Tur: Havrane

Havrane består av to vatn: Eit av vatna ligg i gamle Leikanger kommune og eit større ligg i Sogndal kommune. For meg er Havrane synomymt med vatnet i Sogndal kommune, det fremste Havravatnet. Vatnet som ligg i Leikanger kommune har eg berre vage minner om var svært lite og med ein del siv.

Det fremste Havravatnet, eit fint lite fiskevatn. Det er ikkje stort som Fjærlandsetevatnet, men fiske er minste like bra. Dette er i tillegg den raskaste turen til fots inn i gamle nabokommunen Sogndal.

Den kortaste måten å koma seg til Havrane er å køyre opp Njøsadalen ca 1,5 km til Dalsete og gå rett opp til Fadnastølen og turpostkassen til Syril på Tunga. Herifrå er det to alternativ med små variasjonar mellom seg.

1. Tur til det fremste Havravatnet

Frå Tunga går du oppover til det øvste sælet på Fadnastølen Her kryssar du groa/bekken over til austsida. Du skal ikkje følgje stien fram mot Tuftahaug. Stien på austsida av bekken skal du følgje i om lag 400 m. Du går over ei myr og kjem til ein liten bakke ved sida av eit granfelt. Litt oppe i bakken, tek du til høgre inn mellom lauvskogen og går mot Kvannskar, skaret som kjem ned frå Mjellhaugane mot Fadnastølen. Etter ca 100 meter er du ved stigninga som tek deg opp til platået som Havravatni ligg på. Det er ei kort og kraftig stigning før du er opp ved elva eller bekken som kjem frå heimste Havravatnet. Her svingar du og går på langs, men gradvis frå fjellveggen.

Stien er godt merka og grei å følgje. I løpet av turen vil du få auge på eit par halvdaue eller daue furuer. Begge skal du passere vandrande i nordleg retning. Etter den siste skal du ikkje gå så mykje lengre mot høgspenttraseen, men etter litt svinge inn mot fjellveggen og det fremste Havravatnet. Eg har valt å legge ut ein rimeleg komplett serie med bilete for at du skal greie å finne vegen fram til denne vesle perla. Video følgjer under. Eldre bilete frå turen finn du til slutt i artikkelen.

2. Tur forbi begge Havravotni

Som det første alternativet tek du deg opp på Fadnastølen. Ved Tunga går du rett fram, austover, mot sæla på nedre Fadnastølen. Her finn du ein staur med skilt som peikar til Havrane. Følg retninga og gå ut på snuplassen for vegen til Fadnastølen. Her følgjer du vidare ein traktorveg. 50 meter frå snuplassen tek du av frå traktorvegen og går nordover i skog. Etter ca 200 meter kjem du inn på stien som lyfter deg til platået Havrevotni ligg på. Stien til Havrane er merka gjennom skogen og heilt fram.

Berre pass på når det nærmar seg å flate ut, kjem du til ein stad der stien splittar seg i to. Den venstre tek deg utanom heimste Havravatnet, og er vist i videoen over. Du skal ta høgre stien og halde deg forholdsvis nær bekken som renn ut frå det heimste vatnet. Etter nokre få hundre meter ser du heimste vatnet. Stien går vidare framover forbi turpostkassent til Syril før du endar opp ved fremste vatnet.

Eldre bilete frå tur til det fremste Havravatnet Biletserien startar ved sælet/hytta øvst/nord på Fadnastølen:

Interesse for Leikanger….hmmmm

Vår nabokommune viser interesse for oss. Det er sikkert mange årsaker til at det kan vere lurt. Ein av dei lurer eg på om kan ha noko med at det nok vil bli eit kraftverk i Leikanger kommune, der kommunen skal vere ein del av eigarane. Som eg har sagt tidlegare, vil energibehovet vårt ikkje bli mindre. Erstatning av fossil energi vil krevje sitt. Det er ikkje vits i å drøyme seg vekk i at ein ikkje vil trenge mindre elektrisitet. Vi kan effektivisere eksisterande elektrisitetsavghengige bruksområder, men når ein skal levere energi til områder som tidlegare drog nytte av fossil energi vil det uansett krevje meir utbygging og utnytting av energikjelder som vass-, bølge-, vind-, sol-, kjerne- og jordkjernekraft.

