Nostalgi – ZX Spectrum 48k

zxspectrum48kEg har gått tilbake til barndomen i sommar og funne tilbake til maskinene eg hadde på tidleg/midten av 80-talet (83-86). Her ligg mange gode minner.

ZX Spectrum 48k var den andre datamaskina mi. Eg hadde ei Sharp MZ-80, men ho vart bytt inn mot den langt meir populære ZX Spectrum 48k i det lokale s-laget. Eg skal ikkje gå i detalj om maskina sidan du kan lese meir om ho på Wikipedia. I forhold til dagens maskiner er ikkje spesifikasjonane noko, men giss om det var mykje moro for det. Med ein liten svart-kvit-tv på rommet hadde eg maskin som kunne underhalde med eit rikt utval av spel. Når eg ville spele i fargar, tok eg maskina med til stova og kopla ho til farge-tven.

I dei dagane kom ikkje spel på diskettar eller cdar. Nei, den gode gamle kassetten var distrubusjonsmediumet. Utvalet av blad var stort på Narvesen og i desse var det program i programmeringsspråket Basic som ein kunne taste inn og sjå resultatet av. På denne måten lærte eg meg ein basisnivå av Basic som lot meg skrive eigne program. Eg hugsar eit spel eg skreiv saman med andre diverre vart det refusert av eit norsk datablad som eg ikkje hugsar namnet på i dag.

Av spel minnes eg 3D Starstrike, Manic Miner, Jet Set Willy, Atic Atac, 3D Tanx, Elite og masse andre. Alle desse vil du finne informasjon om på World of Spectrum. Her finn du òg lenker til emulatorar og filer med spela som du kan laste ned og spele. Er du godt vaksen så kan du oppleve litt av barndomen din. Er du barn, kan du få innsikt i underhandling frå tida før og rundt du var påtenkt. Eg er sikker på att mange av desse spela er like underhaldande i dag som dei var for 25 år sidan.

Windows Vista er vid open for ondsinna kode

Historia finn du på searchsecurity.techtarget.com og er skremmande lesing:

To forskarar har funne ut korleis ein kan omgå all minnesikring i Windows Vista. Ved å dra nytte av korleis nettlesarar, spesielt Internet Explorer, handterar skript og .NET-objekt har dei kunne lasta kva som helst slags innhald inn på kva som helst plassering på ein brukar si maskin. Angrepet dreg nytte av akitekturen til Vista og måten Microsoft valde å sikre Vista på. Det fantastiske/utrulege er at angrepet er gjenbrukbart. Slik eg forstår det baserer ein del av angrepet seg på at .NET-objekt blir av Vista sett på som sikre. Microsoft har ikkje tenkt at dei kunne brukast som hjelp for angrep.

For meg ser det ut til at Microsoft har gjort ein kjempebrølar i integrasjonen av Internet Explorer i operativsystemet.

Bør ein stille spørsmål ved resultatet frå ulike testprogram for yting?

Ein artig liten sak plukka opp her: Hardware.no. Saka stammar frå Arstechnica med ein test av Via Nano CPU.

Det kan sjå ut som om i staden for å sjekke om tillegg som SSE2, 3Dnow mm. er til stades, les Futuremark heller CPUID og brukar dette for å finne ut kva for tillegg ein skal aktivere. På Via sin nyaste chip kan ein byte ut CPUID. Ved å bruke identifikasjon for AMD eller Intel, blir resultata betre.

Takk til Posten for at dei har vorte så dårlege

Henta mi andre pakke frakta med Tollpost under 24 timar ettar at ho var sendt frå Komplett. Her er framdrifta tidleg 01.08.08:

1 av 1 kolli Inn på terminal.             LARVIK  2008-07-31 15:52
1 av 1 kolli Inn på utgående enhet.       LARVIK  2008-07-31 16:18
1 av 1 kolli Inn på terminal              OSLO    2008-07-31 20:19
1 av 1 kolli Sortert til port på terminal OSLO    2008-07-31 20:20
1 av 1 kolli Inn på utgående enhet.       OSLO    2008-07-31 21:18
1 av 1 kolli Inn på terminal              SOGNDAL 2008-08-01 06:26
1 av 1 kolli Opplastet for utkjøring.     SOGNDAL 2008-08-01 07:30

Dei siste pakkane som Posten har frakta har gått frå Sandefjord til Oslo for å ta turen til Bergen, tilbake Sogndal og utover til meg. Turen med Posten tek minst 2 dagar eller opp til 3 dagar. Med Tollpost går pakken direkte og frakta er rimelegare enn hos Posten eg har det tinga ca. 24 timar etter det går frå Komplett. Eg får både i pose og sekk. Heretter blir det berre Tollpost som tel når eg kjøper ting frå Komplett eller andre butikkar som tilbyr dette.

