Positiv overgang til Xubuntu 12.04

Neste versjon med lang tids støtte (5 år) nærmar seg, men eg har valt å installere beta-versjonen ca 14 dagar før endeleg versjon vert slept. Eg prøvde meg på ei oppgradering frå versjon 10.04 LTS, men syntes at den var lite velluka. Det blir alltid litt «gamalt» rusk hengande att, så eg kopierte heller ut heimeområdet og la ein frisk versjon av Xubuntu 12.04 LTS.

Testsystemet mitt er ikkje det store å skryte av. Det er ein HP stasjonær, vel 5 år gamal, med AMD 3500+ prosessor, hovudkort med Geforce 6200 integrert, 1 GB minne fordelt med 128 MB på skjermkort og resten til systemet. Som hard disk har eg plukka fram ein 5 år gamal 2,5″ disk på 200GB. Denne er frå tida dei sprengde den viktige 200GB-grensa for diskar til berbare maskiner. Disken er ikkje rask, berre 4200 rpm kontra dagens på 5400 eller 7200 rpm. Mao systemet avslører fort om ting blir tungrodd. Xubuntu 10.04 passa bra, men kunne Xubuntu 12.04 vere betre?

Nyinstallasjonen av Xubuntu 12.04 gjekk utan problem og oppdateringar er henta ned. For å få systemet slik eg vil ha det har eg gjort nokre justeringar:

1. /tmp-område i minne

Som nemnt tidlegare er disken eg brukar treg. Xubuntu treng ikkje store ressursane og det er like greitt å legge midlertidige filer frå programma i minne. Løysinga på dette er å redigere /etc/fstab og legge inn på slutten:

tmpfs /tmp tmpfs defaults,noatime,mode=1777 0 0
tmpfs /var/tmp tmpfs defaults,noatime,mode=1777 0 0

I tillegg har eg for mine nettlesarar som Opera, Firefox og Chromium sletta cache-katalogane og heller lagt inn ein peikar til /tmp slik at hurtiglageret for sider eg har surfa innom ligg der.

2. Xubuntu begrensede tillegg

Via Ubuntu programvaresenter er «Xubuntu begrensede tillegg» det første ein skal hente ned. Dette installerer ein del tillegg som Flash, mediadekodarar, fonts osv som er nødvendige for å kunne dra nytte av nettsider og media som du lastar ned.

3. Totem-mozilla

I Ubuntu programvaresenter kan du søke fram totem og sjekke om Movie Player er installert. Sjekk via knappen «Mer informasjon» om totem-mozilla er merka og installert samt at totem-plugins og Gstreamer-tillegga er på plass. Sørg for at det blir installert slik at du kan sjå på NRK nett-tv.

4. LibreOffice

Ei fullverdig kontorpakke hentar du frå Ubuntu programvaresenter. AbiWord og Gnumeric er små og lette og fungere nok like greitt, men er ein eit vanedyr, så er ein eit vanedyr.

5. Anna programvare

Via Ubuntu programvaresenter fekk eg på plass ekstra program som KeepassX, luckyBackup og Ubuntu One.

6. Maks fart på det grafiske grensesnittet og redusere minnebruken

Som standard kjem Xubuntu 12.04 med grafiske effektar slegne på. Eg treng ikkje skuggar under vindauger osv. Via start-menyen, Innstillinger, Vindusbehandler Tweaks og fana Kompositt slo eg av effektar.

7. Justert panel i Xubuntu.

Eg held meg til eitt panel (oppgaveline i Windows) og har fjerna det som låg nederst på skjermen. Deretter justerte eg panelet på toppen med noko så enkelt som å få på plass nokre programstartar (snarvegar) og flytte lina ned.

Korleis er Ubuntu 12.04 kontra 10.04?
Det første eg la merke til er at det meste fungerte «ut av boksen». Eg treng ikkje installere tilleggspakkar  og justere for å få kontakt med nettverksdisk. Programvaresenteret fungerer svært bra til å få på plass nødvendig programvare og er enklare å bruke gamle Synaptic programpakkebethandler. Sjølve systemet, når eg var innlogga, virkar faktisk meir responsivt enn Xubuntu 10.04. No er det ikkje dette vitskapleg målt, men eg har ei klar kjensle av at Xubuntu 12.04 er kvikkare i bruk.

Den einaste ulempa eg har merka meg er at oppstarttida (boot-tiden) er lengre. Maskin står på 24/7 så det er heller sjeldan eg merkar desse få sekundane.

Konklusjonen Xubuntu 12.04 LTS i betaversjon er svært lovande!