Uavhengig av motstanden vil nok det kome. Det blir gjort så mykje tilpassingar rundt Leikanger, for å ta styrke forsyninga til Midt-Noreg, at det vil vere direkte merkeleg om ein vel å ikkje gi konsesjon. De kan bli lett å sjå på Leikanger som ei grei inntektskjelde. Det eg lurer på er korleis ei slik samanslåing vil påvirke det geografiske området som i dag utgjer Leikanger. For meg er ei samanslåing heilt greitt dersom ein vert sikra at Leikangerkområdet blir utvikla. Endar vi opp med at vi blir ei inntektskjelde for utvikling av Sogndal sentralt, er eg i mot.

Tur: Stokksete frå Kleppa

Turen til Stokksete kan du ta frå to stadar, parkeringplassen på Kleppa eller frå Skahaug, like over byggefelta på Røysa. Begge stiane passar ypperleg for ungar. Her risikerer du ikkje å falle ned frå høge berg om du skulle trø feil.

Sommartstien til Stokksete frå Kleppa følgjer ikkje skiløypa. På veg mot Damefall, går stien vestom Damefall. Du slepp myrane og vått terreng, som det er litt meir av i skiløypa, men turen er litt lenger. Er det ein periode med tørrver, kan du gå opp skiløypa og spare deg for ein del tid. Vil du gjere litt meir av turen, kan du går ne til Raudmålsgrindi. Like over ho går det ein sti tilbake mot parkeringsplassen på Kleppa. Her er det viktig at du lyttar godt etter. Stien kjem ut på leirduebana. Du har ikkje lyst til å spasere inn midt i hagledrivene, men fortvil ikkje. Når du nærmar bana, vil det vere mogleg å ta av i god tid før og kome ut på ein sikker plass.

Turen til Stokksete frå Kleppa er splitta i tre deler:

  1. Frå Kleppa til krysset der du kan ta av til Smørkletten – Bilete 002 – 016
  2. Frå krysset der du kan ta av til Smørkletten til kryss med sti til Rjupeskar og Kjeringafjell Bilete 002 – 007
  3. Frå kryss med sti til Rjupeskar og Kjeringafjell til Stokksete

Tur: Stokksete via Raumålsgrinda

Turen til Stokksete kan du ta frå fleire stadar, parkeringplassen på Kleppa, Skahaug, like over byggefelta på Røysa eller som i videoane frå stadion. Du brukar same utgangspunktet som turen til Raumålsgrinda. Etter å ha vore dit eit par gonger, kan du godt legge på vel 1/3 til og kome deg til Stokksete. Begge turane passar ypperleg for ungar. Her risikerer du ikkje å falle ned frå høge berg om du skulle trø feil.

Stien frå Raumålsgrinda er tydeleg og du vil passere i ytterkant av myrene, der skiløypene på Øvstestølen vert lagt. Når du nærmar deg Stokksete, vil du møte stien som går ned eller opp frå Dalhjedla i Henjadalen. Den stien er svært lite brukt og er lett å miste. Vil du gå ned til Dalhjedla, vil eg tilrå at du tek med deg kjentmann eller –kvinne. Like etter vil du kome til Gaosi, ein gamal offerstad. Her gjekk ein aldri forbi utan å legge bær eller anna til Gaosi. Like etter Gaosi deler stien seg og du kan velje å gå til venstre i Stokksetereset og kome fram til trekassen på påle (ved Raude Kross-kasse), eit kort stykke før stølsområdet. Held du til høgre går du nærare stølsområdet, men enno på god distanse til sæla/hyttene fram til kassen.

Turen er splitta i to deler:

  1. Frå Skahaug til Raumålsgrinda
  2. Frå Raumålsgrinda til Stokksete

Når kulda set inn, let du pcen gjere noko nyttig

Kulda er komen og har du ein stasjoner pc er det like greitt å la han gjere noko (samfunns)nyttig samtidig som han varmar rommet. Min stasjonere quad core inkludert nvidia geforce 8800GT står no og reknar på klimadata og held rommet i ein passe lunk. Like greitt å la 95 watt frå prosessoren og ein del watt frå grafikkortet gå til noko nyttig i vinterhalvåret. Byrjar eg å gjere noko på pcen, pausar systemet utrekningane til pcen ikkje har vorten brukt ei tid.

Last ned BOINC og delta i prosjektet som du synes er mest nyttig.