Utpininga eller effektivisering, som det så fint vert kalla, av Posten har vore positivt for meg sidan eg har eit anna og betre tilbod. Stakkar dei som ikkje har same vala og må bruke posten samtidig som tenesta har vorte dårlegare. Minner meg mykje om den konkurranseutsette internett-tilgongen. Eg sit framleis med maks 1,5 Mb adsl. Her skjer det ikkje noko så lenge det ikkje er økonomisk levedyktig å bygge ut kraftigare kapasitet. AP og kompaniet har nok same fiolett/blå fargen i desse sakene som opposisjonen. Infrastruktur som eit verkemiddel for distrikta kan vi berre gløyme.

Tur: Dalhjedla

Henjadalen er ein rimeleg flat og lang dal som startar ved Kolabakken på Røysaleitet og fungerer som eit startpunkt for mange fine turar. Du kan parkere bilen ved Leikanger Barneskule (stadion) og gå derifrå. Dersom du vil kutte ned ca 2 km av turen, kan du køyre inn til bommen ved vassinntaket. Sjølv om bommen er open, er det ikkje lurt å køyre vidare. Berre grunneigarar har nøkkel til bommen. Det vil vere kjedeleg å bli ståande fast på feil side av bommen på returen.

Dalhjedla er ein gamal støl som er til nedfalls. Mange av løene har kollapsa og det som står att av sel og løer har ikkje lenge att før dei takkar for seg. Barnålplantene har festa sitt grep om det rydda arealet og graset blir ikkje slått eller beita ned.

Turen til Dalhjedla er kort og ypperleg for ein rask kveldstur eller like etter jobb. Du rekk akkurat å bli sveitt. Ikkje er turen så bratt og luftig som turen til Bjørgahaug. Dei med høgdeskrekk vil ikkje få problem. Frå bommen ved vassinntaket i Henjadalen er det ca 1 km å gå før du kjem til stien, på ca 500 m, som fører opp til Dalhjedla. Han er markert med eit lite treskilt som står i grøfta på traktorvegen som fører til Flya.

 

Tur: Flya

Henjadalen er ein rimeleg flat og lang dal som startar ved Kolabakken på Røysaleitet og fungerer som eit startpunkt for mange fine turar. Du kan parkere bilen ved Leikanger Barneskule (stadion) og gå derifrå. Dersom du vil kutte ned ca 2 km av turen, kan du køyre inn til det gamle vassinntaket. Sjølv om bommen er open, er det ikkje lurt å køyre vidare. Berre er grunneigarar har nøkkel til bommen. Det vil vere kjedeleg å bli ståande fast på feil side av bommen på returen.

Stølen Flya ligg berre 500 meter lenger inn dalen frå Fivelhola. Har du kjøpt fiskekort, hjå den lokale sportsbutikken, kan du ta ein dag med å fiske etter aurekjøer på begge plassane.

Frå bommen må du rekne med ca 1 time gangtid langs grusveg til Flya. Vegen er ikkje bratt og passar ypperleg til dei første trimturane før du gyv laus på dei brattare turane, som t.d. Skagasete, Lusaskard m.m. Det går fint å sykle. Starten og slutten på lengre turar til Kjeringafjell, Trastadalen, Friksdal og Fjærlandsete bli meir behaglege. Det er knapt noko betre enn å setje seg på sykkelen etter 5-6 timar og rulle heim den siste, men dryge, halve mila.

Frå Flya kan du velje å gå på vestsida av dalen fram til Friksdalen eller på austsida og anten gå opp Reiseta til Fjærlandsete eller halde framover dalen til Åsenosi og koma opp i Trastadalen eller i Myrdalen.

