fullmakt til å følgje opp situasjonen i kommunen.

Kommunestyret ber formannskapet omgåande å hente inn ekstern bistand frå KS. Som del av arbeidet skal ein mellom anna undersøkje og foreslå forbetringstiltakfor:

  • Samarbeidet mellom dei folkevalde og i dei folkevalde organa.
  • Samarbeidet mellom ordførar, varaordførar, andre folkevalde og kommunedirektøren som øvste leiar av administrasjonen.

Det skal leggjast fram ei tilråding med aktuelle tiltak for å betre tilhøva mellom aktørane og samhandlinga dei i mellom. Kontrollutvalet kan på eige initiativ starte eigen undersøking av saka. Kommunestyret er mottakar av resultatet av arbeidet.

Det er vorte gjort ein del arbeid i januar av KS, men sentrale tiltak som KS Konsulent hadde sett føre seg og skisserer i notatet, blir ikkje tilrådd gjennomført no. Ordføraren viser knapt/inga interesse til å bidra. Standpunktet til ordføraren er ikkje endra i det heile:

Til slutt i skrivet forklarer KSK: «På grunnlag av det han (Ølmheim, journ.merk.) skildrar som total mangel på tillit frå ordførar til kommunedirektør, så meiner han at dette vil ha lite for seg. Ordførar grunngjev dette med erfaringane han har gjort seg og han reknar tilliten som varig øydelagt.»

Ordføraren er ikkje vaksen nok om eit varsel, uavhengig av sanning, vippar han heilt av pinnen. Eg har notert meg nokre fellestrekk med det som skjer på verdsarenaen. Som med Trump:

  • vil han ha sparka dei/den som han meinar er mot han,
  • spelar alt seg ut i media.

Dette er ikkje greitt, ordførar! I stadenfor å vise evne til å gå vidare, står du fast i di eiga hengemyr! Ver ein anna person enn Trump! Å vere hemngjerrig kler ingen.