PS! Ikkje bruk berbare til dette. Dei er ikkje like godt designa til å tåle 100% prosessorbelastning 24 timar i døgeret, 7 dagar i veka osv.

Tur: Rjupeskar

Rjupeskar er ein tur ein kan ta både sommar som vinter på Leikanger. Utgongspunktet er parkeringsplassen på Kleppa og du skal opp på Øvstestølen.

Om vinteren følgjer du skiløypa fram til Damefall og opp til Stokksete før du kjem til Kallbakk. Om sommaren følgjer du stien som skil seg frå skiløypa, ca 500 meter frå Øvstestølen i retning Damefall. Stien går i skogen vest for Damefall og Stokksete. Når du kjem til krysset der stien skil seg til Kjeringi og Stokksete, tek du kortaste veg mot Kjeringi. Du endar opp på Kallbakk og får frigjort deg frå skogen. Endeleg er det mogleg å nyte utsynet. På Kallbakk går stien saman med skitraseen fram mot Rjupeskar, i enden av ein rygg som strekker seg vestover, ned frå Fagreggi. Siste del av turen, er litt bratt, men det er ikkje mange minuttane før du står på Rjupeskar og kan sjå vidt omkring. Om vinteren kan det vere lurare å gå opp mot Fagreggi for å sigle ryggen ut til Rjupeskar.

På Rjupeskar kan du i aust sjå Fjærlandsetevatnet med Jotunheimen og Hurrungane i bakgrunn. Snur du deg sakte sørover, har du både Lusaskard, Mjellhaugane, Skriki, Bjørgahaug før du i sørvest ser du innover fjorden mot Fimreite, Fresvik og Aurlandsfjorden. Feiosdalen skimtar du samt deler av Vik og Balestrand og Stølsheimen. Rjupeskar gir deg i vest god utsikt mot Grindsdalen med Mælen, Dalsbotnen, Hest og Gildal. Nedanfor Rjupeskar kan du sjå Dalsete på Huke-sida av Grindsdalen. Nordom har du heimsta Kjeringi og Fagreggi.

Turen er omtala i to deler:

  1. Frå Kleppa til krysset der du kan ta av til Smørkletten – (Bileta 002 – 016)
  2. Frå krysset til Smørkletten og opp til Rjupeskar

Alternativ tur opp til toppen av Skarseggene som går utanom Rjupeskar finn du er.

Deler av turen om vinteren finn du i skituren til Kjeringi i april

Ubuntu Netbook Remix 9.10

Oppgraderte frå 9.04 til 9.10 på mine HP Compaq Mini 730, men det skuffa stort. Ubuntu 9.10 har minst dobla boot med påloggingstid. Grensesnittet er noko omarbeida, til deg verre meiner eg. Totalt sett virkar det som om Ubuntu Netbook Remix ikkje er tilpassa miniberbare med sine sterkt avgrensa ressursar. Nei, Ubuntu, Remixen ryk ut. Dette gidd eg ikkje.

Ubuntu Netbook Remix 9.04 og HP Compaq Mini 730 – lyd fiksa

UNR904 Eg prøvde i sommar Ubuntu Netbook Remix 9.04 på min HP Compaq Mini 730eo nettbok. Diverre var det ein feil i denne versjonen som gjorde at lyden ikkje virka. Eg sjekka litt opp rundt dette på laurdag 10.10.2009 og fann ut at lusa hadde vorte fiksa i løpet av september. Lasta ned og installerte Ubuntu Netbook Remix 9.04 frå minnepinne. Det første eg gjorde var å oppdatere systemet og legge inn komplette språkpakkar for bokmål og nynorsk. Alltid greitt å få alle program og grensesnitt i norsk samt stavekontrollar installert.

Sidan eg brukar andre program enn Microsoft-standarden, har det ikkje vore noko problem å overføre e-post, bokmerker krypteringsløysingar osv til Ubuntu. Eit av dei viktigaste, om ikkje det viktigaste verktøyet, er Yahoo toolbar i Firefox (eller Internet Explorer). Med han får eg tilgang til bokmerke/favorittar uavhengig av kva slags pc eg brukar. Bokmerka blir lagra på nettet, hjå Yahoo.

Det meste elles skal gå greitt å forhalde seg til, men eg ser at for grafikk og musikk må eg nytte anna programvare. Det fins ikkje Linux-versjonar av IrfanView, Photofiltre, Windows Media Player, CDex eller Mediamonkey.