NRK nett-tv og linux tilbake til start

Eg ser ikkje så mykje på nett-tv, men har fått testa ut ulike måtar å få sett program på NRK nett-tv med Linux, spesifikt Xubuntu 10.04 LTS. I samband med oppsettet av ein Asus 1101ha fekk eg erfare både fordeler og ulemper. Det var eit eller anna som skar seg med avspelinga i totem-mozilla for brukaren. Alternativet basert på gecko-mediaplayer fungerte heller ikkje. Enden på visa var at eg rydda opp i ulike installasjonspakkar knytt til løysingane for deretter å reinstallere og teste.

Eg oppdaga at både den totem-baserte og gecko-mediaplayerbaserte løysinga ikkje lot meg spole eller hoppe fram eller tilbake i tid i eit program. Eg valde difor å undersøke rundt VLC, som eg tidlegare hadde fått til å fungere utmerket. Løysinga er avhengig av Firefox og ein plugin ved namn MediaPlayerConnectivity. Alle Ubuntu-søsken har no fått oppdatert nettlesaren til versjon 11. Som du ser av MediaPlayerConnectivity si side støttar versjon 0.9.3 berre opp til versjon 3.6, som var den som orginalt følgde Ubuntu 10.04. I Firefox 11 finn du ikkje MediaPlayerConnectivity dersom du søker i tillegg.

Eg la merke til lenka View other versions på nettsida. Vanlegvis finn ein eldre versjonar på slike lenker, men til mi store overrasking eksisterer det ein nyare versjon 0.9.4 som støttar Firefox 11. Før du gjer noko meir må du først få på plass VLC i Ubuntu.

  • Opne ein Terminal frå menyen Tilbehør
  • Skriv sudo apt-get install vlc

Etter at VLC er installert skal du:

Etter installasjon restartar du Firefox og MediaPlayerConnectivity vil starte opp og kome framlegg til instillingar. Aksepter framlegga, men pass på at han plukkar opp VLC som spelar. Etterpå er det berre å besøke NRK nett-tv og prøve. VLC er ikkje innkorporert i Firefox. Når du klikkar på ei rute der det skulle vore video, vil vlc bli henta opp. Trykk på Play for å starte visinga.

Med VLC kan du hoppe til kor du vil i programmet.

PS!
Eg må legge til at totem fungerer prikkfritt i Ubuntu 12.04 beta 2. Her kan du hoppe att og fram i klippet på same måte som med VLC.

Asus 1101ha og baklys under Ubuntu 10.04

Asus 1101ha har gitt meg ein del utfordringar i påsken. Med Windows XP var to treg og brukaren ønskte at eg installerte Xubuntu. Eg valde 10.04 versjonen med langtids støtte. Eg kunne nok ha installert 12.04, som no er i beta-versjon, men den ventar eg med til han får eit halvt til eitt år på baken, slik at dei verste barnesjukdomane er luka ut.

Asus 1101ha brukar ein svak prosessor og eit litt ukurant grafikkort for Linux, men det fins drivarar for det der ute. Eg har installert siste versjon av Libreoffice og strømstyringsprogrammet tilpassa maskina. Programvaremessig fungerer det godt, men det er ein ting som har skapte skikkeleg hovudbry: Lysstyrken på skjermen som står på fullt.

Sjølv med rette parameter i oppstarten, virkar ikkje hurtigtastane for å styre lysstyrken på skjermen. Andre maskiner med tilsvarande innmat, som t.d. Acer Aspire One 751h fungerer slikt greitt på.

Etter eit par dagar med søk og lesing på nettet kom eg over ei oppskrift på nettet djupt i eit diskusjonsfora. Ho går ikkje an å bruke direkte, men ho gav meg ideen til å løyse utfordringa slik at brukaren kan justere lyset til ei passeleg innstilling. Med mindre lys sparar ein straum og kan få ein del ekstra minutt batteridrift.

Her er koden som fungerer med Asus 1101ha eg har sett opp:

#!/bin/bash

RED='\e[0;31m'
GREEN='\e[0;32m'

if [ $EUID != 0 ]; then
 echo -e "${RED}This script must be run as root (sudo)."
 exit 1
fi

case $1 in

    0)
       echo 100 > /sys/class/backlight/psblvds/brightness
       ;;
    [1-9])
       echo "${1}0" > /sys/class/backlight/psblvds/brightness
       ;;
    *)
       echo -e "${GREEN}Usage: lys n,\nn= 0-9 , 0 = 100 %"
       exit 1
       ;;
    esac 
exit 0
  • Kopier koden over og lim han inn i eit tekstredigeringsprogram som Mousepad.
  • Lagre fila som lys på ditt heimeområde.
  • Opne ein terminal
  • Skriv sudo chmod +x lys
  • Kopier fila over til /usr/local/bin/lys med kommandoen sudo cp ./lys /usr/local/bin/