Historiske bilete frå før kraftutbygginga

Høgkulturelt blodbad

Eg har sidan den første Batman-filmen syntes at Tim Burton sine filmar har vore interessante. Dei formidlar ei spesiell stemning som er litt meir dyster og jordnær, om ein kan kalla det det.  Historia som han prøver å fortelje blir litt meir interessante enn ein standard Hollywood-produksjon, pakka inn i bomull og politisk korrekt uttrykk. Kombinasjonen Tim Burton og Johnny Depp i t.d. Edvard Saksehånd er uslåeleg. Det var lite tvil om at eg skulle sjå deira siste samarbeid: Sweeny Todd. No har eg ikkje så mykje kjennskap til musikalar, men eg hadde historia i svært grove trekk. Det byrjar bra med at Benjamin Barker aka Sweeny Todd returnerer til London etter 15 år i fangenskap. Uskuldig dømt av dommar Turpin som var interessert i kona hans. Han er oppsett på å få si hemn over dommer Turpin.

Sweeny Todd opnar barbersalong i sine gamle lokalar. Han skjer halsen av ein som gjenkjenner han og vil drive utpressing av han. Ho Sweeney leiger lokala av driv eit heller miserabelt kjøttpaibakeri. Omsetninga er stilleståande. Det endrar seg når ho finn på at ho kan bruke kjøttet til drapsoffera til Sweeny Todd. Forretninga blomstrar. Sweeny Todd riggar stolen sin og ordnar til ein fallem slik at han kan velte dei han har kutta strupen på ned ei gamal pipe slik at dei hamnar i kjellaren for partering og maling til kjøttdeig. På dette punktet startar blodbadet. Uskuldig etter uskuldig får kutta strupen. Det har ingen ting med hemna å gjere. Personane har ingen nærståande som vil etterlyse dei. Musikalmusikk og song samtidig som blodet sprutar frå offer etter offer i stolen til Sweeny Todd gjer det heile grotesk og makabert. Det er som natt og dag eller eld og vatn og passar ikkje i det heile. Historia endar med at Sweeny Todd får si hemn og tek livet av alle kjente personar som har kome han nær. Dommar Turpin, assistenten, den tidlegare kona hans som er tiggarkjerring, husverten sin som han kastar i omnen før han sjølv får strupen kutta av fattigbarnet, som husverten har teke inn.

Fiffen vil hevde at stykket gjer seg betre på teaterscena, men eg må sei at då har dei fått servert ei forestilling som til dei grader er pakka inn i bomull. Eg kan ikkje skjøne kva som er så stort med eit slikt stykke. Kombinasjonen historia saman med mjuk musikal-musikk er grelt, ja nærast motbydeleg. Sweeny Todd får John Rambo til å bli ein søndagstur i skogen. Eg vil ikkje høyre eit pip om voldsfilmar frå fiffen. Sweeny Todd er den blodigaste filmen og grellaste musikalen sidan eg såg From Dusk til Dawn og ein splatter-(blodsprut)film, som eg ikkje hugsar namnet på, tilbake på tidleg 1990-tal.

Eg er sikker på at ein eller anna plass sit han/dei som står bak musikalen og peikar nase til fiffen.

Pinnacle Studio 11 Plus – stabilt som eit korthus

Å sjå rå video frå kassett er lite interessant. Masse spoling for å finne rett opptak og klippa blir lange før det skjer noko. Det er risiko for bandsalat og originalen eller deler av han kan vere tapt for alltid. Kort sagt vart ikkje dei gamle VHS-banda brukte, kanskje ein gong i året eller sjeldnare.

For ca 3 år sidan kjøpte eg DV-kamera. Alt er digitalt og enkelt å overføre til PC. Eg berga gamle VHS-opptak over på DV-kassettar som deretter overførte til PCen og starta redigering for å få redigerte opptakut på DVD-plater. DVD-plater er mykje meir handterbare enn kasettar. Arbeidet du legg ned her betalar seg inn att i gjensynsglede med opptaka for både ein sjølv, slekt og vener.

No ber ungane ofte om å få sjå på opptak frå då dei var små. Med opptaka ordna kronologisk og gjerne delt inn på tema innafor ein dag, er det svært enkelt å finne fram ei plate og putte ho i DVD-spelaren. Ingen spoling og leiting etter video og sjå gjennom sekundar og minutt av uinteressant del av opptak. Jobben med videoredigering handterte eg med Pinnacle Studio 9 som eg heile tida har vore svært nøgd med. Filmar har vorte generert utan kvalitetsproblem.