Tilgang til nettverksdisk gjekk rimeleg greitt. Eg måtte berre passe på at iocharset vart sett til utf8 slik at dei norske bokstavane vart korrekt vist. Det som står att er å setje opp krypterte heimemappe for brukarane. Eg finn gode oppskrifter på nettet, så eg reknar med å få kikke på det i løpet av komande veke.

Tur: Engjasete-Dalsbotnen-Hest-Stav-Trodalseggi-Vassvarden-Hella

Ein flott haustdag, søndag den 13.09.2009, gjekk eg saman med eit par andre turen  Engjasete-Dalsbotn-Hest-Midteggi-Stav-Trodalseggi-Vassvarden-Hella. Det var ein god 7,5 timars marsj med fleire pausar for eting og fotografering. Turen er omtala i boka “Opptur 267 fotturar i Sogn og Fjordane” på side 200-201.

Turen startar ved garden på Engjasete. På veg mot fremste stølen Dalsbotnen passerer du utsiktspunktet Hedlesetnipa. Etter ca 1 time gange er du på Dalsbotnen. Her er det lurt å fylle opp vassflaskene før du begir deg opp mot Hest. Du følgjer sti frå Dalsbotnen opp til Fagervatnet. Her går du på austsida av vatnet og følgjer ein sti merka med små vardar opp til ryggen som går frå Fagraeggi og strekkjer seg mot Hest. Ryggen gir god utsikt ned i Gildal. Laurdag 12.09.09 vart det observert jerveherjingar her. Når du har kome deg opp på Hest, er det berre å sjå i retning nord/nord-aust. Varden som står på sørspissen av Stav er lett å få auga på. Vegen dit er enkel og det vil ta deg vel ein time å kome dit. Du må gå litt austover, frå varden på Hest, slik at du kan gå mot varden på Stav. Først må du ned i eit lite søkk som skil Hest frå Midteggi. Her står du i slutten av Gildal og ser rett ned dalen.

Når du har kome deg opp ved foten av Midteggi, skal du mellom denne og ein topp nord for ho. Du skal ikkje gå opp på toppen av Midteggi. Når du har kryssa snøfonna, vil du kome ut på austsida av toppane og sjå ned i Grindsdalen. Du må opp litt, i nordleg retning, før du skimtar nordspissen og sørspissen av Stav. Det er berre å sikte seg inn midt mellom dei. Du vil passere vasskilje mellom Grindsdalen og Kvinnadalen og gå over snøfonnene som forar Kvinna og Grindselva. Framme mellom dei to toppane på Stav, kan du velje å ta turen ned og over på nordspissen eller svinge vestover, opp til varden på sørspissen. Begge toppane litt på over 1455 moh. Sørspissen av Stav gir ei finare og meir omfattane utsikt på 360 grader frå Jotunheimen og Hurrungane i aust, til Jostedalsbreen i nord og fjella i Balestrand til Vest og Vik og Vangsnes i sør.

Frå Stav går du ut på Trodalseggi som skråar ned mot Syringaholten, noko nord for Vassvarden. Du har Fjærlandsfjorden på nordvest og Kvinnadalen på søraust og du kan sjå tilbake på mesteparten av turen du tok frå Hest til Stav. Breidden på Trodalseggi varierer, men det er berre å ta turen til ulike ytterpunkt for å nyte utsikta om det skal vere til Fjærland eller nedover Kvinnadalen. Trodalseggi endar ved Syringaholten. Her må du eit stykke ned før du kan byrje å gå opp att mot Vassvarden. Turen opp til Vassvarden kan følast som om varden flyttar seg for kvar gong du ser han. Det er litt lengre enn du trur. Frå Vassvarden startar ei bratt nedstigning på vel 1.000 høgdemeter til du står på ferjekaien Hella. Det var ikkje fritt for at vi var knemøyre når vi kom ned. Ei kald flaske Coca Cola, eller to, har aldri smakt betre enn etter ein slik tur.

Bilete frå turen er splitta i fleire album:

  1. Engjasete til Orrasete
  2. Orrasete til Hedlesetnipa
  3. Hedlesetnipa til Dalsbotnen
  4. Dalsbotnen til Hest
  5. Frå Hest til Vassvarden (Bilete av underteikna og Kay Roger Haugen)
  6. Siste del av turen frå Vassvarden og ned til Hella