Bruken er som følgjer. Du har 10 nivå på lyset og kommandoen du skriv i ein terminal er:

sudo lys x

x = 1 for svakast til 0, som betyr 10, for full lysstyrke

Til slutt kan du legge til ein programstartar/snarveg på panelet/menylina i nederst i skjermbilete til Xubuntu. Ein programstartar i Xubuntu kan ha mange program. Du kan legge inn så mange innstillingar du treng i programstartar. Sidan justering av lyset må gjerast som root/superbrukar, må du passe på at du som kommando for kvar innstilling set han opp som:

gksudo lys x

x = 1 for svakast til 0, som betyr 10, for full lysstyrke.

NRK nett-tv og Ubuntu med Gecko-mediaplayer

Eg har i løpet av tida etter jul gått meir over til å bruke Opera som standard nettlesar. Det viste seg at oppskrifta med totem-mozilla ikkje fungerte med Opera. Løysinga er å installere gecko-mediaplayer.

  1. Opne ein terminal
  2. Kopier og lim inn i terminalen

    sudo apt-get install gecko-mediaplayer

  3. Trykk enter/lineskift for å installere.

På NRK sine nettsider brukar du standard innstillingar som er Windows Media Player og det skal fungere som i Windows.

Eg har testa løysinga under Xubuntu 10.04 og det fungerer med mine mest brukte nettlesarar; Firefox, Chromium og Opera.

Enkel installasjon av java i Ubuntu

For litt sidan sa Oracle opp lisensen som gjorde at Java kunne ligge i Ubuntu sine programarkiv. OpenJDK er no standard, men – som eg opplevde i dag – er det ikkje alt som fungerer like bra. Eg sleit med den javabaserte opplastaren til Adrive. Ikkje kul om opplastaren ville fungere med OpenJDK. Til slutt måtte eg gi opp og prøve å finne ut korleis eg skulle installere Oracle sin Java 6 Runtime.

På nettsidene til Oracle er det ingen Debian (Ubuntu) installasjonspakke. Skulle eg installere Oracle Java, såg det ut til at eg måtte knote med tekstkommandoar for å få det til. Heldigvis fann eg eit skript frå http://flexion.org/. Oppskrifta finn du http://blog.flexion.org/2012/01/16/install-sun-java-6-jre-jdk-from-deb-packages/

Med utgangspunkt i oppskrifta over har eg justert ho slik at ein fjernar OpenJDK frå Ubuntu før installasjon av Oracle Java:

cd ~/
sudo apt-get purge java-common
sudo apt-get autoremove
wget https://raw.github.com/flexiondotorg/oab-java6/master/oab-java6.sh -O oab-java6.sh
chmod +x oab-java6.sh
sudo ./oab-java6.sh

La skriptet utføre magien sin ved å bygge lokale Ubuntu-pakkar av Oracle Java sine programfiler. Det siste du gjer er å installere Java og Java-plugin:

sudo apt-get install sun-java6-jre
sudo apt-get install sun-java6-plugin

Dersom du ikkje vil installere med kommandolina, finn du sun-java-6-jre og sun-java6-plugin i Synaptic programpakkebehandler.

Det er heilt tydeleg at ikkje alt fungerer like godt med OpenJDK, for no fungerer opplastaren til Adrive prikkfritt.

gpg2go og gpg4u – sikker informasjonsutveksling

Dei siste åra har eg hatt ei enkel løysing for kryptering og signering av filer. Løysinga er bygd opp ved hjelp av batch-filer som nyttar gnupg og 7-zip for å løyse ymse oppgåver. Ho skal fungere i alt frå Windows XP til Windows 7.

I dag tok eg finpussen og sjekka ut løysingane slik at eg kunne dele dei med andre og kanskje få nokre innspel på forbetringar. Eg har laga til ei eiga side her på bloggen med lenker til kor du kan laste ned løysinga.

Ver obs på at du brukar dei på eige ansvar!

Jammen har vi nordmenn fått god råd

I dag var det eit innslag i Aftenposten på kven som var lønsvinnarane siste år. Eg nøsta meg tilbake og plukka ut ein tabell frå Samfunnsnotat nr 12 /11 til LO med oversikt over lønsauken frå og med 1990 fram til og med 2010. Deretter besøkte eg SSB som kunne opplyse at konsumprisindeksen frå og med januar 1990 til og med desember 2010 var:

Deretter sett eg meg ned med eit rekneark og gjorde nokre utrekningar som baserer seg på industrien i alt.

For å vere litt romsleg kan vi sei at reallønsveksten, dvs meirauke i løn enn prisstiginga, er på ca 55% i perioden.