Det siste året byrja DV-kamera å svikta. Det verkar som om det er eit eller anna med sensoren. Har kamera stått lenge av, vil det ta eit par minutt før eg får bilete frå kamera. «Spontanfilming» blir vanskeleg. I tillegg er kamera av 4:3-modell og ikkje 16:9. Filmar eg i 16:9 misser eg ein del horisontal oppløysing. Valet var å bruke reklamasjonsrett (5 år) eller kjøpe eit nytt kamera. DV-kamera får ein under 2.000, men eg ønskte meg eit anvendeleg kamera. Det er for kjedelig å spele over 60 minutt tape til PC. Valet stod mellom kamera med platelager (hard disk) eller med minnekort. Platelager vart eliminert fort. Skal ein ha eit kamera som skal vere med på litt av kvart, bør det vere minimalt med rørlege deler. Valet fall på Panasonic HDC-SD5 som tek opp på minnekort i AVCHD i opptil 1920×1080. I forhold til det gamle DV-kamera er kvaliteten superb. Einaste «ulempa» er at DV-video kan ein redigere på ei 3 år gamal maskin, AVCHD-video stiller svært høge krav til utstyret. Ikkje fjorårets berbare med Core 2 Duo strekk godt nok til. Her må Intel sine prosessorar med 4 kjerner fram. AMD sine Phenom-prosessorar er tregare samtidig som dei har eit høgt straumforbruk. Eldre AMD X2-prosessorar kan du berre gløyme.

Med kamera følgde ein testversjon av Pinnacle Studio 11 Plus. Erfaringane frå versjon 9 samt testing dei første 15 dagane syntes eg var bra og eg fann fram kredittkortet, men kor lenge var Adam i paradis?

Etter å ha brukt Pinnacle Studio 11 Plus første halvåret av 2008 kan eg ikkje sei noko anna enn at det har eit ok grensesnitt og innpakning. Brukarvenlegheita er god. Kva hjelper det når kjernen av programmet som skal generere filmen er av ytterst dårlegaste kvalitet? Sjølv med dei aller siste oppdateringane er Pinnacle Studio håplaust dårleg.

Kva er problema?

  • Pinnacle heng seg opp oftare enn noko anna program eg har nytta.
  • Rendering av film stoppar opp av uforståelege grunnar.
  • Overgangar blir rendert feil ved at eit bilete i overgangen blir hengande att til overgangen, på 1 sekund, er ferdig.
  • Pinnacle rapporterer om mpg-renderingsfeil ved eit eller anna bilete og stoppar.
  • Pinnacle generer av og til WMV-video som skal vere i 16:9-format til 4:3 (klemt saman).
  • Pinnacle heng seg opp når eg vel å legg på overgangar etter kvart som eg jobbar meg utover i klippa.

For å unngå problema i det siste punktet, har eg funne ut at det er best å justere klippa først og så legge på overgangar. Eg har slått av bakgrunnsrendering for å unngå evt. feil medan eg jobbar med ein film. Eg har køyrt programmet på fleire maskiner med akkurat same erfaringane. Problema er ikkje maskinvarerelatert.

Nokon vil kanskje hevde at det var AVCHD som var årsaka til dette problemet, men eg trur nok ikkje det. Har aldri opplevd problem ved lesing av AVCHD-filene i Pinnacle. Ein kamerat jobbar mykje med DV-band. DV-formatet er, etter deg eg har forstått JPG-bilete i sekvens med PCM-lyd. Det er ingen avansert dekompresjon som skal gjerast for å få materialet tilrettelagt. Han redigerar filmane i Pinnacle Studio-versjonar og køyrer sluttresultatet tilbake på DV-band for lagring. Med Studio 11 opplever han at han får blå bilete inne i filmane, dvs. at det er ein feil på renderinga av eit eller fleire bilete.

I helga har eg jobba med ein film på 23 minutt. Eg har ikkje tal på gongene Pinnacle har slutta å virke. Filmen er rendert x antall gonger med feil eller han har stoppa opp under redigering. Redigeringa tok ein dag, men renderinga har vorte forsøkt over 3-4 dagar utan eit godt nok resultat. Dette skjedde aldri med Pinnacle Studio 9.

Eg må konkludere med at Pinnacle Studio 11 Plus har ein alvorleg feil i renderingsdelen. Det er berre synd at slike feil aldri blir oppdaga i testar av eit produkt.