Det må vere lov å stille spørsmål om ikkje dette har hatt innverknad på konkurranseevna til Noreg. Det er berre å sjå til Tyskland i artikkelen «Ti år uten lønnsøkning i Tyskland» av Dagens Næringsliv av 28.12.2011:

Deler man de tyske lønnsmottakere inn i ti grupper rangert etter nettoinntekt, så har ti-delen med lavest lønn hatt en reallønnsnedgang på nesten 20 prosent fra 2000 til 2010, mens den ti-delen som tjener best har hatt en reallønnsøkning på 2,7 prosent. Ikke per år, men totalt for alle de ti årene.

Kun to av de åtte andre gruppene har hatt en svært liten reallønnsøkning.

Gimp eller Paint.net

I første halvdel av februar har eg hjelpt Leikanger Båtlag med å få på plass heimesider og drive litt skulder ved skulder-opplæring. Dersom du ser gjennom friluftsliv-kategorien min vil du sjå at eg tek ein del bilete. Noko meir enn litt korreksjon av fargar og kontrast, nedskalering, utsnitt og enkle filter her og der har eg ikkje hatt trong for til dette.

Utfordringa med Leikanger Båtlag sine sider var ønskje om at logoen skulle leggast over eit anna bilete. Til dette må ein nytte eit program som støttar lag. Eg visste om i det minste to:

Gimp Paint.net

Gimp hadde eg arbeidd ørlite med før, utan at eg har gjort meg nytte av funksjonalitet som lag. Gimp har, for meg, eit litt uortodoks grensesnitt. Etter å ha streva ein del måtte eg kaste inn handkledet. Eg lasta ned Paint.net, som også dette er gratis. Som med Gimp er det frivillig å donere nokre slantar til utviklarane.

I Paint.net følte eg meg meir heima med eit meir tradisjonelt grensesnittet samt at det var enklare å forstå korleis eg skulle bruke lag på ein grei måte. Det tok ikkje lang tid før eg fekk taket på lag og til slutt fekk eg til eit bilete som eg og representant for Leikanger Båtlag var nøgd med.

Gimp er kanskje eit langt kraftigare verktøy, men Paint.net er nok mykje enklare for ein nybyrjar.

Minneavtrykk for ulike nettlesarar

Eg har fleire nettlesarar installert i Windows 7 og tenkte det kunne vere interessant å sjå kor mykje minne kvar enkelt gjorde krav på. Testen vart gjort ved at eg lasta følgjande sider i faner:

Internet Explorer 9  32-bit

Chrome 16.0

Firefox 10.0.1

Opera 11.61

Safari 5.1.2

Det ser ut til at Opera og Safari krev minst minne for å vise desse sidene.

Ver merksam på online backuptenester

Eg har starta å sjå litt på tenester som tilbyr backup over nettet og har avskrive to.

Ubuntu One
Sidan eg har testa ymse versjonar av Ubuntu, sjekka eg ut Ubunu One. Dei er rimeleg opne og tydelege på at overføringa dit er sikra, men at lagringa ikkje skjer sikra/kryptert fordi du skal ha moglegheita til å dele filer med andre. Med andre ord har systemadministratorar eller brukarar med høge nok administrative tilgangar hjå Ubunu One moglegheit til å lese filene dine. I verste fall kan informasjonen lagra i dei bli utnytta. Det synes eg ikkje noko om.

Jotta
Jotta er ei norsk teneste som breier om seg, òg under andre merkenamn som PCWorld osv. Eg oppretta ein konto og testa klienten. Programvara er enkel å setje opp, men så la eg merke til at ein kunne dele filer med andre. Det betyr at Jotta enten må lagre dine data på sine serverar ukryptert/opne. Dersom data blir lagra kryptert er nøkkelen for å dekryptere, for deling, tilgjengeleg hos Jotta. Då sit ein att med same risiko som hos Ubunu One. Det synes eg ikkje noko om.

Det eg synes mindre om at Jotta ikkje er opne om det. I ofte stilte spørsmål unngår dei å svare på spørsmålet. Dei seier at overføringa er sikra, men så tek dei ein kjapp ein og berre svarar på om Jotta tilsette overvakar filene. Er data lagra ukryptert eller nøkkel for dekryptering tilgjengeleg hjå Jotta, kan tilsette hjå Jotta lese filene og i verste fall utnytte informasjonen i dei. Slike moglegheiter skal, ikkje må, men SKAL IKKJE vere til stade.

Slutning
Korkje Ubuntu One eller Jotta kan eg på noverande tidspunkt tilrå for dine tryggleikskopiar. Systemeigar har tilgang til dine data.